Nordsjøløypa på Værlandet
Tekst
og foto: Siri Landøy
På
Værlandet er Nordsjøløypa lagt i den gamle skulevegen frå Myrevåg til
Værlandet.
Ivrige entusiastar har opparbeidd løypa, og laga skulptur-vardar langs ruta.
Løypa er godt merka, og ein kan starte både frå Værlandet, nær fergekaia og frå
Myrevåg,
nær avkjøyrsel til Loran-C-masta, med avstikkar til Høgkletten om ein vil.
Fredag
16. juli gjekk Rolv (69) og Astrid (65) Landøy saman med Rolv si syster
Lilly (78) Gulbrandsen løypa og
fotograf Siri Landøy danna baktroppen.
Både Rolv og Lilly hugsar godt at denne vegen var i bruk då dei var skuleungar,
sjølv om deira skuleveg frå Landøy til Værlandet gjekk litt lenger nord.
I styggever gjekk dei ofte saman med dei frå Myrevåg noko av vegen, for å
hjelpe
kvarandre over dike og myrar, det var ikkje alltid så lett når ein var 7-8 år
og måtte
hoppe frå tue til stein i tresko. Dei hadde sokkebyte med seg og hengde frå seg
våte
ullsokkar i ei løe nær skulen.
Ta
gjerne turen i Nordsjøløypa på Værlandet!

Nordsjøløypa
er godt merka.

Parti
av Nordsjøløypa, med Høgkletten til venstre.

Om
lag halvvegs ligg Strykejarnet, kvilesteinen som liknar eit strykejarn. Frå
venstre set Lilly, Rolv og Astrid.

Ein
slepp bli våt på føtene når ein har slik ei fin bru!

Vardane
er nett som skulpturar å sjå!

Nær
Værlandet fergekai går løypa i ein fin furuskog.

Undervegs
passerer ein idylliske Sylvøybotn. Alden i bakgrunnen.

Etter
turen smakar det godt med varme vaflar i kaffikroken hos Værlandet Handel.
Lilly og Rolv har gode minne frå skuleåra på Værlandet.