Nordsjøportpasset

12.08.10
No har da vore vandalisering av boksen med bok, og da som ein klyppe med, ute på Halsøyhågen. Boka har vorte riven sund tidlegare og, men no er den stolen saman med da som ein klyppe med. Da er ikkje kjekt når slikt skjer, og vi håpa at da er folk vi ikkje kjenne som finn på slikt forbaska toskeskap. Da er i grunn løye at da finnast folk som har glede av å gjere slikt. Er da nokon som ser nokon som nauherja seg seg på boksen og boka so må de seie ifrå. Er de oppe på Halsøyhågen, eller andre plassa da er utplassert boksa, kan de gjerne sjå etter at alt er iorden, og sei frå vist da er noko som er ramponert. Dette er tredje gongen alt er rasert.
Berre sei frå til heimesida, så bringa vi da vidare.
Send mail til: webansvarlig@bulandet-grendalag.org


(Teksten er opprinnelig skreven av Anne Britt Sandøy)

Fyrste gåvekortet vart trekt Nordsjøporthelga 2009, og den heldige vinnaren vart Irene Bolstad frå Fyllingsdalen.

Fakta:


- Eit spesielt pass for Værlandet og Bulandet, som kan kjøpast og brukast på øyane. Målet med passet er å vise fram kva øyriket har å by på.

- Ved å samle nok stempel og klipp hos medlemsbedrifter og attraksjonar, kan passinnhavarane oppnå å verte æresborgar av Værlandet og Bulandet.

- Passet er gyldig eit år frå kjøpsdato. Når du kjøper passet, får du også med kart over øyane og ein spesialdesigna nøkkelring.

- Det fysiske beviset på at du er vorten æresborgar, er ei t-skjorte. I tillegg er alle æresborgarane med i trekninga om eit gåvekort.

Her er link til sponsorane av Nordsjøportpasset.

Her er link til kart som viser dei forskjellige plassane du kan oppsøke for å oppnå æresborgarskap.

Her er link til dei to fyrste i historia som har vorte æresborgarar av øyane våre.
 

Her ser ein kartfaldar, pass og nøkkelring som ein får når ein kjøper Nordsjøportpasset. Alt sirlig dandert på t-skjorta du får når du har gjort deg fortjent til å verte æresborgar.


Litt om reglane for  Nordsjøpasset.
For kvar gong du handlar, deltek på aktivitet eller besøkjer attraksjonane som er merka av i kartfaldaren, får du eit stempel i passet (klippemaskin ved attraksjonar, dei aktuelle plassane er merka med ei saks i kartfaldaren).

10 stempel eller klipp, der minst eit er frå overnatting, gjev deg status som Æresborgar av Værlandet og Bulandet og eiga spesialdesigna t-skjorte. Som Æresborgar er du med i ei årleg trekking  av eit gåvekort på kr 1000,- Du kan sjølv velje kva bedrift du ynskjer å bruke gåvekortet på. Du kan og verte æresborgar utan å kjøpe overnatting, men då må du ha 14 stempel/klipp.

Når du har oppnådd rett antal stempel /klipp kan du klippe ut den ytterste halva av stempel- og klippesidene i passet, skrive namnet ditt på siste sida i passet (som du då sjølvsagt også klipper ut) og sende inn til ein av bedriftene du har vitja. Du får då tilsendt t-skjorta som er ditt offisielle bevis på at du er Æresborgar. Du kan og levere inn bevisa til ein av bedriftene medan du er her.

Nordsjøportpasset er gyldig i eitt år, så det er ingen grunn til å gje opp om ikkje du klarar å få alle stempla/klippa du treng etter fyrste besøket ditt her ute. Vi ser deg gjerne att!

Nordsjøportpasset og oversiktskartet over bedrifter og attraksjonar på Værlandet og i Bulandet kostar kr 100,- og kan kjøpast hos alle dei 18 bedriftene på Værlandet og i Bulandet som står bak. I tillegg får du kjøpt det på Askvoll Fjordhotell.
 


(Foto Anne Britt Sandøy)

Her ser ein både framsida og baksida av t-skjorta ein kan få æra av å få. Framsida av t-skjorta er representert av Gunnar og Laila, som har stått bak utforminga av Nordsjøpasset. Marianne har for anledninga snudd ryggen til, men heimesideskrivaren må få lov å påpeike att framsida til Marianne er  like smilande og blid som resten av gjengen.
(Foto Anne Britt Sandøy)
Ein del smilande og blide representantar for bedriftene du kan besøke for å få stempel i Nordsjøpasset.