Prisen blei delt ut i Flåm 21.10.2004

 

Heidi Kjempenes i Bulandet Grendalag og Astri Thorsen Landøy i
Værlandet Vel med fylkesprisen og fylkesordførar Nils R. Sandal mellom seg.


Dei held og ei takketale som du kan lese her.
Både ho Heidi og ho Astri er lærerinner og behersker norsk på ein framifrå måte
både skriftlig og muntlig. Talen er skriven på dialekt, derfor ser norsk

gramatikken litt merksnodig ut for utanforståande.

 

Sjå grunngjeving for prisen under her , kopiert frå
Fylkeskommunen si eiga side.

 

Fylkesprisen for idérike bygdesamfunn til

Bulandet Grendalag og Værlandet Vel i Askvoll

 

Øysamfunna Bulandet Grendalag og Værlandet Vel i Askvoll kommune vert

tildelte den første fylkesprisen til idérike bygdesamfunn.

Prisen som er på 25 000 kroner vert delt ut under fylkestinget i Flåm
torsdag den 21. oktober

 

 

Det var fylkesutvalet som i møte den 30. september 2003 vedtok å opprette ein
fylkeskommunal pris til idérike bygdesamfunn.
I innstillinga vert vinnaren skildra på følgjande måte:

"Øysamfunna lengst vest i fylket og landet er på ein måte komplette samfunn.
Her har folk vore nøydde til å ta hand om det meste, og dei har lært å stole på seg sjølve.
 Dei er sjølvmedvitne og både trur, og har vist at dei kan få ting til ut frå dei ressursar dei
rår over. Men dei er på ingen måte seg sjølve nok. Dei er utadvende, veit å skaffe seg
alliansar, og har synt stor evne til å trekkje kunnskap til bygdene. Tilflyttarar frå inn- og
utland blir helsa velkomne som viktige, både for næringsutvikling og for trivsel og eit
sosialt mangfald.

Den opne "stå-på-haldninga" har medført utvikling av ein sterk entreprenørskapskultur
der folk torer å satse og tenkje nytt. Sjølve karakteriserer dei seg som "Kjeringa mot straumen",
som trass i utkanthandikappet kan vise til god utvikling i næringslivet og vokster i folketalet
dei siste åra.

Sikkert med rette hevdar dei óg at ein viktig grunn til at folk trivst og vil bu i desse vestlege
øysamfunna er at dei har eit inkluderande fellesskap, med brei støtte og oppslutning om
dugnadsarbeid og basarar, uavhengig av om inntekta går til ungdomslaget eller indremisjonen.
Sjølve formulerer dei dette slik: "Det er viktig med takhøgd i eit så lite samfunn som det vi har."

Kontakt:

Egil Nestande, Landbruksavdelinga hjå fylkesmannen, telefon: 57 72 32 11

Velaug Veum, fylkesdirektør, regionalavdelinga i fylkeskommunen, telefon: 57 65 62 41,

mobil: 415 30 974


Forfattar: Henning Rivedal (14.10.2004)