Ved veien på Hillersøyna står ditta skiltet her, da er berre å traske sørover stien herfrå so finn ein damene.

Her er da laga til so folk skal kunne kose seg med betasuppe seinare på kvelden. Damene kan ein sjå i bakgrunnen

Her er plaketten som fortel om damene og redningsdåden, forhåpentligvis er teksten lesbar på biletet

Plaketten og damene som venta spent på kveldens begivenheita

I Sengskjera er da gjort klart bål til kvelden

Damene beundra bålet som er gjort klart og so mimra dei sikkert litt øve gamle dager

I Temaparken er da Kathrin som tek imot, like smilande og blid som alltid

Øyvind og Kristin har laga ein skulptur som rekonstruera redningsdåden

Her er ei gave som ei av damene fekk frå kapteinen på "Gunger"

I Floren står ei smilande og blid Margrethe Henden Aaraas klar til å servere kaker og kaffi og anna godt

Marianne og Dagmar sit og koser seg med kaffi

Ingun Dahlin hadde salsutstilling med mange flott skulpturar

Kjell Stig Amdam hadde salsutstilling med bilete

Kunstnaren Amdam og Liv Turid pakkar ut og heng opp kunst

Grethe hadde besøk av ei venninne, som og kosa seg i Floren.Ho heiter vist Silje og var so smilande,blid og fin at heimesideskrivaren berre mått ta bilde av ho

Aud Kari har sitt seg ut ei spennande kake som ho må smake på

So har kvelden komme og ein har begynt å gjere seg klar til fakkeltoget

Gerd og Randi er i strålande humør som vanleg og er klar til å gå i fakkeltog. Dei ser litt uklare ut, men da er no dinna heimesideskrivaren sin feil, han har ikkje helt har fått dreisen på dinna nye svære telelinsa si enno

Bålet i Sengskjera er tendt og damene står å beundra da

Per Vidar sjekka at da er lyd i høytalarane, og att lyden berre består seg av vellyd

Jau da, no er Per Vidar nøgd med lyden og stemninga ellers

Her kjem fakkeltoget sigande sørover

Sveinung Fristad åpna merkeringa med trompet-spel

Siri held ei engasjert og knakande god tale, og ho var ellers konfransier under markeringa

Per Vidar spelar "Havet"

Karen Melvær heldt tale

Aud Kari Steinsland heldt tale

Nokre trubadurar frå Gaular spela flott musikk Heimesideskrivaren fekk ikkje med seg navna på trubadurane i farten

Ei jente, som heimesideskrivaren ikkje veit navnet på, sit og føl nøye med på kva som skjer på scenen.

Nokre gutar koser seg i lyset frå faklane, og so er da no spanande å prøve å lage eit lite bål og då. Heimesideskrivaren veit ikkje kven den fyrste er, men ellers ser ein Tarje og Nicolai

Ingolf er like sprek som alltid

Da var skikkelig fin stemning med faklane i mørkna

Øyvind, Anna og Ruth kosa seg under markeringa

Da kom litt regn etter kvart, men da gjer ingenting. Anbjørg er godt kledd og har paraply so da kan berre regne so mykje da vill.

Knut Halvard har sikra seg med paraply og lommelykt, og han såg ut til å storkose seg under markeringa

Andre har sikra seg med gode klede og nokon å kose seg ekstra godt saman med, Trond og Alette

So er markeringa ferdig og heile gjengen kjem togande mot matstasjonen kor tid som helst. Eli og Liv kjemper og kaver for å få alt klart, og da klarar dei sjølvsagt

Katrin auser suppe til alle som vil ha. No vart da ikkje fleire bilete, for heimesideskrivaren vart altfor oppteken med å ete betasuppe