Årsmelding for
Bulandet Grendalag
2006
Styret og nemder i Bulandet Grendalag 2006
Styret:
Leiar: Heidi Kjempenes
Nestleiar: Anne Britt
Sandøy
Styremedlemar: Randi Fedøy
Frank Hatlø
Kommuner repr.: Arne Fedøy
Vara kommune
repr.: Reidun Melvær
Vara styremedl.: Eva Solum
Per Arild Tysse
Frank Hatlø
Jardar Melvær
AnitaRogne
Kasserar: Anne Britt Sandøy
Skrivar: Kurt
Rutledal
Valkomite: Ruth Sandøy
Bente Hillersøy
Arild Rogne
Revisorar: Irene Tysse
Pippi Rogne
Nemd for markedsføring av Nordsjøporthelga:
Reidun Melvær
Frida Melvær
Frank Hatlø
Kristin Nikøy
I året 2006 hadde
grendalaget 4 styremøter, i tillegg hadde ein 1 årsmøte. Det har og vore eit
par fellesmøter med Værlandet Vel. I forbindelse med kronprinsparbesøket var
det mange møter der berre leiarane var tilstades.
Det har og vore oppsummeringsmøte med turistnæringa og kommunen, samt med
kommunen og grendalaga i andre bygder i Askvoll Kommune.
Saker som har
vore handsama dette året:
Rutetider:
Ferjesambandet skal ut på anbod i 2007.
Da har vore kjempa med å få bedre rutetider og ferje heile 2006. Aksjon for å
markere kva vi meiner om å få Fjalir har det vore, og da blei tydelig profilert
i media og ellers, kva vi vil ha. Så får vi berre sjå kva som kjem ut av
anbodet.
Det har vore møte
med samferdselsutvalet på Leikanger om rutetilbodet til Alden og Sandøy saman
med rådmann Vorland.
Nordsjøportfestival: 1. helga i juli blir det arrangert festival igjen,
Bulandet Grendalag saman med Værlandet Vel . Denne gongen vert hovudarrangemanget
i Bulandet. For program kan ein kikke på heimesida.
Velkomstpolitikk: Grendalaget har involvert seg og bidrege i kommunen
sitt opplegg for å lage ein god velkomst til nye innbyggarar i bygda.
Kronprinsparbesøk: 5. september var det besøk av kronprinsparet. Alle
involverte gjorde ein strålande jobb og alt gjekk etter planen og Bulandet blei
flott profilert.
Vakre vegars pris: Grendalaget var
vertskap då Statens Vegvesen fekk tildelt vakre vegars pris.
Heimeside: Heimesida
lever i beste velgående enno. Lesarantal pr. døgn ligg på rundt 150 i
gjennomsnitt. Vi er godt nøgd med sponsorar og engasjement frå lesarane. Vi har
kjøpt webkamera som vil komme på lufta straks vi har fått da til. Kamera vert
vanligvis ståande på ferjekaien på Værlandet, men kan flyttast dit det er
behov. Programmet vi bruker for å oppdatere kan verte sperra snart, so vi
kjempa for å lære oss nye måta å gjere ting på.
Skottlandsamarbeid: Samarbeid med skottar har pågått i fleire bolkar heile
året. Utvekslinga går begge veier. Utveksling av idear når da gjeld turisme og
ressursar, samt starte prosjekt som kan
gi økt sysselsetting og inntjening for næringslivet. Tett samarbeid med
Værlandet Vel.
Samarbeidet med Skottland og Shetland vil fortsette neste år.
Badefjere: Grendalaget har involvert seg i å få formelt låne
badefjæra i Gjørøyna til allmenn bruk. I tilfelle vil Grendalaget sørge for å
oppjustere området og tilrettelegge med bord, benkar, søppelspann og ellers alt
som høyre til i ei familievennlig badefjere.
Brannvern: Har sett i gong arbeid for å få på plass
brannvernutstyr og ei ny branngruppe. Frank er pådrivar her
Hjartestartar: Eiga gruppe
sett ned, med Synnøve Melvær som leiar.
Bokkafè: Grendalaget arrangerte bokkafè i skulen der Trond Strømgren heldt
føredrag