|
Båtane deira: Sørebåt/ Listerbåt/ Skøytene og Kutterane(Sluppane) og Gavlane.
Øyfolket var
tidleg ute og skaffa seg «Sørebåt» sjølv om vi veit at dei gamle
tradisjonelle båtypene som seksering og slagkeiping var i bruk
heilt fram i det 19de århundre ja, so langt fram som i 1920- åra
vart seksæringen og slagkeipingen nytta i fiske på Værlandet,
men då mest til line-og snørefiske So tidleg som i 1881 ser vi
at fiskarane frå Værlandet som deltek i torskefisket frå Flåvær,
alle står oppførd med «Sørebåt».
Ut på 1800-talet
var «Listerbåten» så godt kopiert av båtbyggjeria nordetter
vestlandskysten, og også vidare nordover etterkvart, at det var
mest det same kor dei kjøpte båtane sine ifrå, sjøegenskapane
var mykje godt det same som på den ekte «Listerbåten». No var
ikkje alle gamlekarane heilt einige i det, for dei meinte at som
seglar kunne ingen båt måle seg med ein ekte Listerbåt. Det var
serleg i bidevind at dei merkte seg ut. Med ein ekte Listerbåt
kunne ein sigle mest rett imot vinden. Vi som ikkje levde i
denne segltida lyt berre tru dei på det dei seier, så slik var
det vel. |
|
|
![]() Båten "Lett". Bilete er teke ved Bua til Vesteråsane. Karane: Olai S. Kalvøy 1875 - 1950 og Sivert K. Værøy (Gamle-Sivert)1845 - 1923. Foto er utlånt av Werner Vesterås |
|
«Sonja» (Myramotoren), 30 fot - 10,4 fot - 4,2 fot -
, truleg bygd på Kvitsøy 1929. Motor : Ein 6 hk. Rubb. Eigarar
Bernt Henriksen Værøy og Ludvik Hittun. «Sonja» har
vi på bilete ifrå Værøyhamna 1935 der båten ligg fortøyd ved
Berntbua. Bernt og Ludvik eigde båten saman til hausten
1960 då Ludvik vart eineeigar. I 1966 vart båten seld til Oskar
Lilleholdt Bergen. «Hittun I» (Hittunmotoren) 29 fot - 9 fot - 5 fot -, bygd kravell på Værlandet 1934 av Bendik Bråstad. Motor: 7.5 hk Heimdal. Eigarar Bernt Hittun og sønene Johan og Andreas. I 1954 vart båten seld til Bendik Bråstad Leirvik i Sogn. «Viggo» 23 fot - 7 fot - 3 fot -, bygd i Landøy 1923. (Halfdan Landøy) Motor: 3 hk Viktor petroliumsmotor. Vinteren 1942 vart båten opphogd. «Sjømann» (Brosvikmotoren) Det var Bendik Bråstad som var fyrst ute med bygging av «større» båtar i Værlandet. Han bygde i 1930 ein dekka «søring», «Sjømann», på vel 32 fot, til Sverre Brosvik. Denne vart i 1938 ombygd og forlengd til ei skøyte på 38 fot som eg skriv om lenger framme under skøyter. «Sjøfuglen» Hakk i hel med Bendik var Jens Værøy med skøyta «Sjøfuglen» kalla Jensskøyta i daglegtale. Ho var 30 fot lang 10 fot brei og djupne på 4 fot. Bereevne 50 mål sild. Skøyta vart innmeldt til fiskebåtregisteret hausten 1932 og fekk same året innsett ein ny 7 hk Vickmann (Rubb). På bilete frå Værøyhamna kan vi sjå skøyta ligg ved Jensbua. |
![]() På dette bilete ser vi Jens-skøyta "Sjøfuglen". Nede på bilete til høgre ligg ho ved Jensbua. Bilete fått av Rune Thistel |
|
«Prosent» (Jensmotoren) Jens Værøy bygde båt så tidleg som i 1917, han var 18 fot lang 4 fot brei 2 fot djup. Bereevne 12 mål sild. Motor: 4 hk Meteor bensinmotor frå 1918.Eigar : Jens Værøy. «Svalen» Bror til Jens, Halvdan Landøy bygde to-tre år seinare ein dekka «søring» 32 fot lang 10 fot brei og 4 fot djup.Bereevne 80 hl sild. Det vart sett inn ein ny 7,5 hk Union. «Søringen» vart i 1941 ombygd til skøyte og vart innmeldt i fiskebåtregistert heilt i slutten på 1941,og fekk namnet «Svalen» I 1959 vart vert skøyta «oppdatert» med nytt styrehus og to år seinare også ny motor, ein 24 hk Marnadiesel. Tidleg på året 1969 vart skøyta seld til Elmar og Alfred Nordheim i Bulandet. Båtbyggjartradisjonen i Landøy var gamal, vi veit at Lars i Landøyna som budde på same jorda som Halvdan, hadde bygd fleire feringar. Ein av båtane han bygde er framleis i god stand og finnast i Gjervik på Altøy der oldebarnet til Lars har teke hand om han. Lars døydde i 1912. |
