30.mars I dag er det søndag og øvelse. Alfred skal være noko ein kalla markør, han skal ligge ute ein stad og liksom være skada. So skal vi andre øve på å bjerge han. Her er Alfred sminka og klar til å være markør

Sverre skal være markør og, Alfred skal være saman med han som trøst og støtte. Da heng ein lapp på Sverre der det står "bevistløs", da er berre noko som heng dar for anledninga og er ikkje ein generell beskrivelse av Sverre altso. Alfred har alt starta simuleringa av å være bevistlaus

Sverre og Alfred har lagt seg på dekk 2 og spela bevistlause begge to. Hardt arbeid, men alt går berre ein konsentrera seg godt.

Alarmen har gått og brannmennene gjer seg klar

Heimesideskrivaren er klar til uttrykning. I handa har han ein koffert med varmesøkande kamera. Med det kan ein sjå folk sjølv om rommet er heilt mørkt og fullt av røyk

Brannmennene har stoppa på dekk 6 for å få nærmare orientering om situasjonen. Anita fortel om kva som har skjedd og kva ho veit, så rykke vi vidare nedover for å bjerge Sverre og Alfred

Sånn ser da ut når ein brannmann har funne deg. Alfred og Sverre kikka opp i dei trygge brannmannsauga til Ole, sjølv om dei er bevistlause .

Ole, heimesideskrivaren og Kyrre har bjerga ut Sverre, og så er da Alfred som vert bjerga ut i trygt område

Tor har fått overlevert Alfred og passa på han til dei kjem med ei båre

Alfred er lagt på båre og Per Arve er klar til å begynne å bære han opp på sykestua

Her er Alfred på vei opp trappa i sykebåre

Heimesideskrivaren, Ole og Kyrre søker vidare i rommet der det har vore liksom-brann. Her ser ein heimesideskrivaren bruka det varmesøkande kameraet

Her har Alfred komme fram til sykestua, Øyvind kjenner etter om det er noko puls å finne på armen til Alfred. Da var ikkje mykje å finne.

Her sjekka Øyvind om da er puls i halsen på Alfred. Sånn generellt sett er da normalt att da ikkje er so mykje puls på sånne bamsa, så Alfred var heilt normal

For sikkerhets skuld så fekk Alfred oksygen. Her steller Lillian og Jon med han. Bak kan ein sjå att Sverre har kvikna til att han og

Jon passa på att Alfred får rikelig med oksygen

Her er Alfred plassert i stabilt sideleie, ein viktig til å lære. Finn ein nokon som er bevistlaus so må ein legge dei i stabilt sideleie, passe på att dei pusta og passe på dei til da kjem hjelp. Men aller først må ein få tak i hjelp.

Øvelsen er ferdig og Alfred hjelper heimesideskrivaren med å skifte luftflaske. Når ein har vore på øvelse og pusta luft frå luftflaska er da viktig å byte til ei heilt full flaske når ein er ferdig med øvelsen. Ellers kan flaska være tom vist ein må rykke ut og bruke den når da er alvor.

So er Alfred tilbake hos vennane sine. Markørsminken er teken av og Alfred er like fin att. Her sit han å skryt litt av kva han har vore med på.

Etter øvelsen er Alfred med Tony og operasjonsleder Jan på sikkerhetsinspeksjon. Da er og noko som vert gjort kvar søndag, i ulike områder. Jan lurer på kva dette rotet gjer oppå dette skåpet. Tony har ikkje noko heilt godt svar på lur, og Alfred er heilt einig med Jan i att dette må ryddast vekk

Søndag er det og test av brannkanoner på helidekk. Alfred har plassert seg på eine brannkanona for å få skikkelig overblikk

Alfred er skikkelig fornøgd med stråla som kjem ut.

Alfred vrir og vender litt på spakane for å sjekke om har får noko spredning på stråla, og han føle seg heilt betrygga. Her virka alt som det skal.

Om kvelden er Alfred med Per Gaute i snekkerbua. Her får han demonstrert korleis saga virka, og masse advarsla om å passe på fingrane sine.

