Skottane kom til Værlandet fredags kvelden (Da va vist torsdags kvelden seie ho Astri). Vi grilla i lag med dei på den fine uteplassen til Astri og Helge. Heimesideskrivarinna og Helge prøvde so godt dei kunne å late vere å svi maten. (Og til dei som lurer: Det er eit glas med whisky eg har. Vi fekk ei flaske i gåve frå skottane og då må vi no vise litt respekt!)
Britt, Kari og Wenche laga alt tilbehøret til grillmaten. Dei var skikkeleg flinke! Her set dei og kosar seg i lag med gjengen frå Skottland.
Per Arne, Anne, John Angus, Brendan, Matthew og Peter.
Det var nok Gilde sine grillpølser som fall best i smak hos ungdommane, men jammen åt dei litt kvalkjøt og hjortefilet også!
Audun, Aud Kari og Elin var også med på grillfesten.
Intens konsentrasjon....Legg merke til grillen. Det er sjølvaste "Lille Grille" vi har fått lånt frå Værlandet Karsk og Dart. "Lille Grille" er spesialdesigna til bruk på Veikingkonvoien.