Årsmelding for Bulandet Idrettslag 2011
Styret:
Leiar: Eivind
Norstrand (på
val kvart år)
Nestleiar: William Rogne (på val i 2013)
Sekretær: Kari
Helen Blikås (på
val i 2013)
Kasserar: Synnøve Melvær (på val i 2012)
Styremedlem: Randi Fedøy (på
val i 2012)
1.vara: Sissel
K. Steinsvik (på val i 2012)
Styret sitt arbeid og representasjon:
BIL hadde årsmøte den 17.03.11. Styret har hatt 3 styremøter og
handsama 9 saker.
Kasserar
deltok på årsmøte i Askvoll idrettsråd i mars 2011 og vart vald som 3. vara i
rådet.
BIL arrangerte for første gong Jonsok Cup i Bulandet den
18.06.11 der bedrifter og andre frå Bulandet og Værlandet vart inviterte.
Målet med cupen var å ha ei uhøgtidleg samling med mykje moro på tvers av aldersgrupper. Miksa lag med maks 6 personar frå 8. klasse og oppover, og med minimum ein person frå det motsette kjønn.
Vandrepokalar til beste lag og til det laget som
hadde best show.
Bedrifter og lag vart utfordra til å stille i kostyme eller arbeidsantrekk, noko som var svært populært.
Cupen gav inntekt til BIL gjennom inngangsbillett (trekning av vinst på
billetten) og sal av mat og drikke.
BIL satsar på å arrangere Jonsok Cup i 2012 også.
Bulandet idrettslag, Værlandet idrettslag og Barnas Turlag
arrangerte nissemarsj i desember ved Værlandet gjesteheim. Arrangementet var
knytt til tenning av julegran.
BIL hadde stand på marknadsdagen
under Nordsjøporthelga i Bulandet/Værlandet første
helga i juli, der vi hadde tilbod om aktivitet for dei som var interesserte.
Det vart ikkje arrangert
fellessamling for idrettslaga i 2011 i regi av Askvoll idrettsråd.
Hausten-11 deltok BIL på møte og synfaring på idrettsbanene på
Værlandet og i Bulandet vedk. søknad om ballbinge. Det møtte representantar frå Værlandet Idrettslag, Sogn og Fjordane
idrettskrins, Askvoll idrettsråd og leverandør av ballbinge. Begge idrettslaga
vil jobbe vidare med planar om ballbinge i Bulandet
og på Værlandet.
Aktivitetar:
Aerobic – gruppeleiar: Turid Norstrand.
Har hatt to treningar pr. veke (måndag og onsdag frå kl. 19.00 – 20.30) i gymsalen på skulen. Styrketrening og uttøying
for vaksne. Oppmøtet kan variere frå ca. 10 – 20 personar. Deltakarane har med
vekter og matter sjølve. Har pause i sommarferien når
skulen er stengd.
Fotball – gruppeleiar: Bill Steinsvik.
Har hatt årsinndeling i to grupper:
ei gruppe frå 3. - 7. klasse med 10 – 16 deltakarar,
og ei gruppe frå
8. - 10. klasse med 4 – 9 deltakarar.
Gjennom heile skuleåret har det vore to treningar kvar tysdag frå kl. 17.15 – 18.30 og frå kl. 18.30 – 19.45. Treningane har vore på bana eller
i gymsalen på skulen.
Har pause i sommarferien når skulen er stengd.
Fotballgruppa
har ikkje delteke på kurs
eller turneringar i 2011.
BIL
v/fotballgruppa har hausten 2011 skaffa eit brukt kunstgras dekke til idrettsbana.
Volleyball 12 – 16 år. Gruppeleiar: Asgeir Torvanger.
Dette er volleyballtreningar
for dei som går i 7. - 10. årstrinn
på skulen, og som i 2011 fyller 12 til 16 år. Trening
ein gong pr. veke (torsdag) i gymsalen på skulen frå kl. 18.00 – 19.00. Er ein
aktivitet som føl skuleåret, med start etter haustferien og slutt i juni.
Volleyball vaksne over 16
år. Gruppeleiar: Asgeir Torvanger.
Trening ein
gong pr. veke (torsdag) i gymsalen på skulen frå kl.
19.00 – 21.00. Er ein aktivitet som føl skuleåret, med start etter haustferien
og slutt i juni. Stabilt og godt oppmøte, gjennomsnitt på 15 – 20 personar kvar gong frå Bulandet og Værlandet.
Fotballtennis vaksne over
16 år. Gruppeleiar:
William Rogne.
Trening ein
gong pr. veke (fredag) i gymsalen på skulen frå kl.
21.00 – 23.00. Halvårsaktivitet med start
medio oktober fram til sommarferien. Tida er berekna slik at elevar frå vidaregåande skular kan delta når
dei kjem heim til helgar. Stabilt
oppmøte med ca. 5 personar kvar gong.
Medlemmar i BIL:
Ved utgangen av 2011 var det registrert totalt 82 betalande aktive medlemmar i
laget og 23 støttemedlemmar. Det er fleire frå Værlandet som deltek
på fotball og volleyballaktivitetar i BIL. Laget må
ha fokus på at medlemsavgift vert innbetalt av alle born
og vaksne som nyttar BIL
sine tilbod.
Vedlikehald og investering:
Bulandet idrettslag eig fotballbana
med tilhøyrande utstyr (lyskastarar
m.v.) Utstyr- og salsboda ved fotballbana skal ferdigstillast med takstein/plater og innreiing. I 2011
kjøpte BIL
fire benkar frå Vevang produksjon til
Jonsok Cupen /idrettsbana. I tillegg fekk BIL eit brukt kunstgras dekke frå Hyllestad som skal leggjast på idrettsbana. I tillegg til tranportkostnadene
vil det bli utgifter til klargjering av bana.
Økonomi:
Laget har ein bra og stabil økonomi.
Grasrotandelen gjev god inntekt til laget. For å sikre fullfinansinering
av Bulandet badebasseng har BIL tidlegare sett av kr.
50.000,- i øyremerka midlar
til dette. I tillegg får bassengnemnda halvparten av inntektene frå
Grasrotandelen. Viss bassenget ikkje vert realisert
går øyremerka midlar samt
Grasrotandelen tilbake til idrettslaget.
Viser elles til kommentarer frå kasserar, rekneskap for 2011 og
uttale frå revisorar.