|
|
|
Her har vi den vordande pokalvinnaren. Ho klarer ikkje heilt å skjule gleda over at pokalen no endeleg er innan rekkevidde. No kan ho endeleg nyte fruktene av ein vår med mykje hardt arbeid og intenst fokus på fotball. |
|
|
|
Her står Arnt Henning klar med den gjeve premien. Ikkje tvil om at den er verd slitet! |
|
|
|
Med pokalen fylgjer naudsynt førstehjelpsutstyr. Som de kanskje hugsar, var det Gry sin son, Bjarte som vann pokalen i fjor og det kan verte trangt om plassen på kommoden heime i staua. |
|
|
|
Dei lyt nok oppgradere poleringsutstyret sitt heime, så det er godt at det fylgjer poleringshetter med i premien. |
|
|
|
Han Arnt Henning var av den (sjølvsagt feilaktige) oppfatninga at hell var ein faktor som spelte inn når ho Gry vann pokalen. Difor la han med nokre flaxlodd i same føret. |
|
|
|
|
"Eg kan nesten ikkje tru det" var Gry sin kommentar. "Gratulerer!" sa ein rørt Arnt Henning. |
|
|
|
"Smask!" |
|
|
|
Gry polerer pokalen med varsame hender. |
|
|
|
"Åh so blånke og fine" |
|
|
|
So var det tid for å teste flaksen. Sigersropet let vente på seg og loddet hamna i laurdagsbytta. |
|
|
|
|
Jarl fekk æra av å trekkje..... |
|
|
|
...og kven sitt lodd var det han drog opp or bøtta om ikkje sitt eige? Den mannen har gullhår ein viss plass. |
|
|
|
Ho Elin fekk jobben som skrapeassistent. Det viste seg å vere lurt, for trur du ikkje at........... |
|
|
|
....fyren for heim at med 75 kroner i rein gevinst! Snakk om flaks! |
|
|