Dufftown var den først eplassen vi stoppa. Her hadde dei ei framifrå whiskysjappe.

The Head of Business Development and Cultural Affairs of Askvoll Municipality er særs nøgd med vareutvalet.

Jardar lurer på om ein kilt hadde våre nåke...

Nick Halfide fortel om om Grantown woods. Ein skog som landsbyen no eig. Grantown-on-Spey er ein landsby som ligg inne i Cairngorms nasjonalpark.

Dette er elva Spey. Langs denne finn ein alvorleg mange destilleri. Vatnet du her ser kan hamne i whiskyen din før du veit ordet av det.

Columba Hotel i Inverness. Her sov vi den første og den siste natta. (Ok, då, so sov vi kanskje ikkje so mykje den siste natta.)

Astri i perlehumør framfor Inverness Castle klokka 0730 torsdags morgonen. (Fotograf: Linda)

Astri fekk endeleg oppfylt sin mangeårige draum om å poste brev i en slik postkasse.

Ser du monsteret? Den største og mest innbringande turistattraksjonen baserer seg på eit ikkje - eksisterande dyr. Kanskje ein idé for andre?

Ei borg nede ved Loch Ness.

Astri, Erling ,Jens, Olav og Per Arne utanfor Abriachan Community Woodlands, ein skog som er tilrettelagt for ungar, her kan dei lære, bygge, drive med kunst og mykje anna.

Det vart mykje bussing. For å halde motet oppe på dei lengste strekningane, prøvde vi (blant anna) det lokale ølet. Det smakte ikkje særleg godt, men vi fekk no pressa det ned på eit vis.

Fredag sette vi kursen mot Assyntområdet. Fjelltoppen Suilven er et kjent landemerke. Som du ser, ikkje heilt ulikt Alden.

Erling og Roar let seg imponere over "The Iconic View".

Revolusjonære Bill Ritchie fortalde oss om lokalbefolkninga sin lange kamp mot "the landowner" for å få kjøpe området. Skottland har eit svært gamaldags system for jordeigarskap som liknar mykje på systemet med leiglendingar og husmenn her heime i gamle dagar.

"Her va da jaggu remote, also" (Olav Grov). Lokalbefolkninga har laga stiar innover i området. Stiane er tilrettelagde for rullestolbrukarar.

Her kan du gjere ditt fornødne på ein økologisk forsvarleg måte.

Frå venstre: Svein Nordberg, Bill Ritchie, Olav Grov, Per Arne Tveit, Erling Oppheim.

Glencanship Lodge. Dette huset har lokalbefolkninga tatt over frå jordeigaren. Her driv dei utleige og litt servering.

The Secretary of Jostedalen Community og The Agricultural Adviser of Aurland Municipality kosar seg veldig ved peisen i Glencanship Lodge.

Innseglinga til Lochinver.

Julie Ann Mcleod er rådgjevar for ungdom som vil slå seg ned i Lochinver og Assyntområdet.

Hamna i Lochinver med Suilven i bakgrunnen.

Ein norsk brønnbåt kjem med laks frå eit oppdrett utanfor Lochinver. Tidlegare var det mykje fiskeindustri i denne bygda. No vert laksen bløgga, isa ned og sendt med tankbilar sørover for vidare foredling.

Denne mannen har jordomsegling som yrke. Han vil få til ein marina i Lochinver.

I Lochinver finst ei svært suksessfull verksemd som heiter Highland Stoneware Pottery. Denne bilen er laga av potteskår.

Dei som var med.