|
|
|
|
|
|
|
|
19.03.11 Da første eg gjorde når eg skulle sjekke sykehuset i Førde, var å kjøpe meg ei doktorveske, berre liksom for å virke litt meir autoritær og tøff på ett vis. Så var eg i kjelleren på sykehuset, hos husøkonomen, for å få sydd klær som stod i stil til både meg og doktorveska. Eg skjønna ikkje kva ordet autoritær betyr, men han manageren min sa at da var lurt å sjå sånn ut.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
19.03.11 Her sit eg i resepsjonen på sykehuset for å fortelje at eg vil sjekke heile bygningen frå topp til tå, mens eg prøver å være så autoritær og bestemt som eg berre kan. Da var ikkje hjelp i å tøffe seg, skulle eg sjekke bygningen frå topp til tå, så måtte eg få nåke som heiter autorisasjon og så måtte eg få ett identifikasjonskort. Eg skjønte ikkje alt, men forstod no sopass at eg måtte gå til ein plass som heiter "Innskrivning". |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
19.03.11 Her er eg på "Innskrivning". Eg har allerede oppdaga at eg ikkje får sjekke sykehuset frå topp til tå med autoritær og tøff stil, så no prøver eg meg med skikkelig råsjarmering. Men da hjelper ikkje da heller, ho Tone må sjekke meg på data'n seier ho. Eg håper da ligg nåke på dinna data'n hennars, som seier at eg er snill og grei, og skikkelig autorisert til å sjekke sykehuset frå topp til tå. Så får eg berre håpe at ingen skjønna at eg ikkje forstår kva ordet autorisert betyr heller.
|
|
|
|
|
|
|