![]() Her er ein av dei feringane Lars i Landøyna byg. Det er truleg at båten som Kristoffer Ludviksen Værøy (Kristoffer i Hola) hadde, var ein Landøybåt. Han såg også akkurat slik ut. |
|
|
![]() Bilete av "Duen" i daglegtale kalla Rappen. Bilete er teke i Landøyna og det er Bjarne Landøy son til Johannes som sit til venstre. Bilete utlånt av Rune Landøy. |
|
«Signal» Kalvøyrubben kalla i daglegtale , vart bygd i
Håkonsund (Sund) i 1930. Kalvøykarane hadde på denne tida
motorbåten «Sverre» der Knut J. Kalvøy m. fleire. stod som red.
Den nye båten «Signal» er det brødrene hans, Jonas og Magnus
Kalvøy og systersonen Johan Landøy som stod som redarar.
Båten var 30 fot lang og 9 fot brei djupne i rummet 3 fot.
Bereevne 80 hl sild. Det vart montert ein ny 8 hk Vickmann
(Rubb) 1930. Båten var kravellbygd. På flyfoto frå
Værlandet 1961 frå Landøy, kan vi sjå Kalvøyrubben ligg fortøyd
ved bua til Johan Landøy. På 1880-talet var fiskarane frå Værlandet som tidlegare nevnt på Møre på torskefiske, dei står oppførde med «Sørebåtar», kor desse var bygde veit vi ikkje. Ein av båtane deira nokre år seinare, var båten «Fiskaren», som eg har omtala ovenfor, og som truleg er ein av dei eldste sørebåtane vi kjenner til, vart med oss langt inn i det 19nde århundre. Opphogd 1932. I fleire tiår i det 18nde århundre var det desse sokalla «sørebåtane» som dominerte flåten til fiskarane. Kring 1860 vart det vanleg å legge dekk i «Listerbåten» og etter kvart vart «Listerskøyta utvikla. Lenger nord på kysten på Møre og vidare nordetter hadde og «Listerbåten» teke mykje av plassen til «Sunnmørsåttringen» «Møringen» og «Fembøringen», her vart den nye båttypa kalla for «Listringen». Her vart det og lagt dekk i båtane, på same måte som lenger sør, der den vidgjetne «Listerskøyta» etterkvart vart utvikla. Vi har dokumentasjon på at «Listerbåten» var komen til øyane i slutten av 1800-talet. Ute i Bulandet finn vi Sandøybåten «Leif» på 27 fot bygd på Lista 1890 og båten «Fix» på 28 fot bygd på Lista 1898. Listerbåten «Fiskaren» på Værlandet var i bruk på Værlandet på 1880-talet, men byggeår er ukjendt. Det var truleg mange fleire av den båtypa både i Bulandet og Værlandet i det 18nde århundre, men desse vart ikkje fanga opp i noko register. Dei vart nok lagd i fjæra eller opphogde før fiskebåtregisteret vart oppretta i 1920. |
![]() "Linda": Listerskøyta museum viser skøyta "Linda" bygd på Lista 1907. 37,5 ' lang 12.8 ' brei 5 ' djup. Bilete utlånt av Skøytemuseumet på Lista. |
![]() "Kristina": Ei typisk Listerskøyte bygd på Lista 1917. 40' lang 12,5 ' brei 6' djup. Bilete er utlånt av Karmøy Fiskerimuseum. |
|
Vi har enno ikkje noko dokumentasjon på om fiskarane våre hadde dei populære «Listerskøytene» før århundreskifte, men tidleg på 1900-talet vert det innkjøpt fleire skøyter av denne typa til Værlandet, og den fyrste var truleg Myraskøyta:
Seglskøytene:
Seglskøytene -
Motorskøytene -Kutternane og Sluppane: |
