Katten har vore da einaste selskap "Høna til Eva" har hatt siste halvåret.
Utanom kompisen Kurten då.
No er eg og "Høna til Eva" klar til å reise til Fosseheimen Naturpark i Viksdalen i morgen, for å få tak i en hane. "Høna til Eva" er litt nervøs siden det er lenge siden ho har vært borti hane, og i alle fall ingen frå Viksdalen. Eg prøver å berolige ho så godt eg kan, men eg er ikkje sikkert på ka eg skal sei siden eg ikkje er så vant med slike høne/hane ting. Eg foreslo at vi kunne sjå på fjernsyn, slik at ho fekk andre ting å tenke på, og det syntes ho var lurt. Her sit vi og ser på ett komedieprogram og diskutera vitsa vi ikkje skjønna nåke utav.
Eg og "Høna til Eva" er klar til å reise frå Bulandet til Fosseheimen Naturpark i Viksdalen, for å hente en hane til ho. Høna har vore ensom i over ett halvt år, siden en hønsehauk tok alle vennane hennars. Ho både gleda seg og grua seg. Skal verte kjekt med selskap, men ho har aldri vært borti haner frå Viksdalen før, så ho er litt usikker på korleis det går. Det er ikkje berre berre å reise på sånn "blind date".
Når en skal reise på bondegård så må en kle seg etter forholda. Eg stoppa i Førde for å kjøpe meg nokre kle som egna seg til sånt. Fjøs støvlane vart litt store, men eg er no godt fornøgd med hua min.
Manageren min kjøpte hue for å gli inn i bondegårds miljøet han òg. Men vist en skal på hønetur, så trur eg at han valgte feil bekledning. Han er no ikkje så bevandra i kulturelle og sosiale sammenhengar manageren min, som eg er då, så eg lest no berre som ingenting.
Då er eg klar til å køyre frå Førde på isete vinterveia.
Så er eg framme på Fosseheimen Naturpark og helser på ho Karina Hetle Solheim. Skikkelig koselig jente.
"Høna til Eva" får ta seg ett overblikk i hønsegården for å sjå om ho finn seg en kavaler ho ser seg syn med. Da vil sei, at da må no sjølvsagt være gjensidig kjærlighet då.
Det var en skikkeleg trivlig gjeng med høner. Her står vi å diskutera litt sånne høne/hane ting som ikkje egna seg for offentligheita.
Eg syntes denne karen såg ut som å være en fin kavaler, men Gullfasaner og høner passer vistnok ikkje som kjærester.
Eg foreslo denne Påfuglen òg, men "Høna til Eva" såg ikkje ut til å få nokre amorøse tendensa av han heller.
Når Karina kom med denne karen så kom det masse sånne kjærlige hønselyder frå "Høna til Eva", sa han falt tydeligvis i smak.
Karina spørte om ikkje "Høna til Eva" ville ha med seg ei venninne til Bulandet òg. Det kan no være greit å ha ei høne å snakke med og, når den første kjærligheten til hanen går over liksom.
Ei høne meldte seg frivillig med en gang, og var klar til å reise til Bulandet.
Så har eg meg en liten omvisning på Fosseheimen Naturpark. Her helser eg på ei kanin som er skikkelig stor og kosete, ho "Molly"
Her inne i fjøsen er da både esel og hest og kyr, Men dei var så store og skumle at eg torde meg ikkje lenger inn.
Smågrisane "Lucky". "Luke" og "Pumba" var skikkelig sosiale og koselige dyr. Den minste er "Pumba" og den vaks opp hos ei dame i Stavanger, og var vant med å ligge å sove i senga hennars. Når han kom til Fosseheimen Naturpark så vart han livredd for dei andre grisane, sidan han ikkje skjønte at han var gris sjølv. Han trudde han var enn sånn vanlig mennesklig gris som damene pleier ha i sengane sine.
"Lucky" gir labb når ho får mat, vist en spør ho om da. Ikkje lett å sjå her, men sånn er da no. "Pumpa" kan stå på to bein, og "Luke" kan gjere en kunst òg. som eg ikkje huska i farten :-)
Her helser eg på nokre kjekke hestar. Eg huska ikkje navnet på denne hesten, men vi vart i alle fall gode venner. Her fortel han meg en liten grovis om manageren min, som eg ikkje kan referere videre.
Moskusendene var skikkelig koselige dei òg.
Ho Karina har fleire slik lavo`er i naturparken sin. Her skal eg og manageren min inn å kikke korleis da ser ut på innsida.
Jammen hadde ho Karina gave til meg, en heil boks med honning. Eg kan berre anbefale Fosseheimen Naturpark i Viksdalen på da varmaste. Skikkelig godt og varmt var da inne i lavoen òg.
Manageren min var skikkelig fornøgd han òg. Masse gode skjeve med røykelaks og eggerøre, og kaffi og varm sjokolade. Hadde eg ikkje minna han på klokka så hadde han sikkert såte der i lavoen å ete ennå.
Ho Karina er skikkelig kreativ når da gjeld tapetesering på veggane. Her har ho begynt å tapetesere en vegg med ved, og da har ho vist tenkt å fortsette med på alle veggane.
No har eg komme heimatt til Bulandet og har dandert uteplassen til hønsehuset med mais, kinakål og kakebotn. Litt for enkvar smak, får berre håpe at hønsene kjem ut av hønsehuset snart.
For sikkerhet skuld så heng da plakater om den farlige nabokatten. " Høna til Eva" veit om han frå før, men dei frå Viksdalen må no få vite om han òg.
Her står dei og lurer på kem som skal tore gå ut først.
"Høna til Karina" var den første som torde gå ut. Her sjekka ho plakaten om den farlige nabokatten, før ho går videre. Eg syntes å sjå at "Høna til Eva" skubba ho ut, og så snart ho var ute så blei det ett sant spetakkel inne i hønsehuset. Eg har en mistanke om at "Høna til Eva" ville ha hanen for seg sjølv, for da kom typiske høne/hane lyder frå hønsehuset så snart ho her var ute.
Så er alle ute og ser seg rundt. Dei er nok trøtte etter ei lang reise i kvar sitt kattebur. Takk til Eva på Værlandet, Marianne i Bulandet og Aud på Atløy for utlån av bur.
Dei har så masse velkomstmat at dei ikkje klarer å bestemme seg kor dei skal begynne.
Her er dei nye innbyggerane i hønsehuset, bortsett frå han i midten då. Frå venstre ser vi den nye spreke hanen "Kurten", i midten den gamle og utgåtte på dato hanen "Kurten", og til høgre "Høna til Karina".