Her prøver Alfred dreiebenken og, før han tek kvelden.

31.mars. I dag starta Alfred dagen med å være med Terje for å teste brannpumpe i akterskipet. Vi har 4 sånne pumper, 2 bak og 2 framme.

Alfred studerer panelet der ein kan styre brannpumpene frå. Dei starta automatisk, men ein må stoppe dei manuelt her

Per Arve viser Alfred ein manuell brannvarslings knapp, den er raud. Det er mange slike manuelle knappa rundt omkring, og dei har forskjellige funksjon, alt etter kva farge dei er markert med

Her er Alfred ved ein grøn knapp, den utløyser Inergen. Inergen er ein gass som kveler brann, utan å kvele folk. Den egna seg godt i tette rom.

Her viser Tony Alfred fleire knappa. Ein svart knapp kalla vi MEI-knapp, som står for Manuell Elektrisk Isolering. Den sler av all elektrisitet i rommet den står på utsida av. Ein gul knapp kallast NAS-knapp, som står for NødAvStengning. Den stenger ned heile oljeproduksjonen. Ein blå knapp løyser ut overrislings anlegget, da vil sei att da kjem til å sprute vatn frå taket over alt i området her. Den raude knappen er som nevnt før, brannalarm

Her er Alfred med Terje heilt nederst og bakerst i båten. Her er eit av inntaka for kjølevatn, da er bra dimensjona på røyret.

Her studerer Alfred ei av pumpene som lyfter kjølevatnet lenger opp i båten, der det vert brukt til nedkjøling av masse forskjelligt maskineri.

So har Alfred teke seg ein tur inn i hydraulikk rommet. Her er pumper som pumper hydraulikk rundt på båten. Stopper desse pumpene så er da ikkje lenge før all produksjon vert stengt ned. Alle store viktige ventila vert styrt av hydraulikk, og dei vil stenge vist desse pumpene stoppa.

Her sit Alfred oppå ei av Metanolpumpene våre. Metanol har ein vel kanskje hørt om i andre samanhenger, men vi bruka mykje av det, av og til. Skal vi stenge ein brønn må vi pumpe ned Metanol i røyret, ellers vil alt i røyret fryse til is og vi får store problem. Metanol er skummelt fordi da er giftigt og veldig skummelt vist da begynne å brenne. Ein ser ikkje flamma og so er da vanskelig å sløkke med vatn, difor har vi ein spesiell sort skum til sånt. Men heldigvis har vi aldri vore borti noko problem sånn sett.

Alfred og Terje er inne i ein kompressor som trykker saman gass til høgt trykk, og presser gassen nedatt i havbotnen. Trykket frå gassen nede i havbotnen gjere då sånn att oljen vert pressa opp. Når all oljen har komme opp, så kjem gassen oppatt etterpå, og då vil vi sende den i røyr nedover til resten av Europa.

Her er eksosrøyret til kompressorane. Alfreden er veldig imponert. Da største eksosrøyr han har sett frå før er eksosrøyret på Hiace'n til heimesideskrivaren

Her er Alfred framfor skiltet som fortel att her er Åsgard A, og so fortel skiltet kor vi ligg

Vi får ikke akkurat smørolje i literflasker, her er Alfred ved ein slik smørolje dunk som vi bruka

Alfred slappa av på ein stor ventil han fant, den står på eit gassrøyr.

So må Alfred studere eine Mob-båten vår, vi har 2 slike. Mob-båt står for mobiliserings båt. Den vert sett på havet dersom da er nokon som fell på sjøen hos oss, eller frå andre fartøy i nærheita. Heldigvis har den berre vore brukt i øvelse hittil

Her er Alfred på turret att. Anita viser han kor olja kjem opp. Inne i røyret ved sidan av dei kjem da olje opp, rett frå havbotnen. Vi har fleire slike røyr. Herfrå går oljen til ein slik separator vi viste i forgårs

Her er Alfred framfor flammebommen vår. Den er vanligvis heilt sløkt. Men må vi stenge ned oljeproduksjonen, so må vi verte kvitt gassen på ein eller anna måte, og då vert gassen ført opp i flammebommen og kjem ut på toppen. For att gassen ikkje skal falle ned på oss, so må vi sette fyr på den slik att den brenn opp der oppe i toppen.

