Ho Ingunn Skeide er den som skal ha æra for at da blei noke treningsstudio her.
Formanna i Bulandet Grendalag, Heidi Kjempenes, i fullt driv i eit eller anna apparat som ikkje eg veit kva heiter.
Skrivaren Kurt Rutledal i same apparatet. Ikkje fullt so elegant, og han er no av den oppfatning at heile apparatet er meir som eit sjølvmords-instrument å regne.
Heidi i elegante steg i gåmaskina, ho har skikkelig dreisen på desse apparata.
So er da skrivaren Kurt igjen. Da går på lykke og fromme i gåmaskina og, men bevegelsane er ein smule meir kontrollerte.