Innspel til kommunedelplanen for Bulandet.

Målet med ein arealdelplan for området vårt må vere å fremje busetnad og næringsutvikling

Vi ynskjer at Bulandet innanfor markert sirkel på kartet skal reknast som eit byggjefelt/hamneområde. Der skal det vere lov med heilårsbustad og næring. Óg i strandsona.

Området kring Nikøy og Gjørøyneset er eit eigna område for djupvasskai og bør vere ein kombinasjon mellom bustad og næring. (HO)

Områda merka med F er friområde vi ynskjer å ta vare .Desse friområda gjeld: Fjøre på Kjempeneset , Gjørøy og på Nikøy. Klettane og Lykta på Gjørøy, Halsøyhågen på Halsøy, Statuene på Hillersøy.

Mykje av strandsona innan dette området er utilgjengeleg og vil ikkje kunne nyttast i samband med bustadbygging. Grunneigarane vil ikkje bandlegge områda, då ein veit lite om framtida med tanke på mellom anna vindkraft og maritime næringar.

Fritidsbustader/heilårsbusetnad/næring  har vi konsentrert rundt Melvær, Sandøy og Bjørnøy, Dette  må sjølvsagt vere opp til grunneigarane.

Det må opnast opp for næring knytt til reiseliv eller maritimt bruk i Bronkja og Kvaløy.

Det er vanskeleg å tenkje langt fram i tid og umogeleg å forutsjå framtdig utvikling. Reknar med at planen vert rullert kvart 4.år og at ein då får høve til å komme med endringar i planen.

Så langt er dette dei innspel vi har fått frå folk i bygda og ein del grunneigarar, dette skulle vel og vere ei oppsummering av folkemøtet vi hadde 28.mai.

Reknar og med at de har fått ein del innspel frå grunneigarar i Bulandet.

MVH Bulandet grendalag
Leiar: Heidi Kjempenes