Her er huset til han Johan, ute i Bulandet. Når han ser ditta synet så veit han at han er skikkeleg heime.

Skiltet utfor døra levna ingen tvil om at her er da mamma Ruth og pappa Øyvind som bur, da er berre å komme seg innomhus i varmen, og til masse god mat og kjekke folk.

Mamma Ruth og pappa Øyvind står klar i døra og gleda seg til han Johan skal komme heim neste gong, dei håpa da ikkje vert lenge til.

Her er døra inn til rommet hans Johan.

Rommet til Johan er klart til å ta imot han, da mangla berre litt dyne- og putetrekk og Johan sjølv.

Da er tydelegvis Liverpool da vert heia på, her på romma hans Johan.

Da er ikkje berre fotball dinna karen interessera seg føre, han har vore innom hjortejakt òg. Ein skikkelig friluftens og villmarkens sønn ditta her.

Nattbordet tyda kanskje ikkje so mykje på friluft og villmark, men da er no fint dandert og klart for dei fleste eventualiteta ein måtte treffe oppi når ein er heime i Bulandet.

Veslesøster til Johan, Anna, demonstrerer korleis Johan lika å tilbringe dagane når han er heime for å få litt velfortjent kvile, itte ei hard økt inne i fjorden. Da einaste som mangla er pusen Artur som pleie kvile i armkroken. Når heimesidefotografen var på besøk so benytta sikkert Artur anledninga til ein liten tur i hønsegården hans, kjenne eg Artur rett.

Bilde av Johan og søstrene, Maria og Anna, omkransa av litt skummel skugge frå ein ellers truskyldig heimesidefotograf. Da er ikkje løye at mamma Ruth og pappa Øyvind har hengt ditta flotte bilde midt i staua.

Mamma Ruth, likkjesyster Anna og pappa Øyvind sit i sofaen og ser på bilde av Johan. Jammen har dei vore skikkeleg heldig med dinnja gutonjen, og dei gleda seg namteda til han skal komme heim på besøk neste gong.

Pappa Øyvind har fått eit hint frå mamma Ruth, om å henge opp litt klesvask. Her føl pappa Øyvind opp hintet, mens han drøsa om at da vert, i alle fall, tredobbelt so mykje å henge opp når Johan kjem heim, pluss at buksene hans Johan pleie være fulle av hol og utslitne omtrent før han Johan kjøpe dei. Men same kan da være, berre Johan kjem heim på besøk snart, so kan buksene være så holete og skitne dei berre vil. Pappa Øyvind har massa klesklype på lur, turkestativet er stort og turkeveiret er godt.

Båten, han Johan pleie kose seg med når han er heime, ligg klar og venta på han.

Johan ytra eit bittelite ønske om å få bilde av butikken i Bulandet på heimlengtarkivet sitt. Her er eit kjekt vinterbilde av butikken og kaia.

Om Johan har lyst å sjå eit lite glimt av butikken, så er da heilt gjensidig. Jentene på butikken, her ved Bjørg, Marianne og Ragnhild, gleda seg storleg til å få eit glimt av Johan òg.