Sånn ser Terje ut når han skal fotografere Alfred og flammebommen, vanligvis so ligg han ikkje sånn og sleng rundt omkring på båten

Her er Alfred heilt bak ved flammebommen og kikka opp på toppen

Alfred og heimesideskrivaren har teke seg ein tur eit stykke opp i flammebommen. Da er ein liten avsats her, der det står ein radar.

Alfred og heimesideskrivaren ved radaren i flammebommen. Vi har tankbåt i dag og, da er "Elisabeth Knutsen" som ligg her no. Da er ikkje mange daga mylja kvar gong vi har tankbåt som tømme oss for olje.Bak kan ein skimte plattforma Åsgard B

Her er eksosrøyret til eine hovedkraft generatoret. Da er endå større enn alle eksosrøyr Alfred har sett hittil.

Alfred ville gjerne sjekke korleis losseslangen ser ut frå dinna vinkelen. Tony er med og held han fast, da bles litt i dag.

Alfred har teke seg ein tur opp i kranen til Nils Harry, for å sjå når han skal losse ein supplybåt. Her held Kåre på å kople til ein sokalla forløper. Da er ein wire'er som ein kopla i kroken, og so kopla ein kontainera og last i denne forløperen.

Fyrst skal Nils Harry hive 2 slanga ombord i supplybåten. Vi skal ha eit kjemisk stoff vi kalla MEG ombord og so skal vi ha ferskvatn. MEG står for noko so vanskeligt som Monoetylenglycol, og da bruka vi i brønnane våre. Ein kan skimte slangen gjennom vindauga

Her har MEG slangen komme ned på dekk. Alfred er veldig imponert over kor flink Nils Harry er til å kjøyre kran

Dei kontainerane som står på babord side skal ombord til oss. Alfred og Nils Harry diskurerer kva slags kontainer som kan være lurast å ta fyrst.

"Viking Queen" er ein uvanlig supplybåt, den har styrehus bak i motsetning til dei vanlige med styrehus framme. Alfred kikker ned på styrehuset, skal tru om dei har bamse dar ombord.

Mannskapet på supplybåten har festa forløparen i fyrste kontaineren. Ein kan og sjå att begge slangane har komme ombord.

Her er fyrste kontainer på vei ombord til oss

Alfred studerer skjermen som viser alt informasjon om krana. Vekta på kontaineren er på 2,2 tonn, og bommen på krana er nesten 28 meter ut i lufta.

So vert kontaineren sett ned hos oss, og no er da Atle som huka av.

Her er ein stor kontainer på vei ombord i supplybåten, Alfred syntes da var spennande å fylje med på dette her.

Den store kontaineren er no plassert heilt inne ved rekka. Alfred og Nils Harry diskuterer løst og fast. Da er Nils Harry som har levert alle hønene som heimesideskrivaren har i hønsehuset sitt. Både Nils Harry og Alfred interessera seg i høne, so diskusjonen går mykje rundt da tema.

Alfred har forlatt krana og teke seg ein tur opp i høgda i framskipet, for å studere lossinga av supplybåten frå ein annan vinkel.

Her er dei samla alle som kjem frå same fylke som Alfred. Frå venstre er Kai Roger frå Naustdal, Rune frå Askvoll, Kåre frå Holsen ved Førde og Svein Arne frå Sunde i Dalsfjorden. Heimesideskrivaren er no frå same fylke og då, men han tek bilde.

Alfred skal reise på land i morgon, og då må han ha med noko som heiter medbringertillatelse. Han har fått og vunne litt av kvart, og da må han ha underskrift frå plattformsjefen om att han har lov å ha da med seg i land. Her underskriv Elisabeth medbringertillatelsen og ein diplom som viser at Alfred har vore her ute.

