Da er skikkelig fint pynta på borda.

Ikkje berre borda, men heile Floren er er skikkelig flott pynta.

Skikkelig julestemning.

Her er ein ekte Vossa-skalle, røkt og svidd, som ligg å godgjere seg og venta på gjestane.

Og så er da ekstra mykje utav dei skallane vi er mest vant med, flekte og salta. Dei godgjere seg og venta på gjestane dei òg.

Liv i full sving med kålrabistappa, som og høyrer med til eit skjeltebord.

Da er ikkje mangel på detalja når ho Liv styra med noko, til og med øyredobbane er tå rette sorten.

Stearinlysa er og heilt tilpassa ein skjeltefest.

Glasa står klar til gjestane skal komme. Ho Liv hadde ikkje nok glas av same sorten, men ho veit å improvisere den tytta.

Til ein skikkelig skjeltefest høyrer god drikke med òg.

Jardar kjempa med å lage veien framkommelig. Da er godt å ha vetigt brøytemannskap når ein skal ha skjeltefest og da er mykje meir snø enn kva ein er vant til.

Hønene har begynt å tore seg bortom hønsehuset ved Floret att, dei har endelig vorte overbevist om at dei ikkje befinn seg på kveldens meny.

Så har skjeltefesten begynt, og masse gjesta har komme.

So har gjestane begynt å forsyne seg.

Einar Magne har funne seg ein frestande saueskalle, Einar Magne til venstre. Frestelsen i bakgrunnen er ho Marianne.

Oddmund har vore fiskar heile sitt liv, og er vant til å ta raske og rette beslutninga i full fart, på reint instinkt. Men her var da so mykje godt at han må tenkje seg ekstra nøye om, før han hiv seg øve delikatessane.

Her ligg delikatessane på rekke og rad.

Gjestane ser ut til å nyte den gode maten.

Da ser ut som han Arnt Henning er godt fornøgd med maten, og at han har ete mykje.

Ho Liv ausa opp fleire skalla, ditta var noko folk likte. Heimesideskrivaren fekk med seg nokre skalla heimatt òg, og dei var berre ein nytelse å ete. Skikkelig kjekt og godt å smake sånt itte gamalt, jammen lenge mylja kvar gong.

Ho Marianne hjelpte tante Liv under skjeltefesten, og eit sånt flott motiv kan ingen fotograf gå forbi utan å knipse eit bilde eller ti.