Den nye kroa i Værlandet Gjestehamn vart opna fredag den 3. juni

Den nye kroa er moderne og stilig, og ein har klart å vare på bygningen si historie som verkstad gjennom mange artige detaljar, som påhengsmotoren som heng på bjelken under taket.

Ordførar Aud Kari Steinsland framheva Gry og familien sitt tålmod og deira stå-på vilje for å få prosjektet i hamn.

Klar til offisiell opning

Folket på øyane syns det er stas med den nye kroa.

 

I tillegg til kro og pub finst det i Værlandet Gjestehamn ein god marina, eit sørvisbygg med dusj og vaskemaskin/tørketrommel og ein liten verkstad.

Værlandet Gjestehamn driv òg overnattingstilbodet i Værlandet Gjesteheim. Bygget er utleigd til Bulandet Fiskeindustri fram til fellesferien.

Les meir