Alle innbyggarane i Klukke-Bu har flytta til dei evige hønsemarker.

Da er nytt håp.

So er Klukke-Bu historie. Dei tre siste innbyggarane har no flytta til dei evige hønsemarker, om enn noko ufrivillig.
Alberta, hanen Shaggy og sonen deira Torunnhøna levde lykkelige dager i all fordrageligheit i Klukke-Bu, inntil katten til Bjørn og Anne-Marie oppdaga dei.
Katten heiter Gråtass og er ein kastrert hannkatt. Da føl sikkert med ein del innstengde og uforløste frustrasjona ved ei sånn kastrering, og dissa frustrasjonane let han gå ut over hønene til heimesideskrivaren.
Katten er vistnok ellers både snill og grei påstår eigarane, Bjørn og Anne-Marie. Årsaken til att han oppføre seg slik som han gjere, er nok ein kombinasjon  av eit svakt minne om att høne er bra saker og dårlig oppdragelse i heimen.
Heimesideskrivaren vil ,i si godheit, oppfordre til att ingen mobba eller kjefta på Gråtass trass i att han har teke livet av dei fredelige og truskyldige hønene hans. Gråtass er trass alt berre eit produkt av oppdragelsen i heimen. Eigarane, Bjørn og Anne-Marie, kan de derimot få lov å mobbe og kjefte litt på, om enn i nogenlunde anstendige former.
Skal Gråtass verte mobba og kjefta på, eller lide ein smertefull og grusom død, så vil gjerne heimesideskrivaren ha gleda av å gjere da sjølv.

Gråtass starta med å jage Alberta på havet, og da var berre ein rask og resolutt redningsaksjon frå Atle Rogne som bjerga ho. Ditta gav tydeligvis meirsmak, og han venta berre på at heimesideskrivaren skulle reise på jobb neste gong, før han slo til att.
Fyrst forsvant hanen Shaggy.
Eit par dagar seinare  vart alle naboane vekt midt på natta av nokre grusomme skrik, og alle trudde da var eit mannedrap som foregjekk seg. Då hadde Gråtass fått hanekyllingen, Torunnhøna, inn under kaien og var i full sving med å massakrere ho.
Kyllingen Torunnhøna var av dinna moderne sorten som ikkje er so nøgne på kva kjønn dei er. Den sa kykkeliky og la egg om eit anna. Bilete frå dåpssermonien kan ein sjå her.
Naboen sprang til for å bjerge liv, klokka 4 om natta, men for Torunnhøna var da for seint. Ho Alberta stod midt oppe på kaien, besvimt i ståande stilling. Naboen bar ho tilbakers til Klukke-Bu, besvimt og stiv som ein pinne ( høna altso) .
Alberta kom seg aldri skikkelig til hektene, og nokre dagar seinare var den borte og.

Da var den sørgelige endelikta på innbyggarane i Klukke-Bu. Litt lenger nede her kan ein lese om den idylliske åpninga av Klukke-Bu.
Men heimesideskrivaren har ikkje tenkt å gje seg på tap. Nytt Gråtass-sikkert hønsehus er planlagt, og nye innbyggarar går å trakka nede på Austevoll klar til henting.
Eventuelle morderiske katta går ellers ei usikker framtid i møte dersom dei nye hønene vert trakkassert på same måten.
Den hønselause heimesideskrivaren tek gjerne imot eit trøstande ord i gjesteboka.

Klikk ein gong på bilde for å få dei større

Gråtass står ved døra og er klar til å springe ut for å la frustrasjonane sine gå ut øve truskyldige høns og ellers alt som kjem i hans vei

Bjørn såg dei olme auga til heimesideskrivaren og fant da best å passe ekstra godt på Gråtass som lenge heimesideskrivaren var i huset.

Gråtass-eigarane, Anne-Marie og Bjørn. Dei studera PC'n, og da forundra ikkje heimesideskrivaren om dei ser på ei side med oppskrift på hønseragu eller kva temperatur dei skal steike truskyldige kyllinga på.

 

Offisiell og høgtidelig åpning av hønsehuset "Klukke-Bu"

For å få med seg heile historikken om fjørkre'a på Vaineset so må ein nesten og lese om Alberta på havet , forsvinninga av Brynhild og begravelsen til Svanhild. So har den kvinnelige heimesideskriverska vore innblanda i høne dramatikk ho og.

Her er nokre bilde frå den høgtidelige åpninga av hønsehuset til eine heimesideskrivaren.
Åpninga føregjekk seg på onsdag 12.10.05 på Vaineset i Bulandet og hønsehuset har fått navnet "Klukke-Bu"
Da blei servert kake, champangebrus og kaffe og mange høgtidsstemte menneske hadde møtt opp for å overvære åpninga.
Innbyggarane av " Klukke-Bu" fekk so mykje oppmerksamheit som dei aldri har fått før, og som dei sikkert ikkje får seinare heller. So mykje oppmerksamheit fekk dei at dei knapt nok har komme seg etter sjokket enno.