Dei nye kosevennane som Alfred har fått måtte heim til eigarane sine, sidan Alfred skal reise på land i morgon. Her får Kai Roger bamsen sin tilbakers. Han Kai Roger vil helst være anonym, so vennligst ikkje ert han på nokon måte.

So får Per Gaute tilbakers kosedyret sitt, og gjensynsgleden var stor. Per Gaute må på land i kveld for å gå til tannlegen, men kjem ombord att i morgon.

1. april. I dag skal Alfred reise på land. Her driv han på med morgonstellet, da er best å være ekstra finpussa når han skal heime til kjærasten Mary

Alfred har vore i kiosken og kjøpt seg skikkelig eksklusiv godlukt, som han smør både her og der. Sverre anbefalte denne godlukta, og den skulle vist virke veldig tiltrekkande på da motsatte kjønn, så Alfred smør på i tjukke lag

Alfred er litt usikker på om da er godlukta eller den sjarmerande personligheita hans som er avgjerande, men han er no veldig fornøgd med resultatet uansett. Her kosa han seg saman med Solrunn, mens han sende ein vennlig tanke til Sverre som anbefalte godlukta

Alfred har vore på da siste morgonmøte før han skal heim. Her samla alle som var på morgonmøte seg, heilt uoppfordra, for å ta avskjed med Alfred

Bak eit tøft og maskulint ytre, skjula da seg eit sart og følsomt hjerte i Alfred. Han måtte gråte ein skvett når han har teke farvel til alle dei nye vennane sine. Her sit han med reisebagen pakka og er litt irritert på heimesideskrivaren som tek bilde av han i eit sopass sårbart øyeblikk.

Alfred har sett veska si på vekta før han skal sjekke inn på helikopteret. Ei veske har ikkje lov å være meir enn 10 kilo

Alfred sjekka vekta saman med Sverre, og vekta held seg godt innanfor da som er lov. Her skriv Sverre ut bagasjelapp og gir Alfred innsjekkings kort

Alfred er heilt klar til å reise heim, i god tid før helikopteret skal gå. Innsjekkingskortet har han i handa, og veska er godt merka

Så viser det seg att han som skal avløyse heimesideskrivaren ikkje kom til Kristiansund tidlig nok til å rekke helikopteret, det var vist skodde på flyplassen han skulle komme frå. Dermed får vi ikkje reise på land før i morgon. Alfred står og ser på att passasjerane går inn i helikopteret, og sukka tungt.

Her flyg helikopteret avgårde utan Alfred og heimesideskrivaren. Alfred er skikkelig slakk i buksebaken, han som hadde gleda seg so til å komme heim til Mary og til alle vennane på skulen heime. Underleppa hans dirra godt, men han ville ikkje ha noko snakk om da.

Alfred fekk litt av humøret og livsmotet tilbakers når han fekk skikkelig god trøstekos frå Lillian.Når Lillian skrytte av kor fin han er og kor godt han lukta, so kom resten av humøret tilbakers og.

Om kvelden tek Alfred og Per Gaute seg ein tur i golfsimulatoren. Alfred studerer dinne merkelige innretninga. Ein prosjektor viser ei golfbane på eit lerret. Når ein sler ballen så er det følera som ser retningen og farten på ballen, og ballen dukka opp på lerretet og landa dar ein ville treft på ei vanlig golfbane.

Alfred må prøve ei runde golf med PerGaute. Dei får berre spele mens heimesideskrivaren går og pakka og gjer klar til ny avreise, vi skal sjekke inn klokka 6 i morgon tidelig.

2. april. Tidelig på morgonen klokka 6 er da innsjekk til helikopter. Alfred har gjort seg klar og håper da går fint med heimreisa i dag. Her sit han i luka i resepsjonen og drøser med ein av dei nye vennane sine, Sverre. Alfred syntes da var veldig kjekt å være markør saman med Sverre, og er gjerne bevistlaus saman med han fleire gonger

Her er Alfred og ein av dei som redda han når han var markør, Tor. Dei ser på sikkerhetsvideo som ein må sjå på kvar gong ein skal reise med helikopter. Tor byr Alfred på ei banan, men da er altfor tidelig på morningen til att han har matlyst. Dessutan er han litt urolig i magen av spenning før heimreisa.