![]() Skøyta "Flora" vart bygd i Hardanger mest på same tid som "Duen", som seglskøyte for lostjenesta på Utsira år 1907. Skøyta var 47 fot lang 15 fot brei og 7 fot djup. Det vart seinare sett motor i skøyta og ho enda opp på 1950 -talet hos nye eigarar i Sande på Møre. Her er skøyta på veg til lands under makrelldorgefisket på 1960- talet på Sør- Vestlandet. Noko nærmare vil vi truleg ikkje komme utssjånaden til Landøyskøyta "Duen". |
|
At Andreas S. Landøy hadde vore i England og kjøpt seg eit større seglfartøy er det vel få som kjenner til. Han kjøpte i 1912 kutteren «Zealus» av Yartmouth. Den var noko større enn «Velkom Heim», som Myrakarane hadde kjøpt året før. «Welcome Home» ca. 40 tonn, «Zealus»: 44 tonn. Båten var ikkje komen i drift dette året, for Værlandskarane for på «Doggeren» med «Velkom Heim» og «Duen» hausten 1912. Dette vart siste turen til Andreas. Kva planar han hadde hatt med»Zealus», og kvar den tok veien, har ein ikkje funne ut endå. «Svanen» (Nybøskøyta) Bygd i Farsund i 1902. Kravell og bygd som seglskøyte 45 fot lang 13 fot brei 7 fot djup. Bereevne 125 tønder. I 1913 vart det sett inn ein 15 hk. Aktiv Petroleumsmotor. Eigar: Mattias A. Værø. (Mattias Nybø). Skøyta vart seld til Gåsværet kring 1928 til Tormod Gåsvær. «Våren» vart bygd som seglskøyte i Sagvågen på Stord i 1909. Ho var 42 fot lang 14 fot brei og 7 fot djup. Bereevne 160 tønder sild. I 1914 vart det innsett ein 15 hk. Alpha. Eigarar:Johannes K. Melvær og syskeneborna hans, Knut Kalvøy, Einar Kalvøy og Anna Kalvøy (Landøy). Anna var enkja etter Andreas S. Landøy som hadde hatt «Duen» og «Zealus». Ein del av den fyrste seglmasta på «Våren» skal framleis finnast som bærar i driftsbygningen på jorda i Landøyna som Johan og Kristina hadde. I 1941 vart det innsett ein 25 hk. Wickmann, og Johan, son til Anna, overtok parten til Johannes K. Melvær. «Vega» (Aldeskøyta) Bygd som seglskøyte i Risør 1911 . Ho var 38 fot lang 14,5 fot brei og 6 fot og 6'' djup. Bereevne 130 tønder sild. Motor: 10 hk Norsk Danmotor 1914. Eigar: Johan F. Alden m fl. Historia om Aldeskøyta kan ein lese om i boka «Båtar med sjel I» av Malvin Toft (nytt opplag i 2010), der han tek føre seg historia om «Alda». «Norkap» ( Kappen) som han vart kalla, vart bygd i Romsdalen (år ukjent). Han var 36 fot lang 12 fot brei og 7 fot djup. Bereevne 80 tønner. Eigar: Andreas J. Landøy. Det stod ein 8 hk. Alpha Petroleumsmotor i båten då dei kjøpte han. Dei hadde hatt båten i mange år, og på eit verksted ,i 1921, hos ein A/S Gulowsen, truleg for rep. av maskina, kunne verkstedet legimitere at motoren deira var ein 14 Hk Alpha, og ikkje ein 8 Hk. Desse opplysningane gjorde til at størrelen på motoren vart retta på same året i fiskebåtregisisteret. Karane spøkte litt med dette i ettertid. Det A/S Gulowsen hadde funne ut gjorde desverre ikkje noko utslag på farten til «Kappen». Leitebrødrene Andreas og Tomas dreiv fiske saman på denne båten. Hausten 1933 vart Jonas Landøy og broren Knut eigar av sluppen. Faren deira Andreas døydde i 1921. Det gjekk ikkje alltid så fort å oppdatere merkerigisteret! I 1942 enda «Kappen» sin seilas i «Magnhildesenja» nord for Rånane. «Valder» Aldekutteren Klinkerbygd brønnbåt, bygd for segl i Romsdalen 1908. Han var 37 fot lang 11 fot brei og 5 fot djup. Bereevne 13 og 18/100 tonn. Eigarar : Mattias Alden og Olav Andersen. Kring 1920 sette dei inn ein 15 hk Norsk Normomotor. Denne motoren vart flytta over i «Vega» (Aldeskøyta) i 1926, og kutteren vart seld til Kinn.
