Skamklyppen sin nye firmabil.

Vi hadde lang ventetid på flyplassen i Aberdeen, så Marianne, Kjellrun, Laila, Marianne og Astri tok seg ein lynvisitt til byen

Fyrste stopp på Shetland var Lerwick og nye Shetland Museum

Museet er enno ikkje ferdig, men vi fekk omvisning likevel (det skal åpne i mai 2007)

Eit imponerande museum! Nokre glimt frå utstillinga.

Vi fekk ei flott omvisning, og det var på sin plass med ei lita gåve overrakt av "byråkraten vår", Trond Ueland

Museet ligg ved den eldste bevarte delen av hamna i Lerwick: Hay's dock frå 1830.

Vi hadde eit kort stopp i Scalloway - basen for Shetlandsbussane under krigen (frå 1942)

Marianne framfor "Prins Olav's slipway" - slippen dei brukte for å reparere båtane etter overfarten.

Til høgre kan ein skimte "Swan" på slippen - seglskuta som var her under Norsjøportehelga 2006

Shetland Jewellery, ei ganske stor bedrift som laga smykke med utgangspunkt i lokal natur og historie http://www.shetlandjewellery.co.uk/

Minnie, Marianne og Astri på ferja mellom Mainland og Yell.

Middagen åt vi på "Wind Dog Cafè" på Yell . Dei hadde pynta med norske flagg til ære for oss - og slikt verte vi sjølsagt ganske rørte av...

http://www.winddogcafe.co.uk/

Vår bupel mesteparten av opphaldet: ungdomsherberget Gardiesfauld på Unst. Ein fin plass å bu.

http://www.gardiesfauld.shetland.co.uk/

Området utanfor herberget.

3 fornøgde damer på tur (men da va travelt, so vi måtte bruke dei anledningane vi hadde til å snike oss til ein lur...)

Julie - our eminent guide!

Her forsvinn Unst i det fjerne i det vi tek oss "over fjorden" med ferje til øya Fetlar. Her er det berre 60 innbyggjarar og den yngste per i dag er 7 år.

Den gamle fraktebåten dei brukte på Fetlar før dei fekk ferje. Den tok med seg det meste - mellom anna kyr og bilar

Tårnet på Brough Lodge, m.a brukt som astronomisk observatorium

Fetlar Interpretive Centre: museum og besøksenter

På Fetlar var vi på skulebenken og fekk høyre korleis Careers Scotland arbeider. Vi hadde og ein workshop utifrå eit av deira prg: Windmills.

http://www.careers-scotland.org.uk/home/home.asp

Fetlar

"Mytteriet på Fetlar-ferja"

Vi vart servert te på strikkebedrifta NorNova

http://www.nornova.co.uk/

Shetlands nordlegaste slott, Muness Castle (bygt i 1598)

Julie tok oss med på rundtur inne i slottet med lommelykt og tilhøyrande skumle historier og lydar:-)

Trolsk stemning: utsikta frå ein av "gluggane" i slottet

Derek fekk oss med til fjells i tussmørket for å sjå på nokre av dyra sine (med ein god porsjon godvilje kan ein kanskje sjå for seg nokre angusar i bakgrunnen)

Middag på Baltasound Hotel

http://www.baltasound-hotel.shetland.co.uk/

 

Astri prøvekjøyrer den fyrste bilen i verda som brukar hydrogen som drivstoff .

http://www.pure.shetland.co.uk/

Mange gode fristelsar!

Dinna kaka e mi; ikkje likk! (Marianne har Fedon-fri veke)

Dei hadde eit lite kafèlokale i tilknyting til sjokoladefabrikken sin der dei serverte fantastisk god sjokoladekake!

Boat Haven museum på Unst

http://www.undiscoveredscotland.co.uk/unst/boathaven/

Skulebesøk: Baltasound Junior High School på Unst. Ein verkeleg flott skule!

http://www.baltasound.shetland.sch.uk/

Ann (svart gensar), som og ver med i Aurland, var ein av dei som viste oss rundt på skulen (ho er lærar der). Rektor i gul skjorte.

Skulen hadde ca 70 elevar. Vi fekk komme inn til dei minste ein tur.

Klassereglane

Elevane viste oss ei bok dei hadde laga ei side i kvar

I kantina på skulen hadde dei dekorert ein vegg med bilete frå turen med "Swan" til Norge i 2006.

Slik hugsar dei besøket på Værlandet Nordsjøporthelga 2006

På skulebenken igjen: Baltasound School Enterprise

Vi hadde mange førelesingar; her Shetland First Steps into Buisness, mykje likt våre etablerarkurs.

Valhalla Brewery

http://www.valhallabrewery.co.uk/

Marianne sjekkar at brygginga går føre seg slik den skal

Laila er meir opptatt av det ferdige resultatet.

Alle fekk med seg smaksprøve - og vi vart ikkje akkurat sure for det...

Middag og social evening på Uyeasound Hall - ein verkeleg triveleg kveld med god mat, godt selskap, dans og moro!

Og - tru da eller ei; vi slo til med svært suksessfull framføring av "Kjerringa med staven" og "Per Spelmann":-)

Julie og Joan diska opp med flott frokost til oss kvar morgon på Gardiesfauld. Her nyt Trond og David den gode maten.

Historia får du i frisørstolen på Skamklyppen...

Det norske reisefylgje på veg til Yell: f.v: Trond, Anders, Gry, Astri, Marianne, Marianne, Laila, Kjellrun og David (eigentleg deltakar frå Scotland, men sidan han var den einaste derifrå var vi ikkje seine om å adoptere han)

Kirkhoull Strawberries. Plasseringa av tunnelane er ikkje tilfeldig: dei må i livda for vinden!

Ekstra søte og gode jordbær pga den lange modningstida i kaldt Shetlandsklima

Gloup memorial. 21.juli 1881 råka ei ufatteleg tragedie Glupe og omegn. 58 fiskarar drukna då dei vart overraska av ekstremt uvêr på veg inn frå fiskefeltet (The Gloup Disaster).

Som om ikkje tapet av ektemenn, fedre og søner var tungt nok, vart enkene pålagt å betale for lasta som var gått tapt då båtane gjekk ned.

Breckon Sands - ei av dei flottaste strendene på Shetland

Ein pensjonert gjetarhund passa godt på "flokken sin" på stranda

James Nicholson viser fram premieulla

Nokre av dei ialt 950 sauene på gården til James og familien hans (Breckon Farm).

Alternativt bruksområde for båt

Our hosts and guides: Julie, Michelle and Minnie. Thank you!

Mid Yell Hall - Her såg vi mellom anna utstilling av Yell Crafts (i bakgrunnen) og Pauline Walsh (til høgre). Hennar flotte ullprodukt kan du sjå her

http://www.paulinewalsh.co.uk/

Middag og social evening i Burravor Hall på Yell. Sjølv om dei hadde straumbrudd verka det ikkje inn på verken matservering eller underhaldning.

Gjengen samla på flyplassen i Sumburgh. På tide å reise heim etter nokre fantastiske dagar på Shetland!

Siste etappe. Marianne og Astri et frokost på Fjalir på veg heim.