Konstanse Tysse og Gunlaug Gillesøy fortel og mimra øve den første delen av historia om badebassenget.
Ein av mange basarar for å samle inn pengar til basseng. Her er bilde frå ein basar i nyeskulen i ca. 1992.
Møte i bassengnemda på midten av 1990-talet. Her har dei møte i eldrebustaden. Til venste ser vi Tore Hillersøy og så Bill Steinsvik.
Her er endå fleire bassengnemd deltakarar. Frå venstre Asgeir Torvanger, Jostein Sandøy, Asle Fedøy, Bente Norheim Hillersøy og so er da sikkert Gro Norheim som sit nærmast.
Atle Abrahamsen er ein kar som var på ferie i Bulandet, og budde i hytta til Tore. Han blei sterkt smitta av engasjementet til Tore og resten av Bulenningane angåande bassenget. Han tilbrakte ferier og helger i 1997 og 1998 med å montere røyrsystemet til bassenget.
Atle Abrahamsen i full sving med å sage plastrøyr i passelige lengde.
Atle Abrahamsen.
Folk i full sving med å støype støtte rundt badebassenget.
Plassering av to brakkeriggar som skulle fungere som garderobe og opphaldsrom. Brakkeriggane vart seinare ødelagt av ein storstorm, heldigvis var dei forsikra.
Da må store maskiner til når brakkeriggen skal på plass.
Her er da Eivind Hjellum frå Norwegian Marine i Eikefjorden som får omvisning av Tore Hillersøy og Asle Fedøy.
Eivind Hjellum vert nøye informert om alle detalja. rundt badebassenget.
I 1998 fekk Norske kvinners sanitetsforening i Bulandet tildelt 165 tusen kroner frå Ekstra-lotteriet til bassenget. I den forbindelse kom da eit TV-team og filma og interjua. Her er da Marit Grepstad og Konstanse Tysse frå Sanitetsforeninga som vert intervjua.
Her er da to av dei største drivkreftene bak badebassenget som vert intervua, Konstanse Tysse og Tore Hillersøy.
Programleiar for TV-teamet heiter Hilde Langseth Folkestad, og her tek ho seg ein prat med Siri Solberg.
Da minna litt om eit bilde eg såg frå lenkegjengen i Altavassdraget, men da er no berre TV-teamet som har plassert han Tore her for å få eit fint motiv til interjuet.
Daniel Fedøy kjempa og slit på dugnad, mens filmfotografen berre er interessert i å filme stein. Bak Daniel trur eg da er Dag Ove Hillersøy som står, og til høgre står Helge Sandøy.
Filmfyren midt i rua med dugnadsarbeidarar, han har ikkje problem med å finne fine motiv her.
Programleiar Hilde Langseth Folkestad fer å rota nede i fjæra, ho leita sikkert etter fine motiv.
Her er TV-teamet på båttur og intervjuer han Tore Hillersøy.
Den største drivkrafta av alle, ho Konstanse Tysse, har kjempa for å få badebasseng i Bulandet i øve 40 år.
Dugnadsgjengen beundrar verket sitt. Frå venstre ein slank Fred Rogne, Håvard Halsøy, Tore Hillersøy, Siri Solberg, Arne Fedøy og ho jenta er eg ikkje sikker på kva heiter.
Frå venstre Siri Solberg, Atle Hillersøy, Håvard Halsøy, Helge Sandøy, Arne Fedøy og Asle Fedøy.
Håvard Halsøy, Arne Fedøy og Atle Hillersøy i bakgrunnen tek seg ein velfortjent pause i dugnadsarbeidet.
Støttemurane som dugnadsgjengen har bygd opp, beint er da og.
Frank Hatlø i full sving med gravemaskina ved bassenget i nyare tid, bildet er vel teke i 2009.
Litt nærmare bilde av gravemaskina.
Ein endå nærmare bilde. Frank Hatlø er konsentrert med spakane så han ikkje skal komme borti bassenget med grabben.
Dagens bassengnemd. Frå venstre Laila Blom, Magni Blom, Bill Steinsvik, Frank Hatlø og Kari Helen Blikås. Gro Norheim og Tore Hillersøy var ikkje til stades under fotograferinga.
Resten av bilda viser litt tekniske dibbedutta rundt badebassenget.