Her er link
til Veikingkonvoien.
Grunnlaget til reportasja starta eigentlig under
Nordsjøporthelga i 2006.
Då var heimesideskrivarane so frimodige at dei spurte generalen for
Veikingkonvoien, Vidar Nupen, om sponsormidlar til å kjøpe webkamera.
Veikingkonvoi-generalen var velvilligheita sjølv, men
heimesideskrivarane hadde ikkje peiling på webkamera so da rant liksom
ut i sanden.
Lokale sponsorar har i myljatida bidrege med sopass mykje midlar
at heimesideskrivarane har gått til innkjøp av web-kamera likevel. Utan
at vi har meir peiling på webkamera av den grunn, men da kjem seg.
So fekk dissa heimesideskrivarane eit nytt frimodigt øyeblikk øve seg
att, og forespurte Generalen for Veikingkonvoien, Vidar Nupen, om da var
litt sponsormidlar å få.
Da var nok ein gong velvilligheita sjølv vi møtte, og brått stod da
10-tusen kroner på kontoen til heimesida, frå Veikingkonvoien.
Heimesideskrivarane var heilt overvelda øve ei so stor sponsorgåve på
ein gong, og da vart fort bestemt i heimesideskrivarstyret at dissa
pengane skulle verte brukt til noko skikkeligt fornuftigt og at vi måtte
lage eiga reportasje om saka.
Ellers må da nemnast at alle sponsorgåver vert brukt til noko skikkeligt
fornuftigt, og at vi er like glade og fornøgde med alle sponsorane våre.
Sponsorane finn ein forresten på
sponsorsida vår.
Er da nokon som vil ha ekstra profilering so stille vi sjølvsagt opp.
Nok om da.
Her starta liksom reportasja om då heimesideskrivarane reiste til Florø
for å motta sponsormidlar frå Veikingkonvoien.Fredag den 13.april
2007
Alle har komme seg ombord i ferja.
Dei potensielle framtidige heimesideskrivarane, Sofie og Johannes, vert
fortalt kor hardt da kan være å verte framtidige heimesideskrivarar. Vi
fortel om mediakjøyr og korleis ein skal forhalde seg til krevande
sponsorar.
Dei framtidige heimesideskrivarane bryr seg ikkje so mykje om kva vi
seie, og da er nok sikkert like greit for dei noverande
heimesideskriverane har ikkje peiling om kva dei prata om sjølv i so
måte.
So er da ein kort stopp i Førde.
Den kvinnelege heimesideskriverska har glømt toalettveska heime og den
framtidige heimesideskriverska må ha nytt badetøy. Den mannlege delen av
heimesideskrivarane beheld fatninga so godt dei kan, og roa seg ned med
å ete bolla og studere skumle PC-spel.
Veiret er fint, og turen vidare til Florø går like fint.
Laurdag den 14.april 2007
Dei framtidige heimesideskrivarane hadde fått lovnad om å få bade i
Havhesten so mykje dei vil, og den lovnaden utnytta dei seg til fulle.
Da var full aktivitet i nesten 4 tima, og vel so da.
Itte badinga so måtte alle ha litt mat i skrotten.
Heimesideskrivarane viste då at vi skulle møte sponsorar og media på ein
plass i Florø som hette "Hjørnevikshagen" eller noko sånt. So vi la like
godt veien dit, for å gjere seg kjent liksom.
Itte 4 timar med assorterte aktiviteta i badebasseng og mat, so gav dei
framtidige heimesideskrivarane klart uttrykk for at no var dei fornøgd
med dagen. Noko mediapress og sponsoraktiviteta ville ikkje dei ha
noko av.
Denne gamle heimesideskrivaren og ho "ikkje fullt so gamle"
heimesideskriverska let då ungdommen få fri resten av dagen.
Da er ikkje berre berre for to truskyldige heimesideskrivarar å møte
sånt stort pressekorps, og sånne framande store sponsorar på ein gong.
Vi var nervøse både i haua og magen begge to. Nervøsiteten i haua er da
ingen som ser, og vi meina bestemt at da var ingen som hørte noko av
nervøsiteten i magen. Sikre er vi ikkje, men trur vi kom frå da med æra
i behold.
Frå Veikingkonvoien so var da generalen sjølv, Vidar Nupen. So var da
administerande direktøra eller noko i den dur. Vi fekk ikkje med oss kva
dei administrerte, men dei hette no Dag Magne Knapstad og Dag Roar
Bjerk. So var da Olav Hatlemark frå Firdaposten og Ivar Longvastøl frå
Firda.
