Astri og Silas fann tonen med ein gong.
Silas fant seg godt til rette blant dei fine jentene på lærarrommet. Vanligvis er Asgeir einaste hanen i korga her, men Silas trivdes godt med å være stedfortredar.
Etter kvart kom da so mange fine jenter inn på lærarværelse, at da var best å plassere Silas i transportkassen hans, før han begynte med noko utagerande adferd.
Eva er ikkje spesielt glad i fjørkre og heldt seg litt på avstand. Silas kom og so bardust på ho Eva stakkars, at da enda opp med gåsegud og hjerteklapp på dei begge to.
Den omsorgsfulle mannlege heimesideskrivaren sjekka opp i hjerteklappen til Eva. Egentlig vart han so oppteken med å kjenne itte, at han har gløymt om da var nokon hjerteklapp, men da får han berre sjekke oppatt i ved ei seinare anledning
Tias var hjelpesmann under transporten av Silas, til Værlandet. Tias lurte fælt på kor pappøskja kom frå, da var so mange ukjende navn på øskja.
Silas har komme fram til hønehuset hos Astri. Føtene hans hadde sovna under transporten, so han raga rundt nokre sekundar før han peiste ut gluggen i bakgrunnen for å sjå kor han hadde havna.
Ei natt i ei pappøskje og ein tur på lærarrommet hadde tydligvis virka inn på hormonane til Silas. Han hivde seg i aktiv og utagerande hønekurtise med da same.
Itte aktiv og utagerande hønekurtise smaka da godt med litt mat. Hønene sprang i hus for å få fred mens Silas remja som han aldri har gjort før. Silas såg ut til å være svært fornøgd med sin nye heim, so får vi håpe den nye heimen er fornøgd med han.
Her er dei to nye innbyggarane i skogen på Vadøyna. To kalkuna utan navn enno.
Kalkun nummer 1 er antageligvis hann, sidan den er størst. So har den lenger og meir raud hals. Den mannlege heimesideskrivar har ikkje meir vet på kalkuna, enn at da godt kan hende da her er ei stor langhalsa hokalkun.
Kalkun nummer 2 er mindre av vekst og har ikkje so utprega "kalkunhals".
Kyllingane har vokse seg større og har overlevd alle fire. 2 av dei har begynt å få kam, so da er trulig at da er 2 haner og 2 høner. Men da er enno for tidelig å sei da sikkert. Kyllingane er navnlause enno og, so da er berre å komme med forslag.