På dette hotellet i Grantown - on - Spey åt vi lunsj den første dagen. Tomatsupa her er veldig varm.
Her er det han Nick som snakkar om Cairngorms Nationalpark.
Nick fortel om Grantown Woods.
Her har vi sjølvaste urskotten. Han heitte Hamish til og med. Han var sjef for Abriachan Community Woodlands. Han har og staben hans har gjort mykje for å legge til rette for auka artsmangfald og aktivitet i dette gamle granplantefeltet.
Her er nokre av kunstverka som finst i Abriachan Community Woodlands.
Ein butikk bak hotellet i Invernes.
Nokre skottar kan synge.
Her er vi ved starten på løypa i Assynt. Skuleungane har laga stilige skilt som syner kva området kan brukast til.
Ein lærevillig gjeng.
Den lærevillige delegasjonen.
Hm....lurer på kvifor eg kjenner meg so heime? Veldig fin molo dei hadde her...Skikkeleg godt nordaråk. Akkurat passeleg kaldt..
Det er denne mannen som eig og driv Highland Stoneware Pottery.
Næringssjefane i Askvoll og Luster sette pris på kreativiteten til Highland Stoneware Pottery, men dei lurte på om det ikkje var ein del kranglar rundt middagsbordet som kunne ha resultert i so mange potteskår..
Her er vi på Beinn Eigh Field Station i Kinlochewe (kinlochjui). Dar drakk vi kaffi òg.
Jardar og Per Arne ved inngongen til Beinn Eigh Visitor Centre.
Han Roar takkar ho Mary Gibson fint for hennar bidrag om Scottish Natural Heritage sitt arbeid.
Loch Torridon Hotel. Her åt vi lunsj. Ei veldig interessant kålrabisupe.
Frå Sheldaig. Her driv dei eit prosjekt som skal berge sjø-auren. Dei har tilsett to biologar på heiltid. Før vi kom hadde dette Visitor-centeret hatt 90 besøkande, så dei var veldig glade for å sjå oss.
Sjø-auren sin syklus.
Vi va ganske flinke å høyre itte....
Nokre var meir interesserte enn andre...
Her er vi i Strathcarron. Ho Helen Murchieson (ho med brillene) frå Lochcarron Community Council snakka om local issues. Vi synst ho at ho kanskje bør sjå "Life of Brian". "Always look on the Bright Side of Life..."
Fantastisk flinke ungdommar frå musikkskulen i Ullapool. Dei spelte skotsk folkemusikk og song på gælisk. Imponerande!
Denne dyktige dama heiter Vanessa Halhead. Det er ho som er koordinator for prosjektet.
Askvoll med dei nye vennane sine. Minnie Movatt frå Shetland og ein mann frå universitetet på Isle of Skye. Han skal komme til Askvoll og studere jordbruk. (Eg truk'kje han må drye da for lengje..)
Per Arne og Jardar kosar seg med middagsbordet.
Per Arne overrekkjer ein telysestake frå Landøy Steinindustri til vår framtidige samarbeidspartnar, Minnie Movatt (nei, eg trur ikkje ho i slekt med Harry Mowatt) frå Shetland.
Roar Werner Vangsnes og Minnie Movatt.
Her er vi i Lochinver og det er tid for "takktales".
Sundags morgonen og vi er på shopping. Trøtte, men likevel ved godt mot...