Spente spelarar ombord i ferja på vei til kamp

Strategien vert diskutert. Raske gjennomganga i midtbaneleddet mot møtande spissa, og so tek vi resten på sparket.

Jentelaget.Framme frå venste Bente, Julie og Ida. Bak Jaymarie, Wencke og Dorthea

Gutar -96. Framme frå venstre Ivar, Nikolai og Robin. Bak Brian, Tor Arvid, Sindre og Magnus

Gutar -97. Lettare henslengt fremst Tarje. Framme frå venstre Benjamin, Cris Adrian og Bjarte. Bak Johannes, Vemund og Stian.

Her går avspark i kampen mot Dale, Lars Ole frå Værlandet er stødig dommar.

Fyrste målet til gutar -97 har nett trilla inn i nota

Den dyktige lagleiar Bjørg jublar over nok eit mål. Brian og Nikolai er like entusiastiske

Her dundrar Bjarte inn eit mål

Johannes legg inn ett velplassert corner

Cris Adrian og Bjarte spring målretta mot målet til motstandarane

Cris Adrian dunkar inn nok eit mål.

Den einaste måten motstandarane klarte å stoppe Cris Adrian på var ved å bruke ulovlige metodar og høge knottar, men han kom no frå da med helsa nogenlunde i behold.

Johannes fekk her nesten mål, men målmannen klarte å stoppe ballen akkurat på streken.

Enda eit nestenmål. Eit dundrande langskot var nikka til sides av ein Dale pannebrask rett før ballen kom fram til mål.

Da er viktigt å fylle på med næring i pausen.

Jentelaget i aksjon. Ho Bente prøver med eit innlegg so vert stoppa og går til hjørnespark.

Ho Bente legg inn hjørnesparket sjølv, og da er like velplassert som vanligt

Jentene i full aksjon.

Her rullar jentelaget fram nok eit angrep.

Her er da full konsentrasjon for å runde av dei siste forsvararane

Dei siste forsvararane og måldame er finta ut og ballen tryggt plassert i mål, ho Bente kan sleppe jubelen laus.

Her har gutar -96 akkurat plassert ballen i mål. Da er han so ligg som sette ballen i mål, men eg er ikkje heilt sikker på kven det er

Sindre i full fart mot mål

Her står han Sindre i mål, like fjellstøtt som alltid

Ivar og Sindre i fullt driv mot motstander sitt mål. Ballen er ute av bilde so den ligg nok i målnota alt, dissa gutane vant nemlig alle dei 3 kampane dei spelte.

Brian har sendt avgarde eit knallhardt skot som går rett i mål

Sindre fyrer av eit skot i kampen mot Hyllestad, dinna kampen vant B/V 3-0.

Ivrige supportarar på sidelinja. May Landøy i gult var sjefssjukepleiar, so alle spelarane og supportarane var i trygge medisinske hender under heile turneringa.

Her er da vist eit skikkeligt spennande øyeblikk for supporterane. Da er rett før ho Bjørg tømme ut heile kaffikoppen sin i rein fotballglede

Her har da roa seg litt, so supportarane er litt meir avslappa.

Andre supportarar var endå meir avslappa.

Bjørnar frå Bulandet var og myndig dommar.

Trenaren for Bulandet og Værlandet, Bill Steinsvik, styrer laga med myndig hand og høgt stemmeleie

Trenaren Bill "Drillo" Steinsvik roper ut kommandoer. Einaste forskjel frå Drillo er vel støvlane og kansje ein smule politisk ueinigheit. Engasjementet, iveren og suksessen er no da same.

Til og med i kiosken so var Bulandet og Værlandet godt representert, her ved Mathilde.

Enda ei god representantinne frå Bulandet og Værlandet, ho Karinne i hektisk aktivitet med å servere pizza