Då er tida kommen for å skjilje lag mylja Bulandet Grendalag, Værlandet Vel og heimesideskrivarane Kurt og Linda.

Det er mange år sidan Kurt og Linda var tilknytta Bulandet Grendalag og Værlandet Vel,
og vi kan ikkje drive på å "late" som at vi er ein del av Bulandet Grendalag og Værlandet Vel i all framtid.

Kurt og Linda vil fortsette å lage ei heimeside frå Bulandet og Værlandet og nærområda; med nyheiter, historiske bilder ellers ka vi finn på i farten.
Adressa til den sida vert: http://www.bulandet-vaerlandet.no/

Domenet bulandet-grendalag.org vil verte overteke av grendalaga, og videre oppdatering av sida vil verte utført av grendalaga, når den tid kjem.

Foreløpig er sidene http://www.bulandet-vaerlandet.no/ og http://www.bulandet-grendalag.org/ ein kopi av kvarandre, og i ei viss tid framøve vil begge sidene verte oppdatert med same informasjon.
Men på sikt vil begge sidene skifte design og gå kvar sin vei.

Så er da viktig å poengtere at dette ikkje vert nokre heimesidersider som kjem til å konkurrere med kvarande, men heller kjem til å utfylle kvarandre.
Da vert tett samarbeid mylja heimesidene, og skilsmissen skjer i fred og fordrageligheit.

Meir info vert lagt ut etter kvart.

Diskusjona i gjesteboka kan leserane berre komme med, kjekt da, og gjerne tips om den vidare vei. :-)
Men sånn sett er alle tips rekna som rettleiande, den vidare vei er som den blir.

Beste helsing Kurt og Linda.