Nytt nærtoalett på plass Her har julenissen sett spor itte seg i ei trengd stund. Granska du dinna sida her so finn du nok svar.

Værgudane makta ikkje å legge nokon dempar på den feststemte forsamlinga som hadde stilt opp ved Værlandet Handel A/S for å vere med på den offisielle opninga av det nye toalettet .  "Det har vore ein lang kamp for å få dette på plass", seier vara til styret i VV Audun Oddekalv . Styresmaktene har meint at det ikkje eksistert nokon trong for eit offentleg toalett på ferjeleiet på Værlandet "Folk skal jo likevel heim!" har vore omkvedet. Værlandet Handel A/S har no fått på plass ei dritbra leigeavtale med Statens Vegvesen, slik at det no endeleg let seg gjere å få opp dette praktbygget.

"Det blir ei ny tid for øysamfunnet", seier ei glad og opprømt Torhild i ein kommentar. No slepp vi at tissetrengte turistar i si naud lurer rundt i buskane. No kan både turistar og fastbuande nyte godt av dei nye fasilitetane og ein kan trygt gå på land på øyane i vissa om at det finst rom for å gjere sitt fornødne i fred og ro.

No var du jammen skikkelig flink. Bokstavane i dag er: kriva