Her i kjellaren i huset hans Oddmund, har ho Bente etablert seg med butikk. Da er flagg på verandaen og alt er klart til offisiell butikkåpning. Helt til høgre, oppe i veien, skimta ein til og med naboen Leif, som kosta og styra på, sånn at da skal sjå fint ut på veien opp til han òg.
Her er skilt som viser veg til butikken. Så er da til og med ein solstol, der ein kan sitte å planlegge alt ein skal handle.
Her er den koselige inngongen til butikken, her kan ein òg sitte å kose seg og planlegge handelen, eller kvile ut etter at ein er ferdighandla.
Ikkje nok med at da er den koselige inngongen til butikken, her er den koselige butikksjefa og, ho Bente.
Ikkje nok med at da er den koselige inngongen til butikken, og den koselige butikksjefa Bente, her er ein koselig kunde òg, han Kristian.
Veronica frå Peru hadde bakt kake til Bente på åpningsdagen. Veronica studerer sosialantropologi og er i Bulandet for å finne ut kor like fiskerisamfunn i Norge er dei i Peru. Ho har no i alle fall funne ut at vi likar kake alle saman.
Kaka som Veronica hadde laga.
Da mangla ikkje på kake til kundane på åpningsdagen, da var eine lekkerbisken føre og hin etter.
Heimesideskrivar Kurt, hadde bursdag same dag, og da hadde ho Bente fått med seg. Ei knakande kjekk jente ho Bente :-) Det var stor god kake med gratulasjon, og til og med motiv frå hønsegården til heimesideskrivaren.
Kurten i full gong med å smake på kaka, og den var skikkeleg god.
Skilt over døra inn til sjølve butikken. Smil til verden og verden vil smile til deg.
Det som står på skiltet stemmer heilt presis, verden i butikken er full i smilande kunder. Her er Gro, Dina Elise og Torunn i full sving med handel.
Her er da ho Katrin, nærmast kamera, som har funne seg noko interessant.
Som ein kan sjå på veska, så har ho Kartin vore på shopping i mote-metropola tidligare ho.
Da er vist noko lite, nett og lekkert ho Katrin har funne tak i. Han Arild går nok ei spennande helg i møte.
Her er da ei fin jente frå Bergenskanten som studerer glaskunst og interiørsaker. Det er so mykje fint å sjå, at ho ikkje heilt veit kor ho skal sjå. Da er ikkje so lett å konsentrere seg med ein innpåsliten heimesidefotograf i nærheita.
Masse fine klede og masse fine kundar.
Her er da Turid som har funne ein flott kreasjon.
Heidi har funne seg eit skjerf, som matcha fint da ho allereie har.
Torbjørn tek livet med ro, og kosa seg med kake. Han satsa på at kona Aud har kontroll med handlinga.
Da strøymer stadig på med nye kundar, her er da Monica som kjem.
Veien er full av bilar som har komme for å handle og studere Bente sin butikk. Her er da Oda som sit i stolen og spekulerer på kva ho skal kjøpe, mens Anne Marie ventar på tur.