Bulandet Idrettslag.
Aktiviteter Bulandet
Idrettslag.
Årsmelding Bulandet
Idrettslag 2010.
Protokoll frå årsmøte 17.03.2011.
Styret i Bulandet idrettslag 2011 – 2012:
Leiar: Eivind Norstrand
Nestleiar: William Rogne
Sekretær: Kari Helen Blikås
Kasserar: Synnøve Melvær
Styremedl: Randi Fedøy Norheim
1.vara: Sissel K.Steinsvik
Revisorar:
Reidun Melvær
Asmund Melvær
Valkomite:
Oddlaug Norstrand (leiar)
Sigbjørn Halsøy
Anne Marie Graarud
Sofie Vatnøy Fedøy (1.vara)Bulandet idrettslag – medlemskontingent 2011
Medlemskontingenten er uendra frå i fjor og er delt inn i fem kategoriar:
A)
Barn under 18 år (aktiv) kr. 100,-
B)
Einsleg over 18 år (aktiv) kr. 150,-
C)
Familiekontingent (utan aktive vaksne) kr. 150,-
D)
Familiekontingent (med aktive vaksne) kr. 250,-
E)
Støttemedlem (ikkje aktiv) kr. 100,-
BIL sin konto er: 3740.07.02404. Merk
innbetaling med :
Kategori A, B, C, D eller E + namn og fødselsår på medlem(mar) i
husstanden.
Dette gjer det lettare for oss når vi skal sende årleg statistikk til
idrettsforbundet.
Vi ber om at dei som deltek på ein eller fleire av BIL sine aktivitetar er flinke til å betale medlemskontingenten. Vi registrerer at fleire ikkje har betalt siste år, men vi går ut frå at det skuldast ei forgløyming. Det er svært viktig at born frå Bulandet og Værlandet som er med på fotball betaler kontingent. Eit gyldig medlemskap dekkjer forsikring ved evt. skade på kampar.
Ei stor takk til alle som betaler kontingent, både frå støttemedlemmar og dei som nyttar eit eller fleire tilbod i idrettslaget. Kontingenten er ei viktig inntektskjelde for laget, og eit stort medlemstal gjev meir støtte frå Norges Idrettsforbund og ved søknader til bank m.v. Minner også om høvet til å støtte idrettslaget gjennom grasrotandelen via Norsk Tipping.
Aktivitetar i idrettslaget:
Bulandet idrettslag har desse tilboda: fotball, fotballtennis, volleyball og aerobic-trening. Treningstid- og stad finn du på heimesida til Bulandet og Værlandet. Har du forslag til andre aktivitetar kan du ta kontakt med nokon i styret.Her kan ein lese protokoll frå årsmøte 2010.
Her kan ein lese organisasjonaplan for Bulandet Idrettslag.