«Velkom Heim» Bygd i Lowestoft i 1898. som seglfartøy kravell.
60.8 fot lang 16,8 fot brei 7.8 fot djup. Tonnasje 39,54. Det
var i 1911 brødrene Jens, Halvdan og Johannes reiste til Great
Yarmouth og kjøpte den engelske kutteren. Båten var fyrst og
fremst innkjøpt med tanke på makrelldorging i Nordsjøen, eit
fiske som hadde utvikla seg, og som Værlendingane
hadde delteke i på andre fartøy. Fisket føregjekk mest på grunna
rundt Doggerbank, og i 1911, det året «Velkom Heim» kom med, var
heile 399 norske fartøy med. Fyrste verdskrig sette ein
brå stoppar for dette fiske, men sildefiske på «heimebane» tok
seg opp og Myrakarane fiska godt med sildegarn. Det vart fortalt
at når dei skulle sette garna, og det var «damstille», måtte dei
sette ut småbåt og slepe kutteren. Det var eit slit utan like
,men dei tente godt. I 1916 hadde dei heile 2000 kr på lott på
nokre hektiske vinterveker,og det var litt av ein rikdom den
gongen. Dette året sette karane motor i kutteren, ein 50 Hk
Hein. Under det rike landnotfiske i 1930-åra vart kutteren nytta
som losjifartøy. |
![]() "Velkom Heim". Bilete er teke i hamna på Kalgrov i Solund under storsildfiske ca. 1930. "Velkom Heim" SF 31 A ligg midt på bilete. Bilete utlånt av Rune Thistel. |
|
|
![]() Motorkutteren "Alvhild" vest av Sandøy der dei hevar Hitra-skøyta "Jolly" som forliste der den 4 feb. 1951. Jenta på baugen er truleg Aud Værøy dotter til Magnus Værøy som var ein av dei som var med på berginga. Foto utlånt av Sigmund Blom. |
|
Flyfoto frå Værlandet 1961, «Alvhild» ligg ved «Dissberget» på vestsida av Værøyhavna. |
|
«Havsulen» (Edvardskøyta) Byggestad ukjend Kjøpt 1938. 32
fot lang 8 fot brei 5 fot djup. Bereevne 7 tonn. Motor: 8 hk Sterk frå 1918. Eigar: Edvard Værøy. Sterk-motoren var kjend si spesielle gonge, to slag og eit frislag. Det vart slik: Dunk – dunk – dult. Den sermerkte gonga i motoren i «Havsulen» vart lagt merke til, og det vart ikkje lange stunda før værlendingane, som vel vanleg, sette namn på skøyta. Namnet vart «Donkedulten». Edvard dreiv sildefiske på skøyta saman med brødrene og faren. I 1941 vart skøyta seld til Sverre Eikefjord. «Solveig» (Brosvikskøyta) Bygd i Hardanger 1911 kravell 50 fot lang 16 fot brei 7 fot djup. 23 og 82/ 100 R. Tonn. Motor 30 hk Avanse. Eigarar: Ivar Brosvik og Sverre Brosvik. Skøyta vart kjøpt våren 1941, og det var på denne skøyta Sverre og Ivar Brosvik og mange med dei, i eit av krigsåra, rømde landet den 23 August 1941. Knapt eit år seinare den 29 juni sende Ivar melding om at «skøyta er forsvunda». «Soløy» (Brosvikskøyta) Dette er det største fartøyet som vart bygd på Værlandet. 38 fot lang 12,5 fot brei og 5 fot djup. Bereevne 150 hl. Motor 10 hk Vickmann 1931. Eigarar: Ivar og Sverre Brosvik. Denne båten som Bendik bygde om 1938 var den tidlegare «Sjømann» som Bendik Bråstad bygde for Sverre og Ivar Brosvik i 1930. Ein spisstevna motorbåt på 32 fot med ein 10 hk Vicknmann motor. Dette førde til navneskifte på Brosvikbåtane. Den nye skøyta fekk namnet «Soløy» og gavlen «Soløy» som Bendik bygde til dei i 1935 fekk namnet «Sjømann». Bendik Bråstad vart gift i 1931 med dotter til Maria og Ivar Værøy. Han var frå Bøfjorden og flytta til Værlandet der han starta båtbyggjarverksemnd si, med bygging, reparering, og ombygging av fartøy. Han haldt mykje til i søre Kleivavågen, men var og rundt om i Værlandet og Bulandet med arbeidet sitt. Fleire