| Joker Værlandet | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Joker Værlandet (etab. 1. september 1999) flytta inn i sine nye lokale ved ferjeleiet
på Værlandet den 1. november 2003. Butikken femner over fleire funksjonar: daglegvarehandel; jernvareavdeling, småelektrisk, drivstoff, apotekutsal, tippekommisjonær og gåveartiklar, dessutan har vi pakkedepot for værlendingane. I tillegg finst der ein kaffikrok som vert nytta som venterom for dei reisande, og som ein høveleg stad til løysing av verdsproblem for alle dei andre. Den oppmerksame sjåar vil sikkert sjå ei dør og eit overbygg heilt til venstre på bilete. Dette er eit lenge etterlengta toalett tilknytta butikken og ferjekaia på Værlandet. Etter kva dei som etablerte ferjekaien sa, so var da ikkje behov for noko toalett her, då ein berre skulle bruke ferja til å reise herifrå. No viste da seg etter ei tid at mykje folk kom reisande hit ut til oss og. Trengande problem gjorde at naboane til ferjekaia blei meir og meir vande til å sjå bleike romper stikke ut bak annakvar busk. Dei har ikkje noko problem med da, men no har da seg berre sånn at da hadde ein tendens til å verte litt vel mykje overgjødsling etter kvart. Værlandet Handel tok her ansvar og bygde på eiga hand eit lite avtrede for både lokale og reisande. Eit sånt godt initativ har selvfølgelig fått eiga omtale her på heimesida. Joker Værlandet er og ein av dei næringsdrivande her i kommunen som har sett at heimesida for Bulandet Grendalag og Værlandet Vel er eit viktig bidrag for å profilere øysamfunnet vårt. Dei er derfor ein av sponsorane som gjer da mogeleg å drive denne heimesida. Oppdatert liste over vareutvalg og funksjonar finn du her Eigarane heiter Gunnar Hopen og Arnt-Henning Blom, og dei held ope måndag
til fredag frå klokka 10 – 17, |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Kunde nr. 100 000 Laurdag 23.06.07 var kunde nummer 100 000 innom butikken. Da var
Magni Blom som fekk den æra. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Presentasjon av butikken.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||