Gjengen er klar for England!

I North Morrs Nationalpark er det ca 250 000 innbyggarar. Det var ingen restriksjonar på landbruksdrifta - type drift. Meir på byggeskikk og estetikk. Staten eig eit mindre område for å hindre oppdyrking. Resten er privat eigd.

Her er vi i "Aidensfield". Halve Scripp's Garage var souvenirbutikk.

Bilar som nok er nytta i filmane.

Marita og Egil nyt øla på puben til Gina.

Vi åt lunsj på eit lokalt bryggeri, der dei òg dyrka mykje av råvarene sine.

Mange fine og forseggjorde skilt.

Vi fekk omvising på Rievalux Abbey som er frå 1100 - talet.

Her gjekk vi Nordsjøløype som visst ikkje var Nordsjøløype likevel...Guiden vår hadde "sjumilsstøvlar" og forsvann, slik at Gry og Marita og nokre hestar var igjen! Her spelte vi inn ein ny episode i "LOST".

Middag i Helmsley. Fargen på supa var...tja.. Og middagen beregna på svoltne vikingar, og eplepaien til slutt kunne ta livet av dei fleste. Da va'kje tå småaus'ne...

Vi vart guida rundt i York, og besøkte denne enorme katedralen.

På Jorvik museum var det forskjellige aktivitetar for store og små. Imponerande telaga.

Ein pause i shoppingrunden i York.

Ein koppe med te i England e'kje bere ein koppe med te...

I York stod dar ein reinspikka indianar og spelte "My way" på panfløyte. Vi fekk tårer i augea...da va so fint.

Siste natta budde vi i kloster. Litt spesielt. I allfall når ein går pub-til-pub-runden først.

Her er vi i Europas største handlesenter i Manchester. Ei veke eller tre her so....