Værlendingar, som nevnt tidlegare, var i arbeid hjå han: Per Nybø, Axel i Alda (Landsem) og Magnus Værøy. m. fl. Han hadde planar om kjøp av ei tomt i Kleivavågen for utviding av verksemda, men av ein eller annan grunn fekk han ikkje kjøpe, og for innatt til heimegarden i Bøfjorden og fortsette der.. Her bygde og ombygde han som vel kjendt fleire fartøy for Værlendingane. «Union», Diskus», Øyning og «Fram». Sverre Brosvik var ein av dei gode kundane til Bendik medan han var på Værlandet. Sverre veit vi kom til Værlandet i 1927. Bernt Hittun hadde på den tid søkt etter nye folk til å drive butikken i Hittunsbua. Sverre som nyleg hadde fullført eit handelskurs, var ute etter jobb. Handelsmannjobben i Hittunsbua fekk han, og kom soleis til Værlandet. Far hans, Olai Jakobsen Brosvik var jekteredar og jekteskippar og skulle vere den fyrste som sette motor i jekt. Båtar, frakt, og fiske, vart også Sverre mykje engasjert i fram gjennom åra på Værlandet. Den fyrste Brosvikskøyta «Soløy» vart seld om sumaren 1941 til Hans Nesje Hyllestad. «Trygg» (Vikaskøyta) Bygd i Hardanger 1941 som klinker. 36 fot lang 12 fot brei og 6 fot djup. Bereevne ca. 7 tonn. Bendik Bråstad rigga båten med dekk, rekker ruff og styrehus.og det vart montert ein 10 hk Union- motor. Eigarar Torfinn Melvær m. fl. Det var på denne skøyta vikarane, som dei fyrste vi veit om frå Værlandet, deltok i drivgarnsfiske etter makrell på Sør – Vestlandet i ein periode på 1940-talet. På bilete frå Værøyhamna 1949 kan vi sjå den grå skøyta ligg ved Vikabua. |
![]() Den grå skøyta "Trygg" ligg ved Vikabua |
|
«Borghild» (Moritzskøyta) Bygd på Svanøy 1912 som kravell seglskøyte. Kjøpt til Værlandet tidleg på året 1946. 43 fot lang 13,5 fot brei og 7 fot djup. Bereevne 12 Tonn. Eigarar: Torleif og Magnus Værøy. I 1935 vart skøyta ombygd og det vart innsett ein 20 hk Heimdalmotor. Ein sumardag i 1961 gjekk turen sør om Værlandet med kurs for Sølvøyvågen. Det var Moritz Værøy, son til Magnus, som førde skøyta den siste turen. Han var godt inne på å «gje motoren på skruen» og ville no sjå kva den 20 Hk Heimdalen var god for. Onkelen Torleif, som var med, stod framme på dekk og såg litt ottefullt på den svarte røyken og elden og gneistane som kom opp gjennom eksosrøyra, men han sa ikkje noko, det var siste turen likevel. Og det var krefter i den gamle Heimdalen som sparka godt ifrå seg før han vart stoppa for siste gong. Oppe i Sølvøyvågen på vestre sida vart «Borghild» køyrt opp i fjæra og enda sine dagar der. Heimdalen vart seinare henta til skrap. «Glimt» Den største båten som vart ombygd på Værlandet er truleg kutteren «Glimt» som egentleg høyrde til i Gulen SF 182 G. Båten var bygd i 1911 og innkjøpt til Gulen i fyrstninga av 1930 åra. Byggestad ukjendt. Kutteren var 40 fot lang 11 fot brei 7 fot djup. Motor 16 hk Hein. Eigar fyrst Ludvik Neverdal. Kring 1936-37 overtok yngste bror hans, Edvard Neverdal kutteren, og skifta ut motoren med ein 15 hk Union.. I 1943 vart båten ombygd med ny hud, nytt styrehus og rekker av Bendik Bråstad. Det vert fortalt at Edvard hadde tinga ein reperasjon på kutteren. Bendik skulle føre båten sør i Kleivavågen og legge til ved Nybøbua. Eit eller anna gjekk gale, og han fekk ikkje sette motoren i revers, og dermed bar det med god fart opp i fjæra sør for bua. Båten vart såpass knust at reperasjonen og «enden på visa» vart ombygging av heile