Årsmelding
for Bulandet Idrettslag 2010
Styret:
Leiar: Eivind
Norstrand (på
val kvart år)
Nestleiar: William Rogne (på val i 2011)
Sekretær: Kari Helen Blikås (på val i 2011)
Kasserar: Synnøve Melvær (på val i 2012)
Styremedlem: Randi Fedøy (på val i 2012)
1.vara: Sissel K. Steinsvik (på
val i 2012)
Styret
sitt arbeid og representasjon:
Styret har hatt 2
styremøter og handsama 9 saker. Styret har hatt eit møte med Værlandet
Idrettslag for å planleggje og arrangere Nissemarsj (NIF)
i fellesskap.
Kasserar
deltok på årsmøte i Askvoll idrettsråd den 12.03.10. ved Askvoll Fjordhotell.
Bulandet idrettslag,
Værlandet idrettslag og Barnas Turlag arrangerte nissemarsj den 28.11.10 ved
Værlandet gjesteheim. Arrangmentet var knytt til
tenning av julegran.
Askvoll idrettsråd
arrangerte fellessamling på Atløy (Herland) helga
29.- 30.10.10. Alle idrettslag
knytt til Askvoll idrettsråd fekk tilbod
om å delta. Nestleiar deltok på samlinga.
Aktivitetar:
1) Aerobic
– gruppeleiar:
Turid Norstrand.
Har hatt to treningar pr. veke (måndag og
onsdag frå kl. 19.00 – 20.30) i gymsalen på
skulen. Styrketrening og uttøying
for vaksne. Oppmøtet kan variere frå ca. 10 – 15 personar,
kan vere færre eller fleire.
Deltakarane har med vekter og matter sjølve.
Har pause i sommarferien når skulen er
stengt. Planen er å halde fram til hausten.
2) Fotball
– gruppeleiar:
Bill Steinsvik.
Har hatt årsinndeling i to grupper: ei gruppe frå 3. - 6. klasse med
6 – 10 deltakarar,
og ei gruppe frå
7. - 10. klasse med 12 – 16 deltakarar.
Gjennom heile skuleåret har det vore to treningar kvar tysdag frå kl.
17.15 – 18.30 og frå
kl. 18.30 – 19.45. Treningane har vore
på bana eller i gymsalen på skulen.
I 2010 vart det kjøpt inn
10 nye fotballar, kjegler og div. mindre utstyr. Har
pause i
sommarferien når skulen er
stengt.
I 2010 var dei minste med
på to turneringar i regi av Sogn og
Fjordane Fotballkrins. Den
eine turneringa var i Askvoll og den andre på Sande.
De eldste spelte serie gut 13/14 og 7ar fotball.
Det er vanleg serie system med heime-
og
borte kampar for gutar 13
og 14 år mot 4 andre lag i Sunnfjord. Her vart BIL nr 1.
Dei elste
var også med på to turneringar i regi av Volda IL og
Førde IL (Førde Cup). BIL
hevda seg godt på begge turneringar: dei vart nr. 4 i Volda og vann B-finalen i Førde.
Evt. utfordringar og planar vidare:
Vil fortsette å ha treningar
til samme tid framover. Vi klarer ikke å stille lag i år, men
håpar at vi kan stille igjen om eit
par år viss dei minste fortsetter å trene.
To av dei eldste trenar no med Atløy IL og to andre med Askvoll/Holmedal IL.
Anna: Vi hadde
også i år eit problem med at bortelaga
ikkje stilte til kamp i Bulandet.
Dette medførte at to kampar ikkje vart spelt, samt tap
av kioskinntekt.
3) Volleyball
12 – 16 år. Gruppeleiar: Asgeir
Torvanger.
Dette er volleyballtreningar for dei som
går i 7. - 10. årstrinn på skulen,
og som i 2011
fyller 12
til 16 år. Trening ein gong pr. veke (torsdag) i
gymsalen på skulen frå kl. 18.00 –
19.00.
Dette er ein halvårsaktivitet med start medio
oktober.
Det er mange barn i den
aktuelle aldersgruppa, godt over 30 stykk samla frå Bulandet og
Værlandet. Vanlegvis er det 12 - 14 stk kvar gong, der dei fleste er frå Værlandet.
Det har likevel fleire gonger vore ca. 6 stk, noko som gjer det vanskeleg å spele med fulle
lag. Sjølv med få deltakarar har det vore seriøse og gode treningar.
Utstyr,
utfordringar og planar vidare:
Dei store aluminiumsvegggfesta til nettet i gymsalen måtte reparerast eller erstattast med
nye. Vaktmeister tok dei med til
Askvoll for skikkeleg rehabilitering: fekk sveist på nye
nettfester,
laga nye løpehjul til nettet og retta ut stengene. Elles er det eit problem med
lite
oppmøte på trening av og til, det verkar som mange av
barna avtalar seg i mellom om
ein skal gå eller ikkje. Er likevel
planar om å starte opp igjen til hausten.
Volleyball vaksne over 16 år. Gruppeleiar: Asgeir
Torvanger.
Trening ein gong pr. veke (torsdag) i gymsalen på skulen frå kl. 19.00 – 21.00.
Er heilårsaktivitet som føl skuleåret,
med start i august og slutt i juni. Stabilt og godt
oppmøte,
gjennomsnitt på 15 kvar gong. Dette er eit skikkeleg breiddeidrettstilbod, dei
siste 5 åra har over 80 ulike vaksne
vore med på desse treningane. Er også tilbod om
trening i haust-, jule-, vinter- og påskeferien. Planen er å starte
opp igjen til hausten.
Fotballtennis vaksne over 16 år. Gruppeleiar: Asgeir Torvanger.
Trening ein gong pr. veke (fredag) i gymsalen på skulen frå kl. 21.00 – 23.00.
Halvårsaktivitet
med start medio oktober. Tida er berekna slik at elevar frå vidaregåande
skular kan delta når dei kjem heim til helgar. Veldig stabilt oppmøte med ca. 10 stk kvar
gong. Har aldri måtta avlyse p.g.a. for lite oppmøte. Er også tilbod
om trening i jule- og
vinterferie.
Planen er å starte opp igjen til hausten.
Medlemmar
i BIL:
Ved utgangen av 2010 var
det registrert totalt 75 betalte medlemmar i laget og 21
støttemedlemmar. Det er fleire
born og vaksne frå
Værlandet som deltek på fotball og
volleyballaktivitetar i BIL. Laget må ha fokus på at
medlemsavgift vert innbetalt av born og vaksne
som nyttar BIL sine tilbod.
Dette er særskilt viktig for dei som er med på
fotballtrening og kampar,
då kontingenten dekkjer forsikring ved evt. skade.
Vedlikehald
og investering:
Bulandet idrettslag eig fotballbana med tilhøyrande
utstyr (lyskastarar m.v.) Utstyr- og
salsboda ved fotballbana skal ferdigstillast
med takstein/plater og innreiing. Det kan vere
aktuelt
å kjøpe inn sitjebenkar/gruppertil heime- og
gjestelag som spelar kampar.
Det er kjøpt inn mindre
utstyr til fotballgruppa.
Økonomi:
Laget har ein bra og stabil økonomi. Grasrotandelen gjev god inntekt
til laget. For å sikre
fullfinansinering av Bulandet badebasseng har BIL tidlegare sett av kr. 50.000,- i øyremerka
midlar
til dette. Viss bassenget ikkje vert realisert går midlane tilbake til idrettslaget.
Viser elles til kommentarer frå kasserar, rekneskap for 2010 og
uttale frå revisorar.