Referat frå styremøte i
Bulandet Grendalag mandag 04. juli 2005
Møtet var ett formøte før fellesmøte mellom Bulandet Grendalag og
Værlandet Vel same kveld. Referat frå fellesmøte
finn ein her.
Deltakarar frå Bulandet Grendalag: Heidi Kjempenes, Frida Melvær,
Anne Britt Sandøy,Randi Fedøy,
Eli Solum, Arne Fedøy,
Kurt Rutledal.
Sak 1: Fellesmøte med Værlandt
Vel, og oppsummering av Nordsjøporthelga 2005.
Frida og
Anne Britt har gjordt ein
kjempejobb med , pluss alle andre gode hjelparar.
Det var
stor suksess og flott vær. Utstillarar var og godt
fornøgd.
Neste år
er da snakk om rullering med marked på Værlandet lørdag og søndag i Bulandet.
Grendalaget er einig om at det går fint an å rullere.
Skal grendalaget arrangere eller skal det være ei nemd?
Litt
diskusjoner rundt temaet. Det er mykje arrangering på
få hauer, og man kan fort gå i
metning med å bidra til so mykje dugnadsarbeid.
Rullering mellom laga vil nok bidra til at
arbeidsmengden vert meir spredd.
Nemd
bør bestå av ulike organisajoner og næringsliv, mens grendalaga bør ha ei overordna
rolle. Første helga i juli må være fast dato og årvist
for festival.
Det er
viktig at dette tjener bygdene og at det ikkje skaper
splid mellom bygdene.
Sak 2: Valg
Valnemd
må velgast. Eksisterande valnemd
vert spurd om å ta gjenvalg
Nye varamedlemmer må velgast. Per Arild, Frank og Jardar vert spurd
Sak 3: Rutetilbud
Ingenting
avgjordt enno.
Grendalaga skal få være med på å uttale seg, og det er viktig at dei er samstemde.
Rutene som vert avgjordt no
vil vare i 8 år. Må starte opp i løpet av seinsommer/ høst.
Sak 4: Heimeside
Sponsormidler
må gå inn på eigen konto som heimesideskrivarane har
tilgang til.
Sak 5: Lydanlegg
Har fått tilbud på 30 tusen, koster vistnok 47 tusen
i utsal. Viktig at utstyret kan brukast
både inne ute, og er mest muligt anvendelig. Heidi
har saka,
Sak 6: Studietur til York.
Studietur
til York i 22-september. Representanter frå bygder,kommune
og Jensbua.
Muligens ein liten eigenandel. Må bestemme seg raskt. Det treng ikkje nødvendigvis være
nokre
frå grendalaget som reiser.
Sak 7: Bygdeutviklingsprosjekt.
Kan søke
om å være forskningsprosjekt. 3 bygder skal forskast
på.
Skal vi
søke på dette? Ein
skal prøve å finne meir ut om dette.
Sak 8: Fjerning av miljøavfall.
Kontakt
Heidi ho formidler dette videre.
Sak 9 : Breiband.
Skal komme i løpet av høsten.
Sak 10: Mobildekning.
Skal være
i orden i følge Telenor. Men det er ikkje vi einig om. Skal etterforske status.
Sak 11: Eventuellt
Grendalaget må sende skriv til soknerådet angåande gravplassen. Gravplassen i Bulandet
må utvidast. Planlegging og arbeid må bli prioritert.
Sekretæren skal forfatte eit brev til soknerådet om saka.
For meir utfyllande informasjon om
sakene så kom det ein del meir
info i forbindelse med
fellesmøte med
Værlandet Vel same kveld.