kutteren. Kutteren vart leigd av Værlendingar til sildefiske, men ellers mykje brukt til transport hos handelsmann Sverre Brosvik som var svogeren til Edvard. Båten var i nokre år ofte å sjå i Værøyhamna. I 1946 gifte Edvard seg med Borgny Alvild Berntsdtr. Hittun, og vart no busett på Værlandet, men båten hans kom ikkje inn i fiskebåtregistert i Askvoll. «Glimt» vart seld på denne tid til Hans O. Rise Sygnefest. «Oberon» Bygd i Skottland 1907. Kjøpt til Norge i 1949 av Ivar Brosvik og Bernt Henriksen Værøy. Motor: 21 hk Cooper & Grieg Compound dampmaskin. Den tidlegare sildetrålaren vart straks ombygd til sildesnurpar i Sagvågen på Stord. Innmeldt størrelse 1950 var 92,11 fot og 18,5 brei og 9,8 djup. Motoren vart på same tid utskifta med ein overhaldt 120 hk Bolinder med fast propell. Bernt Henriksen gjekk tidleg ut som medeigar og inn kom bror til Ivar, Sverre Brosvik. I 1958 overtek Sverre heile båten og han fekk no namnet «Ringnes». Ivar overtek igjen kring 1960. Båten vart seld 1985 og fekk namnet «Nordom». Hausten 1990 vart han senka i djupet ved Jona fyr i Hjeltefjorden. |
![]() Bilete av "Oberon" Bilete lånt frå boka "Båtar med sjel II " av Malvin Toft m. fl. |
|
Lossementa deira: «Ternen» (Brosvikkutten) ( kalla «Skrellja»). Byggestad ukjendt. 46 fot lang 13 fot brei 5 fot djup. Bereevne 25 tonn. Motor 10 Hk Avanse 1931. Eigar: Sverre Brosvik. Kjøpt i 1931 til bruk som notlosjement. I 1939 overtek Ivar Brosvik kutteren og i 1941 vart «Skrellja» opphogd. «Høken» (Landøyskøyta) Bygd i Sverige årstal ukjent. Kravellbygd motorskøyte 44 fot 6'' lang 16 fot 6'' brei 5 fot 4'' djup. Brutto drektighet 13- 8/100 tonn. Motor: 28 Hk Brunvoll 1925. Skøyta vart innkjøpt som notlosjement 1937, og var stasjonert i inste Stroka. Eigar: Knut Landøy. Knut omkom i krigen, og i 1943 selde broren Johannes Landøy skøyta til Kristian Myklebust Skifjorden. «Forsøk» (Værøyskøyta) Bygd i Hardanger 1920. Kravellbygd seglskøyte 40 fot lang 14 fot brei 5.5 fot djup. Bereevne 150 mål sild. Kjøpt for kystfiske og notlosji 1920. Eigarar: Jens, Johannes og Halvdan Værøy. I 1932 vart motoren frå «Nilska» montert i «Forsøk» ein 14 hk Dansk Alpha frå 1916. «Forsøk» var i bruk nokre år, men var full av kolfyr og i 1942 vart det sendt melding til fiskebåtregisteret at «skøyta er ubrukeleg». Ho vart køyrd ut i Nordnessundet og sett opp i ei fjære vestom Grisholmen. På 1950-talet var det berre den ærverdige Alphaen som stod att i fjæra. «Årvak» (Henrikskøyta) Bygd i Ranen 1931. Klinker dekka skøyte uten motor 32 fot lang 10 fot 16'' brei 5 fot djup. Bereevne 100 hl sild. Kjøpt 1931 til losjement under sildefiske. 1932 innmeldt i fiskebåtregisteret. Eigarar: Henrik og Jonas Leite. I 1937 innsett ein brukt 20 Hk Grei frå 1924. Kring 1940 eigde Henrik skøyta åleine. På bilete frå Værøyhamna 1949 kan ein sjå skøyta ligg ved Leitebua. Kring 1950 vart skøyta seld til Bertin Søvik Straumshamn. |
![]() Skøyta "Årvak" ligg ved Leitebua. ( Den mørke skøyta). |
|
|
![]() Hittunsgavlen "Hittun II" der han ligg nord for Alden. Johan står på dekk og det er sikkert Andreas som bøyer seg ned på babord side av styrehuset. Det er truleg at bilete er teke eit par tre år etter krigen då karane var nord i Aldefjorden og spela opp kjetting og vire frå minebeltet som låg der. Tre andre båtar var med på opprasjonen. "Union", "Årvak" og "Alvhild". Dei kom oppatt med fleire lås med kjetting og masse vire. Johan brukte viren til bakfortøyning på gavlen i mange år. Kjettingen som Leitekarane berga vart og brukt til fortøyning. På dekket til "Alvhild" hadde dei fått opp ei minebeltebøye. Den vart lagd opp vest av Berntbua og rusta vekk der. Desse bøyene var mest ein meter i diameter og karane brukte dei mykje til å barke tau i. |
