"Hillersøy" let nota gå rett søraust av Hovden. 24.02.09

Nota har komme i havet og da er klart for snurping. "Sjarmør" ligg og lure. Dei fekk seinare pumpe seg full frå "Hillersøy", som fekk nok sild til seg sjølv og to båtar til.

Andre har alt fylt seg opp og er på vei for å levere fangsten.

Snurpebåt rett nord for Hellarneva.

Fleire sildebåter sør i Buefjorden

Ein båt får pumpe sild frå ein annan, rett sør for Bjørnøybåane.

Da er full aktivitet nordapå landet og.

Seinare seig silda endå nærmare fastland, her er da sildefangsting i Aldefjorden. 26.02.09

Ferja må snirkle seg mylja sildebåter inn mot Askvoll.

Den mannlege heimesideskrivaren, med broten fot, og onkel Tias med kols og tette blodårar bestemte seg for å sette 2 makrelgarn for å få nokre bytter sild som dei kunne henge til tørking. Først fekk vi ei sild.

So fekk vi ei sild til. Skikkelig stolte av å ha fordobla fangsten.

So bar da til den 25.02.09. Garna låg på botnen på morgonkvisten, trakkande fulle i sild. Da vart tøffe tak for heimesideskrivaren med broten fot, og Tias med kols og tette blodårar. Vi sleit og drog, so måtte vi berre skjære garna tvers av når båten blei så full at vi held på å sekke.

Her er innhaldet på ca. 1/3 makrelgarn. Vi måtte skjære garna i småbitar for ikkje å gå til botnen sjølve.

Tias står og lurer på i kva slags ende han skal begynde. Alt du ser her er litt under halvparten av fangsten.

So var da å få renske silda ut or garna. Da var lite med ei sild og ei til, men da vart i grunn verre med so mykje som det her.

Audun Grepstad var ein av mange som kom for å få seg litt sild. Han hivde seg i båten for å hjelpe til med silderensking mens han mimra øve då han var på sildedriving i dei harde 50-åra.

Slik ser ein sildefiskar med broten fot ut. Skal tru kva dei på sykehuset kjem til å sei når dei kjenne lukta av gipsen som skal fjernast i morgon.

Dagen etter var Olsundet trakkande full av sild igjen, og måsen held ei sværa leven mens dei meska seg med sild. Den mannlege heimesideskrivaren og onkel Tias bestemte oss for att vi ikkje skulle sette ut meir garn iår, og neppe til neste år heller.