Gudstjeneste på Pollmyra.

Gudstjeneste på Pollmyra.

Gudstjeneste på Pollmyra.

Da var fullt av båtar og folk ved Værlandet Båt heile sundagen.

Reidun og Wenche hadde ein travel da med å selje folk kaffi, svele, lapskaus og anna folk ville fylle magen med.

Synnøve er alltid i godt humør. Heimesidefotografen knipsa ho akkurat når da såg ut som om ho hadde ein kyssetrut på lur til han, nett noko slikt ein sleten heimesideskrivar treng på ein sundag føremiddag.

Bill og Sissel si fiskesuppe var populær mat.

Vegard og Bård Leite held på med å stemme instrumenta og sjekke teknikken før dei skal sette igong med å lage fin musikk.

Instrumenta er stemde og teknikken sjekka, Vegard og Bård er i full sving med underhaldninga.

Ivar og Jostein sel DVD'ar med film som 10.klasse har laga. Ein eminent DVD laga av nokre eminente 10. klassingar.

Folk kosa seg, og var like smilande å blie heile gjengen.

Rivedal & Co laga flott stemning på sundagen og.

Malvin nyt dagen og.

Heimesidefotografen vart svolten og, her er Reidun i full sving med ause opp mat til han.

Ved Værlandet Fiskeredskap ligg da flust opp med båta og.

Både gamle og unge nyt livet i da fine veiret. Per Nybø har mange kjente å snakke med, eller so flørta han berre litt med damene.

Klara Nybø, kona til Per, er ute og nyt livet på sundagen ho og. Her manøvrera ho seg trygt og sikkert ut av folkemengda.

Karoline Rogne og Maria Naustdal slappa av i sola. Litt slitne etter dansen kvelden før, men like smilande og sjarmerande for da.

Her er da klart til hesteriding, da mangla berre nokon oppå hesten. Heimesidefotografen veit ikkje kva mannen heiter, men hesten høyre no til inne på Værlandet Ride og Aktivitetsgard i alle fall.

Så har hesten fått ein liten kropp opp på ryggen, og dei er klar for tur.

Eva loser hestekjøyrarar og hestar trygt langs vegen.

Andholmen, båten som var med på Englandsfarten under krigen, ligg ved Værlandet Båt og.

Ruth har seg ei lita befaring ombord i Andholmen.

Dimitrij, like smilande i dag og, har stand med russisk rødbetesuppe, "bortch" heiter suppa på fagspråk.

Målfrid, Trond og David kosa seg på kaia.

Heimesidefotografen måtte berre zoome inn litt, noko finare enn ei smilande Målfrid er vel ikkje å oppdrive for ei kameralinsa.

Mange sat å kosa seg på kaia. Her er Janette og Anja frå venstre, dei to andre er ukjende.

Ungane naut livet på kaia og flytebrygga, dei herja på og kaga ikkje so mykje på dissa foreldrene som kjefta og ropte om at dei skulle være forsiktige. Torstein og Janne er dei einaste heimesidefotografen kjenne av dinna gjengen.

Da hjelpe ikkje om da ligg gamle flotte skøyte med 50 Hk Rubb eller lystbåta i 5 millioners klassen ved kaia, da er slike farkosta som da her heimesidefotografen lika sjå på.

Per Nybø er stadig bortom flotte jenter for å flørte litt.

Da gjekk rykte om at Jarl dreiv på å bruke penga. Heimesidefotografen heiv seg rundt, og kom fram i tide til å bevise tildragelsen. Her ser ein Jarl som nett har kjøpt seg lapskaus.

RIB-båten gjere seg klar til dagens siste tur. Da har gått i ett, med fulle turar heile dagen.

Randi Fedøy sit og ventar på at RIB-båten skal verte klar for tur.

RIB-båten er full av folk og klar, men fyrst må føraren ha seg litt mat itte ein lang dag.

Forutan RIB-båten so var da andre ting som fanga blikket og kameralinsa til heimesidefotografen. Ein fin sundag ved Værlandet Båt da her.

RIB-båten kjem sigande og heimesidefotografen vert litt forvirra kor han skal fokusere kameralinsa.

Heimesidefotografen veit å konsentrere seg om jobben sin, og har funne rett fokus. Her har båtføraren ei lita briefing til passasjerane sine før dei set full fart mot sør.

Briefinga er ferdig og dei set full fart sørøve.

Heimesidefotografen putla seg heimover med båten sin, men sør ved Bjørnøyna kom RIB-båten tilbakers i full driv.

RIB-båten i full fart mot heimesidefotografen.

Da ser ut som dei kosa seg skikkeleg ombord.

So tek RIB-båten seg ein liten krusedull på sjøen. Dei skal sikkert tøffe seg litt for dinna tøffe heimesidefotografen i sin racerbåt, ein dårleg vedlikehaldt, 30 år gamal 14-fotar med 9.9 Hk Yamaha.

RIB-båten på veg inn Bjørnøysundet.

Heimesidefotografen kjørte forbi RIB-båten, utan store problem, for å få eit fint motiv. Eit fint motiv vart da, med masse glade folk.

So gav RIB-båten full fart, og forsvant i ei åskekave nordover under Olssundbrua, mens heimesidefotografen putla seg heimatt med 9.9 hestaren sin.