| Begravelsen til høna Svanhild |
For å få med seg heile historikken om fjørkre'a på Vaineset so må ein nesten og lese om Alberta på havet , forsvinninga av Brynhild og åpning av Klukkebu. So har den kvinnelige heimesideskriverska vore innblanda i høne dramatikk ho og. Hausten 2005 kom da fire høne, ein hane, fire moskusender og ein kalkun til Vaineset. Dei kom frå Austevoll og Haugesund, og alder på dei var ukjent. Itte som tida har gått so har ein del av dei falle frå. Moskusendene var veldig folkekjær og gjekk gjerne innomhus vist dei ville ha selskap. Ellers sat dei ute på trappa og naut livet. Problemet var at da kom omtrent dobbelt so mykje ut bak, som dei åt. Når då turistsesongen begynte omtrent samtidigt med at da blei rapporter om fugleinfluensa, so var da ikkje so lett å ha fire folkekjære og trengde moskusender sitjande på trappa til rorbua. Dei gjekk då bort på grunn av blyforgiftning, kaliber 22. Kalkunen Rolf var ein særdeles snill og spesiell kar. Men da var opphausinga av fugleinfluensa samstundes med at turistsesongen starta som tok livet av han og, stakkar. Han sakna so sterkt selskap av ei vakker og nogenlunde fyrrig kalkunjente, at han remja og brusa med fjøra so snart da kom dagslys. Hønene var vant med han so dei brydde seg ikkje so mykje om remjinga og den påtrengande erotiske aktiviteten hans. Hadde han no berre vore litt diskre og heldt seg inne i skogen kvar gong han fekk eit erotisk anfall so hadde han nok levd enno. Men når han begynde å prøve seg på tobeinte nabo'a i all offentligheit so vart da litt sterk kost. Da er ikkje sikkert turistane hadde trivdast so godt med ein velvoksen erotisk kalkun som pirka dei dar dei helst ikkje ville pirkast i offentligheit. So dermed blei da kaliber 22 på kalkunen Rolf og. I ettertid og når den mannlege heimesideskrivar fekk tenkt seg litt om, so er han jammen glad at han ikkje er kalkun. So var da høna Brynhild som forsvant sporløst i lause lufta. Ho var frisk og rask og den tøffaste høne den mannlege heimesideskrivar har hatt nevane på. Endelikta hennars var nokre veldig koselige tyske turistar vi hadde på besøk. Dei koselige tyskerane hadde med seg ein liten gneldrete hund, med bart. Hunden trudde nok at den levde på 1940-talet eingong og oppførte seg deretter. Da siste som blei sett av Brynhild var at ho sprang fortvila nedøve mot sjøen men ei liten tysk hund, med bart, i hælane. So forsvant høna Lydia. Ho var nok veldigt gamal og mett av dager. Ho
og Svanhild var begge Jærhøner, og omtrent på same alder. Svanhild hadde
problem med beina på sine gamle dager, mens Lydia hadde problem med
fjærdrakta. Ingen av dissa tidligare innbyggarane av Klukke-Bu har fått nokon skikkelig begravelse, da dei enten fekk ein so brå og til dels "hemmelig" avgong frå livet at da ikkje høvde med begravelse, eller at dei rett og slett forsvann. Men no måndag 26.03.07 so fant ein Svanhild, mett av dage og veldig
død, i ein bakke ved sidan av Klukke-Bu. Da var Nicolai og Sindre
som fant ho, med Robin, Ole Markus, Viljar og Johannes hakk i hæl.
Bortgongen var i grunn ikkje uventa. Svanhild har vore veldig dårlig til
beins lenge. I da siste so har ungane leita itte snegla i skogen, når
dei fant snegla so bar dei Svanhild fram til snegelen. Når Svanhild
hadde fått snegelen i seg, so bar dei ho tilbake. Svanhild fekk ein høgtidelig og verdig begravelse klokka 17:15
den 28.03.07. Eit kvarter utsett på grunn av gjesta som var litt
forsinka. Under her kan ein sjå bilete frå sermonien. |
|
|