Innbyggarane i "Klukke-Bu" er moskusendene "Donald", " Ole", "Dole" og "Doffen".
Hønene "Lydia", "Svanhild", "Brynhild" og "Alberta", desse er nøye overvåka av hanen
"Shaggy". Hanen ser sopass hippi-aktig ut at han og går under kallenavnet "Peace and love".
So til slutt har vi majesteten sjølv, kalkunen "Rolf"

Ho Pippi N.Rogne hadde til og med laga song for anledningen.
Alle vert oppfordra til å lære seg songen i tilfelle fleire høgtidelige stunder ved "Klukke-Bu".

Her er songen som har navnet " Klukkesong" og har melodi som "Pål sine høner"

"Kurt sine høner på haugen ut slepte
Minken var ute med rova so lang
Kurt han sette opp feller rundt buret
Då vart det fred, minken aldri meir sprang
Klukk,klukk,klukk sa hønene glade
Gakk,gakk,gakk sa Donald i badet
Rolfen han kneisa med nakken so kry
Hanefar Shaggy han gol høgt i sky

Vi ynskjer tilluke med dyra i Klukke
Håper dei vert dykk til signing og lukke
Vi vil takke for invitasjon
Til opning med sjampis og stor ovasjon
Klukk,klukk,klukk for hønene fine
Klukk,klukk,klukk for endene dine
So klukker vi og litt for Rolfen so kry
Og hanen som vekkjer ved Morgengry"

Er da nokon som mot formodning ikkje kan melodien til "Pål sine høner" so har heimesideskrivaren vært so behjelpelig å synge inn dei to første linjene på songen slik at dåke har ei lita rettesnor å gå etter.
Melodien --> Eg kan ikkje melodien og treng litt musikalsk hjelp frå heimesideskrivaren.

Pr. desember 2006 so er da berre Alberta og Shaggy som leve av dissa dyra her.
Pluss ein ny kylling. Her kan ein sjå litt bilete frå kyllingdåpen.
Men da kjem fleire og då vert da ny fest.


Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

 

Idyllen i Klukke-Bu har medført familieforøkning. Den mannlege heimesideskriveren sitt fyrste barnebarn har nett komt til verden

Mora "Alberta" , Johannes og den vesle som ikkje har fått navn enno

Her er Alberta borte for å sjekke om den vesle har det bra

So den stolte barnefar

Donald fremst og so ser ein Ole,Dole og Doffen i bakgrunnen.

Hanen Shaggy og hønene Lydia og Svanhild, samt bakenden på Alberta.

Kalkuna Rolf, fremst Shaggy og frå venstre Alberta og Brynhild.

Her held Stein-Erik på med forbereding til åpninga. Her ved matplassen so fekk navn " Kake-Bu".

So er Klukke-Bu klar til høgtidelig åpning.

Dei første gjestane har vagla seg opp utanfor "Kake-Bu" og er klar til kaker,brus og høgtidelig åpning.

Innbyggarane i Klukke-Bu vert nøye inspisert på forhånd.

So er da snart klart til åpning og tilskuarane har samla seg i bakken.

Stor spenning før åpninga.

Her er Johannes klar til å klyppe snora og stå for den offisielle åpninga.

Åpninga er herved offisielt eit faktum.

So må innbyggarane ut for å helse på folk, og motsatt.

Tarje med eit godt grep om Donald

Tarje, Viljar og Donald

Viljar og Lydia har funne kvarande.

Johannes og Svanhild

So er åpninga utført og da er servering i Kake-Bu

Masse folk hadde møtt opp for å overvære denne høgtidelige åpning

Her går da i kaker og brus.

Enda meir kaker og kaffi.

Tias og Steinar står og diskuterer høne. "Jammen va ho ei fine dære ho dar Lydia", "Nja eg syntest no Alberta va den fjelgaste eg "

Målfrid og Ruth diskuterer høner og haner og korleis dei skal stellast på best måte.

Fine jenter var det på åpninga og, her ved Mathilde og Wencke

Rolf hadde lyst på litt kake og, men som den forsiktige herremann han er held han seg litt i bakgrunnene. Rolf'en og heimesideskrivaren er i grunn ganske like i så måte.

Høgtidelig overrekkelse av gave frå butikken. Ein sekk med brød og boller til dei so klukka og Kinderegg til dei so ikkje klukka.

Mens innbyggarane i Klukke-Bu var ute og meska seg med godteri so overtok ungane hønsehuset.

Her er da full aktivitet på Klukke-Bu.

Rolf og Shaggy står og diskuterer om ikkje dei snart skal begynde å få ungane ut og hønene inn i hønsehuset.

Rolfen står og lurer på om ikkje festen snart er over slik at han kjem seg heim at.