Kurt sytte for standsmessig køyretøy til turen. Her har han stoppa for å hente den kvinnelege heimesideskrivaren.
Ferja var i rute og det var berre å stille seg i kø.
Gutta var i godt humør, der dei slappa av i salongen på ferja.
Glimt frå interiøret som er heldt i retro-stil.
Her er det ikkje problem å få seg noko godt å bite i på turen!
Ultramoderne kaffimaskin. Her kan du få både mocca, latte og cappukjino.
Glimt frå den kunstnariske utsmykninga ombord.
Om du legg deg ned på dekk omtrent her...............
........har du denne fantastiske utsikta!
Snart framme på Askvoll. Atløy skimtast i solnedgongen.
Framme på Askvoll
Målet for turen: Askvoll IT-senter.
Ei Lene Gjelsvik i perlehumør møtte oss ved IT-senteret.
Her har vi den flinke fotoarkivaren, Arild Reppen frå fylkesarkivet som var læremeister denne kvelden.
Etter ein kveld med mykje og god informasjon, var det ikkje lett for karane å halde seg vakne på turen heim....
Har du gamle bilete som du vil skal bli tekne vare på ? Kontakt Kurt, Linda eller Rune. Vi skal samarbeide om å legge inn bilete herifrå på fylkesarkivet sin biletdatabase. Denne databasen er søkbar og tilgjengeleg for alle.