Kvifor fylkesveg 365 Værlandet - Bulandet har fått namnet
Nordsjøporten

 

Alle vegar med respekt for seg sjølv har eit namn. I alle år har vi kalla ein veg mellom
Værlandet og Bulandet for ”Nordsjøvegen”, men då dette prosjektet endeleg kunne realiserast,
så var namnet allereie brukt på ein veg sør med Haugesund.
Vi lyste difor ut ein namnekonkurranse blant innbyggjarane i Værlandet og Bulandet våren 2003.

Kriteria vi gjekk ut frå, var som følgjer:

Den nye vegen må ha eit namn, og då snakkar vi ikkje om det arbeidsnamnet som Statens
Vegvesen nyttar i dag, men om eit namn som lokalsamfunnet er fornøgd med, og som kan
nyttast til aktiv marknadsføring av øysamfunna og vegprosjektet. ”Nordsjøvegen” og
”Atlanterhavsvegen” er brukte sør og nord for oss. Tanken bak desse namna er nok å knyte
relativt lokale vegprosjekt opp mot internasjonalt kjende geografiske namn. Poenget med eit
slikt vegnamn må vere å bygge ein medieprofil som er lett å selje både nasjonalt og
internasjonalt.
Vegnamnet må avklarast snarast råd slik at det kan aktivt nyttast i
profileringsarbeidet fram til opningsdatoen.
(Utdrag av referat frå planleggingsmøte i ”vegopningsnemnda” 03.03.03)

 

 

Det kom inn mange gode og fantasifulle forslag.. Dei 3 forslaga som kom til "finalen" var

1)       Vestervegen

2)       Shetlandsvegen

3)       Nordsjøporten

 

Etter høgtidleg diskusjon og avstemming i ”vegopningsnemnda” blei vinnarnamnet

Nordsjøporten.

 

Grunngjeving:

·            Vi har alltid kalla vegen for Nordsjøvegen, dette namnet inneheld også Nordsjø-

·            Namnet er lett å bruke i marknadsføring.

·            Gjennom porten kan vi komme ut i verda og inn mot fastlandet og Fjord-Noreg

·            Port tyder hamn på engelsk

·            Bruene kan likne portar

 

Som jury-medlem Per-Vidar Nybø sa då han høyrde namnet:

"Et sjikkele gått namn! Da va akkurat ditta eg ikkje kom på sjøl!"

 

 

Vinnaren vart Jardar Melvær. Premien var å skrive ein prolog til opningsfesten.
Det gjorde han ikkje, men han gjorde i høgste grad sin del av arbeidet, både til vegopninga
17. desember 2003 og til vegfestivalen 2. – 4. juli 2004. Blant anna laga han fleire av
songane (og songarane…) til revyen 2. juli.

 

 

 

          

 Logoen til Nordsjøporten

 

Er forma som ei bru som er knytt saman med sjømannsknop. Ideen som ligg bak, er å
fokusere på at det no er to bygder som er knytte tettare saman (Janne Nes frå Leikanger
har laga det grafiske designet for oss). Diktet til Oddbjørn Hillersøy frå Bulandet seier dette
på ein fin måte:

 

BRU OVER DJUPT VATN

 

Det går eit gammalt band mellom bygdene våre,

fletta med sjøvatn og kuling.

No skal tampen flettast på ny

med stål og stein.
Men lat oss sjå til at banda over sjøbårene

ikkje berre er knytte i kald betong, men òg

i menneske.