|
|
|
|
|
|
|
|
|
Her har eg akkurat komme frem til Selja Forlag. Da sat ein fyr dar som eg ikkje har hørt om før, han hette Trond. Vi var litt skjeptiske og skjemde for kvarandre til å begynne med. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Da viste seg at han Trond leiger kontor hos Selja, og at han jobba med olje òg, han er nemlig geolog. Vi vart snart gode venner og hadde masse oljegreier å prate om. Ein støvandes kjekk kar han dar Trond i grunn. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Her er eg innom kontoret til Anne Britt, ho kjenner eg godt frå før, so ho veit eg er ei støvandes kjekk jente. Stor og fin dataskjerm, med flott bilde på, har ho òg |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Han dar sjefen på Selja Forlag, Torkjell, var eg litt skjeptisk til, eg hadde ikkje nåke tru på at han hadde greie på bamsa og sånt. Her lurer eg med nett bort til glasruta, inn til kontoret hans, for å sjå korleis sånne skumle forlagsjefa ser ut. Men jammen oppdaga han meg. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Da viste seg at han dar Torkjell ein støvandes kjekk fyr han òg, han trudde til og med at bøker om koselige bamsa ikkje var da verste ein kunne ha på trykk. Ikkje nok med da, han hadde ei bamsefrøken på kontoret som eg kunne få helse på. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Her har eg, bamsefrøkna til Torkjell, og Grethe sett oss ned for å begynne å lese korrektur. Grethe har eg hørt masse fint om, so eg regna med på førehand at ho var ei støvandes kjekk jente, og da var og jammen og. Bamsefrøkna til Torkjell var foresten ei støvandes kjekk bamsefrøken ho òg. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Her er eg og manageren min, Kurten, og Grethe, heilt klare til å lese korrektur. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Ein god del tima seinare har både manageren min og Grethe begynt å henge med haue, da er i grunn slitsomt å styre med sånn korrektur. Men so snart eg hørte at manageren min blei for trøtt til å krangle med Grethe om ting ho mente burde kuttast ut, so brumma eg iltert i bakgrunnen. Då våkna manageren og begynte å krangle vidare, so da hjelpe å brumme litt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Eg må innrømme at eg bleit litt trøtt på slutten eg òg. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Når manageren min, Kurten, og Grethe endelig vart ferdig, så tok eg eit raskt øveblikk på korrekturen for å sjå om eg kunne godkjenne da. Eg må berre innrømme at eg ikkje orka sjå øve alt, men da er no viktig å vise litt autoritet, sånn at dei som jobba for meg skjerpa seg litt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Jammen hadde ei god venninne frå Bulandet Skule komme ned på Selja Forlag for å helse på meg. Da var godt å få kose litt med Janne etter ein lang og travel dag. |
|
|
|
|
|
|
|