|
|
|
Skottane kom til Værlandet fredags kvelden (Da va vist torsdags kvelden seie ho Astri). Vi grilla i lag med dei på den fine uteplassen til Astri og Helge. Heimesideskrivarinna og Helge prøvde so godt dei kunne å late vere å svi maten. (Og til dei som lurer: Det er eit glas med whisky eg har. Vi fekk ei flaske i gåve frå skottane og då må vi no vise litt respekt!) |
|
|
|
Britt, Kari og Wenche laga alt tilbehøret til grillmaten. Dei var skikkeleg flinke! Her set dei og kosar seg i lag med gjengen frå Skottland. |
|
|
|
Per Arne, Anne, John Angus, Brendan, Matthew og Peter. |
|
|
|
Det var nok Gilde sine grillpølser som fall best i smak hos ungdommane, men jammen åt dei litt kvalkjøt og hjortefilet også! |
|
|
|
Audun, Aud Kari og Elin var også med på grillfesten. |
|
|
|
|
Intens konsentrasjon....Legg merke til grillen. Det er sjølvaste "Lille Grille" vi har fått lånt frå Værlandet Karsk og Dart. "Lille Grille" er spesialdesigna til bruk på Veikingkonvoien. |
|
|