Da er ikkje nok å ha advarsel om Gråtass, når all verdens dyr er ute itte hønene mine. Skulle eg hengt opp advarsel om alle skumlingane, så hadde da ikkje vore nok tre i skogen til å henge opp plakatane på. I bakgrunnet eit mett og fornøgd pinnsvin.

Da ser truskyldig ut, men inne i magen ligg to av kyllingane mine. Pinnsvinet prøvde å late som ingenting, mens da spytta ut nokre plagsomme kyllingdun og rapa fornøgd.

Her er dei fire resterande kyllingane bjerga inn i da gamle hønsehuset.

Høna til Eva studera omgivelsane, og såg tydelegvis fornøgd ut.

Kyllingane lir ingen nød i matveien, her er da mais og pommes frites som står på menyen. Men dei torer ikkje ete før mamma, høna til Eva, har pikka på maten og godkjent kvaliteten.

Så er maten godkjent og kyllingane hiv seg i pommes frites'n

Etter middagen passa da med ein liten høneblund, kyllingane har gjømt seg under mamma'n.

Utanom mais og pommes frites, så fekk kyllingane ca. eit kilo åme og makk i løpet av dagen, vel å merke eit kilo på kvar kylling kvar dag. Servering av åme og makk stod barnebarna til Harald Hillersøy for, frå venstre Malin, Dina, Stian og Vilde. Dei grov og serverte heile dagen, so da var ikkje problem å være forskremd kylling når dinna gjengen passa på.