Veikingkonvoien skrytte fælt av kor kjekt da var å ha folka frå øyane
våre med på konvoi. Dei laga god mat, hadde med seg god stemning og
flott musikk.Her er da vel Værlenninga og Aldeninga som har bidrege
mest, men æra går til alle.
Vi heimesideskrivarane var skikkeligt krye av å høyre kor godt bidrag
øyafolket her ute har gjort for å hjelpe til å få god stemning på
Veikingkonvoiane.
So var vi litt skjemde fordi ingen av heimesideskrivarane har vore på
Veikingkonvoi nokon gong, men vi klarte no å forbigå da i all stillheit.
Sponsormidlane vart øveført i 7 fullstappa sylteglas. Da var nokre
skruar og mutrar inn i mylja alle pengane, men totalen var 10-tusen
kroner. Skruane og mutrane har vi teke vare på i tilfelle da er ein
eller anna veikingbåt som må reparerast ein eller annan gong.
Da vart ikkje lagt nokon føringa på sponsormidlane, anna enn at da
skulle verte brukt til noko fornuftigt som gleda både Værlandet,
Bulandet, Alden, Ryggsteinen, Håsteinen og alt anna av øyar rundt
omkring her.
Heimesideskrivarane tek gjerne imot gode råd om kva vi må bruke
pengane på.
Vi er litt usikre på om vi skal bruke da på å utvide folketalet i øyane
eller gjere da kjekkare for dei som alt bur her.
Ein kombinasjon hadde kanskje vore da beste.
Vi har bestemt oss for å ha eit ekstraordinært heimesideskrivarstyremøte
om saka. Ellers vert no sjølvsagt alt som har med våre felles midlar
lagt ut på heimesida til diskusjon og kommentar.
So må da til slutt nemnast at heimesideskrivarane tek på seg å ta den
endelige avgjersla vist da skulle oppstå noko krangel i so måte.
So var møtet slutt og alle drog kvar til sitt.
Sundag den 15.april 2007
Da starta no med ny badeøkt for den kommande generasjon
heimesideskrivarar.
Johannes hadde so mykje gangsperr i skrotten frå dagen før, att han var
sikker på at hans siste dag var kommen.
Han skulle no i alle fall ikkje bade meir.
Itte 5 sekunda i bassenget so var alt glømt, og han såg mest ut som ein
propell som låg å dundra nedi vatnet.
Sofie merka ikkje noko av gangsperren frå dagen før og naut bassenget
frå fyrste sekund i dag og.
Badebassengets gleder varte ikkje so lenge i dag, sidan vi skulle
rekke 3-ferja frå Askvoll
Veiret var flott og alt gjekk i dundrande fart mot Askvoll.
So vart Johannes litt kvalm og vi stoppa bilen for å ta ein liten pause.
Då viste da seg at den gamle bilen til den mannlege heimesideskrivaren
er veldig lik eigaren. Da taut ut fislelyda alle veia, og lukta var
heller ikkje av da beste ein kunne tenkje seg.
Den einaste forskjelen var at da kom mykje kvit røyk framme frå motoren
til bilen, mens da enda ikkje har komme noko sånt frå eigaren av bilen.
Ikkje framme i alle fall.
Vi tok eit bilete av seansen, men då var sjølvsagt røyken ferdig med å
røyke.
Den kvinnelege heimesideskriverska såg med ein gong at her var da fleire
løysninga enn problem.
Mens den mannlege heimesideskrivar låg med rompa i veiret og kikka på
ein radiator som spruta vatn og damp, so fylte ho opp fleire vassflaske
frå eit myrhol som tilfeldigvis låg i nærheita. Etter eit par vassflaske
med grøne alger og store svarte biller, so var radiatoren so tett som
den aldri har vore.
So kom vi oss til Askvoll og ferja og heim.
Da var slutten på dinna reportasja.
Toyota'en til den mannlege heimesideskrivaren virka foresten enno, om
enn med ei eksotisk lukt av svidde grøne alger og kokte larver, biller
og kva da no enn heiter alt som bur nede i eit grunt myrhol.
SISTE 17.04.07 Toyota'en virka i 2 dagar til, før den kollapsa i
Bergen. No er den seld til Afrika, og har begynt nytt liv som taxi i
Nigeria.
Klikk ein gong på bilete so vert da større. |