Gideon er enno sjef i den noko reduserte hønsegarden. Han har fått ei glefse øve halepartiet han og, men på rein trass set han restane av halefjøyra til værs når folk eller høner ser på. Når han skal sove og ingen ser, heng alt nedøve i ei syrjeleg utsjåande slufsa.
Valla stakkars vart omtrent kledd heilt naken av den galne turisthunden som var her i påska. Ho er utan fjøyr på heile bakstussen, og liknar mest på ein slik broiler ein finn i frysedisken på butikken. Men ho et og spasera rundt, så eg har ikkje hjerte til å avlive ho, får berre sjå korleis da går med stakkarsa.
Stakkars Valla, ho er ikkje som ho var i sine velmaktsdager. Før var ho sjefshøna og no er ho skambeten og halvveis broiler. Men i motsetning til navnesystra si so er denne Valla audmjuk og forsagt etter all rundjulinga ho har fått.
Her er dei siste hønene i hønsegården. Gråstjert, Valla og Gideon. Dei er forskremte og held seg mest i hus, men kjem tillitsfullt trippande når heimesideskrivaren kjem med mat til dei. Da er stort sett berre han dei stoler på no til dags.
Gideon likte godt å henge på ryggen til Valla og gjere haneting før i tida, og Valla likte i grunn oppmerksomheita sjølv om ho kjefta litt av og til. No når Valla er fjøyrlaus bak, ser da ut som Gideon synes ho har vorte litt for vulgær for han. Da er spennande med da som ein so vidt skimta, men når ein ser alt så er liksom spenningen vekk. Ikkje ulikt andre hanndyr innanfor pattedyrslekta.
Anjelina stakkars vart ikkje berre sjåandes ut som ein kokeklar broiler, ho vart ikkje sjåandes ut i da heile tatt. Her har lausbikkja verkeleg teke seg laus i gastronomiske og patologiske studiar. Stakkars Anjelina.
Klukki fekk mat hos heimesideskrivaren klokka 2 om ettermiddagen. Då var ho glad og fornøgd og såg på heimesideskrivaren med da mest kjærlige og fornøgde hønseblikk da går an å oppdrive. Klokka 4 såg da slik ut i hønsegården.
Da var berre ein liten åpning inn til hønsegården, men da var nok. Ein hønsehauk hadde rett og slett komme seg inn, ribba Klukki og tømt ho for innmat og ellers alt vedkommande hadde lyst på. Onkel Tias har sett ein mystisk fugl i nærheita, og han kjente den att som ein hønsehauk når han såg same sorten på fjernsyn.