Årsmøte i  Bulandet Grendalag  24.03.07

 

Møtestad: Ungdomshuset

Deltakarar: Heidi Kjempenes,  Kurt Rutledal, Anne Britt Sandøy, Frank Hatlø, Eva Solum og Randi Fedøy frå styret i grendalaget. 

Bente Hillersøy, Tore Hillersøy, Bill Steinsvik, Asle Fedøy frå bassengnemda

25 stykker utenom styret og bassengnemd

 

 

Årsmelding. 

Kurt las opp årsmeldinga utan at da vart nokre protestar i salen, so då blei den godkjent.

 

Reknskap
Anne Britt la fram reknskap og refererte til dei viktigaste postane. Da blei ingen protesta her heller, so reknskapet blei godkjent.

Heimesida føre eige reknskap, som ligg på heimesida, og eigen konto for Nordsjøporthelga er oppretta.

Skal sjekke vedlikeholdsavtalen med Norsk Luftambulanse angåande vedlikeholdsutgifter for hjartestartaren, då grendalaget betaler nokre vedlikehaldsutgifter her som dei kanskje ikkje skal.

 

Velkomstpolitikk
Det er arbeid i gong for å lage eit opplegg der innflyttarar til kommunen får ei god velkomst.
Grendalaga i kommunen har vorte oppmoda om å komme med innspel her. Her har Heidi og Linda laga ei felles presentasjon frå øyane våre, som dei har vist for kommunen.
Heidi  gjekk gjennom  presentasjonen ho og Linda viste for kommunen.

Presentasjonen medførte stor applaus og mykje åtgaum frå salen.

 

Badeplass

Kontrakt mylja grendalaget og Audun og Marit Grepstad er undertekna.Badeplassnemd  er valt og består av Heidi Kjempenes, Frank Hatlø, Eli Sandøy og Torunn Kvaløysund. Badefjera vert lånt vederlagsfritt for 5 år i slengen. Badeplassnemda skal finne ut korleis vi vil at da skal sjå ut, og kallar inn til dugnad.

 

Info om Ferje/ anbod

Veit ikkje dato, men da vert anbod i år. Heile Askvollbassenget skal ut på anbud. Grendalag og kommune skal få være med i prosessen seiast da, og da håpa vi er realiteta og.

Grendalaget vil arbeide for fleire avganger og betre ferjematriell framfor gratisferje.

Innlegg frå salen med informasjon om Fedje- sambandet sin kamp for fleire ferjeavgangar. Dei har no ti daglege avgonger.

 

Veglys

Stadigt har vi store delar av veglysa våre utan lys. Da skal fiksast, men da går tregt og dei som skal fikse da er so opptekne med andre ting at dei ikkje har tid. Folk vert oppfordra til å ringe til teknisk etat og mase, da er da einaste som hjelp.

 

Nordsjøporthelga
Info om det som står i programmet, som ligg på heimesida. Da nye er at Norsk Airlift sikkert kjem med helikopter , der folk mot eit lite vederlag kan få seg ein fyketur. Nordsjøportnemda består av Frank Hatlø, Frida melvær, Reidun Melvær og Kristin Nikøy.

 

Hjartestartar
Gratisavtale forlenga med eit år

 

Skotland / Shetland
Info om samarbeidet med Skotland og Shetland. Ditta vil fortsette heile 2007 og.

 

Dugnadsliste vedrørande plenklypping

Klypping av plen rundt aldersboligen. Randi Fedøy heng opp liste på butikken som ivrige klypparar kan melde seg på. Lista kjem opp i begynnelsen av mai.

 

Heimeside
Heimesida lever i beste velgående enno. Lesarantal pr. døgn ligg på rundt 150 i gjennomsnitt, vert da litt krangel og spetakkel på gjesteboka som fyk antal lesarar opp i øve 300 stykke. Vi er særs godt nøgd med sponsorar og engasjement frå lesarane. Vi har kjøpt webkamera som vil komme på lufta straks vi har fått da til. Kamera vert vanligvis ståande på ferjekaien på Værlandet, men kan flyttast dit det er behov. Programmet vi bruker for å oppdatere kan verte sperra snart, so vi kjempa for å lære oss nye måta å gjere ting på.

Heimesida mottok stor applaus og mykje åtgaum frå salen, so den mannlege heimesideskrivar nesten vart rørt til tårene. Men han tok seg fort innatt.

 

Drosje
Grendalaget ber kommunen om å lyse ut drosjeløyve i øyane. Må også kunne ta sjukebåre transport. Framlegget til kommunen skal takast i samarbeid med Værlandet Vel.

 

Val
Heidi gjenvald som leiar. Anne Britt gjekk av som nestleiar og kasserar.  Rune Thisten kjem inn i styret. Styret konstituerte seg etter årsmøtet og her vart Rune Thistel vald til kasserar og Frank Hatlø til nestleiar.

Alle vart gjenvalt med stor applaus. Anne Britt fekk stor applaus og, ikkje fordi ho gjekk av, men for alt da gode arbeidet ho har lagt ned for grendalaget.

 

Brannvern
Frank informerte. Brev sendt , men vanskelig å få svar. Brannstasjon på ferjekaien på Værlandet er ett alternativ, men det blir for lang utrykningstid til Bulandet derfrå.
Eit alternativ som har vore oppe i Teknisk utval er brannstasjon i Landøy-krysset. I og med overnattingsplass i gamleskulen på Værlandet so må da være brannstasjon på Værlandet, og Landøy krysset er då beste alternativ for å dekke Bulandet og.

Frank jobber hardt med saken. Det er ikkje holdbart med så lite utstyr her ute i Bulandet, og vi treng eigen brannstasjon.

Brannpumpe står på Askvoll men dei vil ikkje ta den ut i øyane før da er hus å ha den i.

Brannvernsaka skal opp i fellesmøte med Værlandet, og so vert da møte med kommunen.

Vert da brann so ring 110 med ein gong, helst før då utrykninga tek si tid.

Eventuelt

Det var møte i Askvoll 21. mars med presentasjon av alle grendalaga i kommunen

Siste helga i mai kjem biskop Hagesæter på besøk, igjen.

 

Bassengnemda

Bill fortalte om kva som skjer med bassenget og viste presentasjon på overhead. Presentasjonen finnast på heimesida og, men filene er store so ein treng stor tålmod for å få dei opp. Arbeid for å samle inn 1,5 million for å få opp huset pågår for fullt. Det er berre  tilsagn om støtte foreløpigt, betaler ingenting før fullfiniansert og bygging kan starta. Største utgift er oppvarming men vi får spillvarme frå Fiskeindustrien, så vi skal sleppe forholdsmessigt rimeligt frå da. Konsulentutgifter 1 mill, men ein er nøgd å nytte dyre konsulent tjenester for å få ditta til. Tirsdag 27. mars kjem folk frå fylket ut, samt Lene Gjeldsvik frå kommunen. Då vert da møte om bassenget, og er alle samd om at vi vil ha basseng so vert da full fokus på å få basseng. 1.sept er frist for å søke spelemidlar, og innan den tid so håpar bassengnemda at alt er klart for å sende søknad. Bassengnemda sprudla av optimisme om at ditte her skulle gå fint, og at bassenget vert ei realitet om ikkje so brått. Får ein finansieringa iorden so er da ikkje urealistisk at bygginga kan starte allereie neste år.