![]() Hittunsgavlen etter han vart ombygd og forlengd 1958-59. Bilete her er teke før dei i midten på 1960- talet skifta ut 20 hk Union med ein to sylinder 40 hk Vickmann (Rubb). |
|
«Jarl» (Aldegavlen) Det var ein open gavl på 28 fot 10 fot og 6'' brei og 4 fot djup. Klinkerbygd i Grane i Askvoll 1912. Bereevne: 80 hl sild. Registrert som landnotbåt. Det er truleg at ruffen med styrehus forut vart påbygd i 1932 i samband med at dei monterte motor i båten, ein 7 hk Wichmann frå 1930. Eigar Fredrik, Johan og Mattis Alden. (Johan var far til Fredrik og Mattis) Båten vart mykje brukt som skuleskyss i 1940 og 50-åra. Han enda sine dagar i ei fjære i Alden. «Soløy» (Gamle Brosvikgavlen) Motorgavl bygd som klinker på Værlandet i 1935 av Bendik Bråstad. 35 fot lang 11,5 fot brei 4 fot djup. Bereevne 150 hl sild. Motor 15 hk Union. Eigar Sverre og Ivar Brosvik. Eigedomen på Hamnaholmen som Sverre kjøpte under Vikajorda vinteren 1933 fekk namnet Soløy, difor brukte han fleire gonger dette namnet på båtane sine. «Soløy»: Båten vart bygd og rigga i Jaktenaustet på Værlandet der «Makrelen» står i dag. I 1938 bygde Bendik, som nevnt, om den fyrste «Sjømann» til ei skøyte på 38 fot og ho fekk namnet «Soløy». «Soløy vart, som nevnt tidlegare, seld den 26 juni 1941 til Hans Nesje Hyllestad. Den 3 feb. 1939 sende Sverre melding om at motorgavlen heiter no «Sjømann» Det var på denne båten 28 menneske den 2 august 1941 rømde over til Shetland. Den 30 juni 1942 sende Sverre melding til fiskebåtregisteret om at båten er forsvunnen. «Union» (fyrste Leitegavlen) Bygd i Hardanger 1928. Klinker 32 fot lang 9,5 fot brei 4 fot djup. Bereevne 100 hl sild. Motor: 10 hk Union 1930. Eigarar: Andreas Kalvøy, Johannes, Henrik, Tomas og Jonas Leite. Forliste under storsildfiske vinteren 1934 på Sjeljeskjeret nord for Værlandet. Dei hadde kasta ut landnota som dei eigde saman med Kalvøykarane. Øyretauet i nota rauk og gavlen enda på skjeret. Dei tok oppatt motoren som stod igjen på skjeret etter at båten vart knust. «Union» (andre Leitegavlen.) Bygd i Hardanger 1934. Klinker 35 fot lang 10,5 fot brei 5 fot djup. Bereevne 7,11 Tonn. Motor: 10 Hk Union 1930. (motoren som stod i fyrste Union). Eigarar: Andreas Kalvøy, Tomas og Jonas Leite. Kring 1936-37 overtek Jonas og Tomas Leite gavlen og Andreas går ut. Gavlen vart no lagd dekk i med rekker av Bendik Bråstad, og Jonas Kalvøy bygde nytt styrehus. Nytt merkebrev vart utskrive til Jonas og Tomas Leite dat. 2 nov. 1940. |
![]() "Union" (andre Leitegavlen). På veg ut Værøyhamna ein fin dag i sumarsildfiske. Dei har landnota ombord og landnotkaggar framme ved rekka. Kanskje dagen er 25 april 1948 då Landøygavlen "Fiskaren" og "Union" var på sildesyner saman i Sørværet og fann inste Skårvågen full av sild, og stengde av Vestlandets største sildekast det året. Heile 11000 skjepper tok dei opp i landnotkastet. |
|
«Fiskaren» (Landøygavlen) Bygd i Hardanger 1932. Klinker 32 fot
lang 8,5 fot brei 4,5 fot djup. Bereevne 90 hl sild. Motor: 8 Hk
Vestkyst frå 1925. Eigarar Jonas og Knut Landøy.