Alfred har komme seg trygt til Kvernberget som flyplassen i Kristiansund heiter. Han har teke seg ein snartur fram for å helse på pilotane, men han har ikkje so god tid til å prate for da er kort tid før flyet til Bergen skal gå

Alfred har komme seg trygt fram til Flesland. Her sit han i bilen til heimesideskrivaren. Han gleda seg å komme heim til Mary og alle vennane på skulen, samtidig som han savna alle dei nye vennane ute i havet.

Da var ein nydelig fin vårdag å komme i land på. Her sola han seg på ferja som går frå Leirvåg, rett ved sidan av Mongstad. Alfred kikka bort på Mongstad der mykje av oljen frå Åsgard A vert ført i land, men han ser ikkje nokon av tankbåtane som har fått olje frå Åsgard A mens han har vore dar ute. Da kan no hende tankbåtane har gått andre plassa, då dei går til sånne oljeraffeneri i heile Europa og verden ellers.

Vi stoppa i Rutledal og åt middag hos Maria, mor til heimesideskrivaren. Alfred hadde so mykje å fortelje at da var so vidt han hadde tid til å få i seg mat. Maria var kry av å få ein sopass prominent gjest på besøk

No har Alfred komme til Askvoll, og her ser han fornøgd på att ferja til Værlandet legg til kai

Alfred er sopass vant med båta no att han måtte ha seg ein tur i styrehuset på ferja for å sjå når vi nærma oss Værlandet. Han vart storlig forundra over att Rune viste om alt han hadde opplevd dei siste par vekene, jammen er ditta internett ein flott oppfinnelse.

Alfred har komme heim til heimesideskrivaren. Her kikka han bort på skulen der han høyrer heime sjølv. Han gleda seg til måndag då han skal treffe att alle dei kjekke elevane i 1.- 3. klasse og alle andre eleva han kjenne og alle lærarane. Og so ho Mary sjølvsagt. Dermed er Alfred sin offshoretur over. Da vert sikkert nokre bilde på måndag og, når han kjem heilt heim til skulen. Har da vore ein kjekk tur å oppleve so oppfordra Alfred folk til å skrive om da i gjesteboka, sånn att han har noko å lese på i helga

Alfred og heimesideskrivaren har komme seg heim etter nokre veker på havet. Då kosa dei seg med brus og mimra over reisa til seine kvelden

Her har Alfred endelig komme seg heilt heim til skulen og ho Mary. Mary har fått smykke sitt, og Alfred spandera bamsemums på alle. Han Alfred er litt slapp i skrotten og foretrekke å ha på seg dei kule vernebrillene sine i dag. Da tek på å reise så mykje.

So må alle få lov å kose litt med Alfred som har vore vekke så lenge.

Eva og Alfred deler ut bamsemums, før Alfred og heimesideskrivaren skal fortelje om turen sin.

Bamsemums er populært stoff, og på tavla ser ein litt av Åsgard A.

Berre so da er nevnt så er da heimesideskrivaren som har tegna Åsgard A på tavla, elevane tegna mykje finare enn ditta her. På veggane heng da bilde frå reisa til Alfred.

Både Alfred og Mary får mykje god kos, gjensynsgleda er stor.

1. -3. klasse ville gje noko tilbakers til alle på Åsgard A som har vore så snill med Alfred. Her har dei laga tegningar og tekstar som dei har limt på plakata. Lærarinne Eva har no og vore involvert i den jobben.

Her i kaffikroken på Åsgard A kan ein sjå att den eine tegninga har komme opp.

På storlagskontoret heng da 2 plakatar, her står Jon Atle og Kjetil og studera den eine plakaten

I kontrollrommet har dei fått plakat som Lars og Ola her står og beundrar.

Hotellsjefen Kjell studerer ein plakat som er hengt opp i resepsjonen.

Plattformsjef Lars har fått seg eigen plakat på kontoret sitt.