Her er alle elevane klar til å innlede med songen " Øyarikets vals"

So har dei starta å synge

Her er resten av gjengen, ikkje so lett å få alle med på same bilde.

Kari og Marlene introduserte dei ulike innslaga

1. til 4.klasse sang potpuri av Torbjørn Egner songar

Aud Marit spelte kornett, Nina er korpsledaren hennars og står og dirigerer

8. til 10. klasse syng "Let it be"

Halve 8. til 10. klasse

Resten av 8. til 10. klasse

Bandet Stormblåst spelte " Nothing else matters"

Stormblåst. Frå venstre Karina på keyboard og vokal, Andreas gitar, Vegard gitar og vokal og so Steinar på gitar.

Resten av Stormblåst. Frå venstre Jørn Ståle, Even og Johan på trommer. Heimesideskrivaren har ikkje greie på kva dissa forskjellige gitarane heiter, so han kalla alt med strenger for gitar.

5. til 7. klasse hadde ulike innslag med Jakob Sande i anledning 100 års jubileumet. Her startar alle med å synge "Daniel Davidson"

Vebjørn og Karina las diktet "Fire år"

Wencke og Camilla framførte "Aldri"

Frå venstre Asbjørn, Jostein, Martin, Even og Ståle Cato for framførte "Likfunn"

Camilla og Ståle Cato framfører " Etter ein rangel"

Frå venstre Mariel, Anja, Hanna og Rebecca. Dei framfører "Stubb"

Alle i ungdomsskulen so ikkje har røkt eller snusa heile året deltok i ei trekning om å vinne kvar sin MP3 spelar. Linda og Frida stod for utdelinga.

Jeanette var ein av vinnarane av MP3 spelar

Aud Marit vant og MP3 spelar. Andreas vant og men han er da ikkje bilde av.

So var da 3 lærarinner som slutta i år. Asgeir delte ut avskjedsgaver. Her er Grete og Marit, den tredje var ikkje til stades.

So fekk heile 10.klasse diplom og gode ord på veien vidare av han Asgeir. Dei var kjekke og snille heile bunten, og da har alle tru på at dei fortset med å være og.

So avslutta alle med å synge Jakob Sande sin song "Morgon på Kobbeskjeret"

Etterpå var det kaffe, saft , frukt og masse gode kaker og kjeks

Alle ungane hadde laga kunstutstilling, og her ser ein litt av den.

Ein annan del av kunstutstillinga

Siri og Kristin i full diskusjon om kreativitet, lys, farger, impulsar og andre sånne kunstneriske greier.

Stolte fedre står og diskuterer dissa flinke ungane sine, og sikkert litt anna og.

Eit godt eksemplar på ei stolt mor so har vært på sommeravslutning, ho Bjørg.