TAKKETALE FRÅ BULANDET GRENDALAG OG VÆRLANDET VEL.

 

Vi lyt få takke juryen og Fylkestinget igrunn,
for fylkesprisen :”Det iderike bygdesamfunn”

Vi e gruele stolte og krye

For at de atter ein gong tok dåke brye

Med å påskjønne dei omflødde holmane våre,

Da e so vi mest lyt tørke ei tåre.

Først fekk vi bruer og veg, så heder og ære,

Vi bukkar og takkar med trøste og bere.

Folk ute i øyane e kreative og flinke, dei er

Positive, har humor og humør.

Det er kjekt at dette vert sett og at vi attpåtil får honnør.

Folk har flytta til og ikkje ifrå,

Det gjer ein ekstra gjire te å stå på.

So håpa vi at endå fleire vil slå seg til ute i ” landa”

Og at det då let seg gjere
å byggje mindre enn 100 meter frå stranda!

So må vi alle ynskje ulike næringsverksemder velkomne,

Vi kan ikkje leve av urørt natur åleine.

Det er berre i eventyra at folk ete steine.

Vi lovar å bruke prisen på noko nyttig og iderikt.

Vi skal ikkje spekulere han vekk på børsen eller slikt.

Kanskje vert det ein benk vi kan kvile på,

Kanskje eit høgtalaranlegg so alle kan høyre og forstå.

Vi får sjå!

På vegne av Værlandet Vel og Bulandet Grendalag:

TUSEN TAKK, vi e kjempestolte i dag.

 

 

                                                   BG & VV

                                                        Heidi Kjempenes