Dei fyrste æresborgarane av Værlandet.

Attende til Nordsjøpass sida

Til Nordsjøpass kartsida

Sponsorane til Nordsjøportpasset

Dei ærerike t-skjortene tek seg ekstra godt ut med Hege Nordland og Irene Bolstad inni.
(Opprinnelig tekst av Anne Britt Sandøy og artikkelen har tidligare stått i Firda, foto Gunlaug Gillesøy)

Hege og Irene er historiske.

Venninnene er utropte til dei første æresborgarane av Værlandet og Bulandet.
Det vart mykje trakking og gåing, sidan vi ikkje hadde med bil, men dette var kjempegøy, strålar Hege Nordland frå Sandnes.
Saman med barndomsvenninna, Irene Bolstad frå Bergen, vart dei to høgtideleg kåra til dei første æresborgarane av Værlandet og Bulandet. Det greidde dei ved å samle stempel og klipp i Nordsjøportpasset.

Sandøy og Alden
Vi samla klipp både frå Alden og Sandøy, i tillegg til sjølve Værlandet og Bulandet. Det var spesielt å reise med M/B «Øystjernen», den minste båten til Fylkesbaatane, ut til Sandøy. Skipperen ringte også til den einaste innbyggjaren som bur att, Oddny Urtegård Sandøy, og spurte om ho ikkje skulle inn til Bulandet på butikken når han likevel var der. Ho var ein skikkeleg sprek ungdom på 70 år, fortel Nordland imponert.
Turen opp på Alden var også ei oppleving. Damene var heldige og fekk reise med rogavlen «Makrelen», som var ute på sin første tur denne sesongen. Vi fekk jo klipp både der om bord og oppe på toppen. Og så den fantastiske utsikta då. Heilt ubeskriveleg.
Hege Nordland tek tydleg ansvaret med å vere æresborgar alvorleg, for eit slikt skryt av makelause og greie øybuarar, natur og opplevingar, kan gjere smålåtne urinnvånarar reint salige i blikket.

Stå klar med stempelet
På tre dagar greidde vi å samle 13 klipp og stempel. Det var eit klipp meir enn vi trengde, for å verte æresborgar sidan vi hadde stempel frå overnattingsbedrift. Vi hadde det kjempekjekt medan vi heldt på, og fekk ein flott ferie, eit friminutt av ei anna verd, fortel Nordland.
Ho skryt av ideen med passet, og trur at opplegget kan verte ein suksess, om berre medlemsbedriftene passar på å selje det inn til alle besøkjande.
Vi budde hos Gunlaug Gillesøy, som snakka entusiastisk om Nordsjøportpasset. Det gjorde at vi tente på ideen. Det er berre å håpe at de lukkast med prosjektet.
Stå klar med stempelet når turistane kjem, rådar Nordland.