Karane overtok registreringsnummet frå gamle «Fiskaren» som eg
har skrive om, og som vart limma på denne tid. Leitekarane som
etterkvart hadde kvar sine notabåtar «Union» og nye «Fiskaren»,
og eigne notabruk, var framleis ein del saman på sildefiske. «Fiskaren» vart ein gong på 1960 -talet køyrd sør til Rånane der han enda sine dagar i Magnhildesenja. På flyfoto frå Værlandet 1961 kan ein sjå «Fiskaren» ligg i hund aust for bua til Landøykarane. «Fram» (Myrvåggavlen) har ei historie for seg sjølv. Båten var bygd i Hardanger som open klinker i 1936 og var på 34 fot lang 11,5 fot brei og 4 fot djup. Bereevne 110 hl sild. Harald Myrvåg m. fl. var eigar. I Vornesvika hadde skøyta «Sofia» no enda sine dagar og låg i fjæra der. Martin Landøy som hadde eigd i den var onkelen til Harald og motoren ein 11 hk. Alpha stod framleis i skøyta. Harald hadde fått lov hjå onkelen sin å demontere motoren og sette han over i den nye gavlen. Friskt ungdomsmot gjorde at dei fekk dette til, men motoren frå 1913 hadde nok gjort livsverket sitt og var utsliten. I berre godt og vel eit år stod Alphaen i gavlen og måtte vike plassen for ein splitters ny 14 hk. Heimdal. Harald omkom i krigen og det var far hans Theodor Myrvåg m.fl.som overtok båten. Ein gong på 1940-talet bygde Bendik Bråstad på gavlen eit bord og la dekk i han. I 1954 bygde Bendik båten om til kravell og nokre år seinare vart den fyrste Heimdalen utskifta med ein 20 hk av same merke. Bernt Hågøy var montormontør. Kring 1968 overtok Ingvar Landøy båten. |
![]() Myrvåggavlen "Fram" SF 28 A. Han ligg her i hamna i Egersund saman med kjende båtar som "Union" "Suløy" "Vidar I" og "Diskus", under dorgefiske etter makrell 1971. |
|
«Harald» (Kalvøygavlen) Klinkerbygd i Hardanger (Skogsvåg) 1930. Kring 1950 påbygd eit bord og lagt dekk . Bygd styrehus og montert ein ny 7,5 Union. Lengde 32,5 fot 13 fot brei og 5,5 fot djup. 1959 ny motor ein 16 hk Sabbdisel. Eigar Arvid Vesterås m. fl. |
![]() Bilete av Kalvøy med gavlen "Harald". Foto Harald Leite |
|
«Sjøgutt» (Sigfredgavlen) Bygd i Hardanger 1941 Klinker 32 fot
lang 10,5 fot brei 4 fot djup, Bereevne 50 hl sild. Motor: 15 hk
Union frå 1945. Eigar Sigfred Landøy. Gavlen var open med
styrehus/ruff og lugar forut. Vart utmeld or fiskebåtreisteret
1961
________________________ |
![]() Fjæra i Kalvøy der dei monterte dei fyrste motorane, dei brukte og fjæra til slipping av skøytene for klinking av saum m.m. Bilete er utlånt av Werner Vesterås. |
|
Kjelder:
Olav Vesterås Per Nybø Rune Tistel Håvard Halsøy Sverre Landøy Magnar Landøy Anders Værøy Moritz Værøy Tomas Leite Nils Værøy Henrik Leite Rune Landøy Vermund Landøy Harry Landøy Anna Kjempenes Molly Værøy. Anton Landøy Fredrik Alden Askvoll Bygdebok Folket II B Skøytemuseumet på Lista. Båtar med sjel. (Malvin Toft). Flyfoto frå heimesida Bulandet og Værlandet. Egersund 25 desember 2010. Harald Leite.
|
|
|
|
|