Aktivitetar
Bulandet
Idrettslag 2011:
1)
Aerobic
– gruppeleiar:
Turid Norstrand.
Har to treningar
pr. veke (måndag og onsdag frå kl. 19.00 – 20.30) i
gymsalen på
skulen. Styrketrening og uttøying
for vaksne. Deltakarane har
med vekter og matter sjølve.
Har pause i sommarferien når skulen er
stengt. Planen er å halde fram til hausten.
2)
Fotball
– gruppeleiar:
Bill Steinsvik.
Har hatt årsinndeling i to grupper: ei gruppe frå 3. - 6. klasse med
6 – 10 deltakarar,
og ei gruppe frå
7. - 10. klasse med 12 – 16 deltakarar.
Gjennom heile skuleåret har det vore to treningar kvar tysdag frå kl.
17.15 – 18.30 og frå
kl. 18.30 – 19.45. Treningane har vore
på bana eller i gymsalen på skulen.
I 2010 var dei minste med på to turneringar
i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrins. Den
eine turneringa var i Askvoll og den andre på Sande.
De eldste spelte serie gut 13/14 og 7ar fotball.
Det er vanleg serie system med heime-
og
borte kampar for gutar 13
og 14 år mot 4 andre lag i Sunnfjord. Her vart BIL nr 1.
Dei elste
var også med på to turneringar i regi av Volda IL og
Førde IL (Førde Cup). BIL
hevda seg godt på begge turneringar: dei vart nr. 4 i Volda og vann B-finalen i Førde.
3) Volleyball
12 – 16 år. Gruppeleiar: Asgeir
Torvanger.
Dette er volleyballtreningar for dei som
går i 7. - 10. årstrinn på skulen,
og som i 2011
fyller 12
til 16 år. Trening ein gong pr. veke (torsdag) i
gymsalen på skulen frå kl. 18.00 –
19.00.
Dette er ein halvårsaktivitet med start medio
oktober.
Volleyball vaksne over 16 år. Gruppeleiar: Asgeir
Torvanger.
Trening ein gong pr. veke (torsdag) i gymsalen på skulen frå kl. 19.00 – 21.00.
Er heilårsaktivitet som føl skuleåret,
med start i august og slutt i juni. Stabilt og godt
oppmøte,
gjennomsnitt på 15 kvar gong. Dette er eit skikkeleg breiddeidrettstilbod, dei
siste 5 åra har over 80 ulike vaksne
vore med på desse treningane. Er også tilbod om
trening i haust-, jule-, vinter- og påskeferien. Planen er å starte
opp igjen til hausten.
Fotballtennis vaksne over 16 år. Gruppeleiar: Asgeir Torvanger.
Trening ein gong pr. veke (fredag) i gymsalen på skulen frå kl. 21.00 – 23.00.
Halvårsaktivitet
med start medio oktober. Tida er berekna slik at elevar frå vidaregåande
skular kan delta når dei kjem heim til helgar. Veldig stabilt oppmøte med ca. 10 stk kvar
gong. Har aldri måtta avlyse p.g.a. for lite oppmøte. Er også tilbod
om trening i jule- og
vinterferie.
Planen er å starte opp igjen til hausten.