Her ser du ein modell av Bulandet. Den er so snedigt tillaga at da er berre å trykke på ein knapp med navn på, så lyse da på rett plass. Mykje godt arbeid bak denne modellen.

Ein del av kjøken utstillinga. Dette kjøleskapet frå tidlig 50-åra, eller deromkring, virka enno. Teorien er at da virka nettopp på grunn av at da er so gamalt, dei laga ting for å virke i dei dagar. Da er vel heller tvilsomt om nokon av dagens kjøleskap vil virke om 50 år.

Litt av utstillinga som viser leiker frå gamle dager, heilt tilbakers frå 1920-30 talet.

Ungane på skulen har laga bilder og modellar av Berte og Hansine

Skulpturane av Berte og Hansine som ungane på skulen har laga. Fotograf Siri Landøy

Spanande visualisering frå ulykka der Berte og Hansine fekk redningsmedalje for innsatsen sin. Modellen er laga av Kristin Nikøy og fotografa er Siri Landøy.

Her set sjefa sjølv, ho Liv Gjørøy, og koser seg med litt niste mellom øktene

Her set Wencke Sandøy og passer bilettkontoret. Bak viser ein del av bilda over alle Bulendinger sortert på øyer.

Da er mange som er vakter og guider, her er da Synnøve som tek bilett. Sommaren 2008

Sommaren 2008. Jofrid diskutera alle dei gamle tinga med Lilly Landøy.

Her er ein tru kopi av ei sildesaltings bu som stod i Bulandet. Ingolf Fedøy har laga bua, og Kristin Nikøy har laga arbeidsfolket

Her kan ein sjå nokre av figurane som "jobba" i bua, og som Kristin har laga

Her er modeller av mykje rart som har med fiskeri å gjere. Litt for ein kvar smak.

Inngangen til fredsutstillinga. Her er bilete og forteljingar om dei frå Bulandet og Værlandet som var med å sikra freden.

Her er den orginale preikestolen til kyrkja, den stod i kyrkja fram til 60-talet. Presten er ein av dei figurane som ho Kristin Nikøy har laga.

Her er to av omvisarane, Jorunn Nikøy og Håvard Halsøy, dei kan du spørje om alt du lurer på i Temaparken.