Trenaren Bill og spelarane har samling i botn for å diskutere opplegg og strategiar og anna sånne fotballfaglige ting. I ditta tilfelle so førgår samlinga i botn seg i botnen på den nye ferja "Fjalir", då da ikkje er so månge andre alternativ her.
Spelarane er lydhøyre når trenar Bill fortel om alle dissa strategiane sine
Som vanligt med oss øyabuarane so er da ikkje noko som føregår seg på ein slump, her vert kjøyrestrekninga Fure - Sande planlagt ner te minste detalj
Kiropraktor Siri sørga her for at Cris Adrian er i tipp topp stand til kampane når da gjeld musklatur og sånt
Spelarar og supportarar fordriv tida på ferja te kortspel og fotballfagleg småprat
So har vi komt fram til Sande og den mannlege heimesideskrivaren får i seg litt næring før han starta for fullt med fotografering.
Jentelaget. Bak frå venstre Dorthea, Bente og Monica. Framme Wenche, Ida og Julie
Laget til gutar født i 1996. Bak frå venstre Magnus, Nikolai, Sindre og Robin. Framme Brian, Ivar og Tor Arvid
Laget til gutar fødd i 1997. Bak frå venstre Benjamin, Tarje, Vemund, Chris Adrian, Johannes og Bjarte. Framme Stian
Her har fyrste kampen starta og han Bill fylje nøye med frå sidelinja om dissa strategiane sler til
Her står ho Ida fjellstøtt i mål for jentelaget
Her er jentene klar til fyrste kampen
Ho Dorthea fyre avgårde eit knallhardt skot
Jentene i aksjon med knallharde taklingar og headingar
Dinna kampen trur eg at dei vant 8 -1 , og so ein ser so er innsatsen på topp
Harde duellar framfor motstandaren sitt mål
Wencke driblar av eit par motstandarar
På full fart mot målet til eit av laga frå Hyllestad
Monica går på med dødsforakt, her er da skummelt å være motstandar
Monica har stilt inn høgrefoten og brenne av eit knallhardt velplassert skot
Jentene har fått straffe og Wencke set den knallhardt og utagbart i mål. Dinna kampen vant dei 3-1
Julie herjer med motstandarane
Her er da full innsats
So er gutar -96 i gong, her fyrer Magnus av ei skot som går rett i mål. So vidt dinna heimesideskrivaren har fått med seg tå sånn fotballterminologi so heita da vist å skyte med strak vrist ditta her
Nikolai stod i mål i fyrste kampen
Fyrste innkast, og ein kan sjå ivrige foreldre på sidelinja
Her er da Robin som brukar den strake vrista te å setje ballen i mål
So er da den alltid like energiske og målretta Brian som fyrer av eit skot mot mål
Her er Brian og ein Dale-spelar (trur eg) i nærduell, ballen har gått rett te værs og utanfor kameralinsa før heimesideskrivaren klarte å somle seg te å knipse av.
Her er da han Magnus som tek eit av sine velplasserte cornera
So er da Sindre med eit av sine velplasserte corner spark
Her gratulerer gutane kvarandre med nok eit mål
Robert, nærmast kamera, som er trenar for laget frå Askvoll/Holmedal var voldsomt engasjert te å begynde med, so vart da stillare og stillare og her har han nok resignert heilt
Sindre driblar vekk eit par motstandarar før han sentra ballen vidare
Gutar født -97 i gong med sin fyrste kamp. Den vant dei foresten 7-0
Stian i mål, han beklage seg litt for at da var litt i minste laget å gjere i dinna kampen
So har vi scora nok eit mål te ellevill jubel frå sidelinja
Her er da full innsats
Da er ikkje godt å være motstandar når dissa to gutane er på full fart framøve bana
Her gjer ein alt for laget
Vemund fyrer av eit skot mens Bjarte er klar te å ta returen
Her er da full fokus på å ta ballen, vinnar instinktet er da ikkje noko å sei på
Tarje i innbitt kamp før han litt seinare fyrer ballen i mål
Tarje var skikkeligt i slag i dinna kampen og sånn feira han eit av sine mål
Publikum i ellevill jubel øve scoringa hans Terje, til og med den ellers so beherska trenar Bill set i nokre ubeherska jubelskrik
I mylja kampane so veit øyabuarane å kose seg, so sagt tidligare so er da ikkje noko som foregår på ein slump her. Bak i bilen står kakefata hinna Eli fint dandert til alle sin store tilfredsstillelse
Her ser ein litt av kamparenaen på avstand. Heimesideskrivaren drista seg ein tur opp i skogen for å ta bilete før han i full fart måtte nedatt for å smake litt meir tå kakene til ho Eli.