Referat frå styremøte i Bulandet Grendalag onsdag
5.mai 2004
Sak
1: Liggekai i Alden.
Heidi, Astri og
Vårdal skal til Førde i møte 18.mai.
Det er snakk om at
det skal bygges ny kai i Alden, men at denne kun skal brukes som
liggekai og ikkje
brukes i rute.
Sak
2: Rutetilbod i Alden for fastbuande og turistar.
Her må ein få klart
for seg kva bebuarane i Alden ønskjer.
Når det gjeld
turistar må dette samordnast med Jensbua.
Sak
3: Samferdslemøte 1.juni på Værlandet. Atløysambandet.
Venstre har arrangert
møte. Liv Henjum og Harald Lindvik, Venstre,skal være der
og rådgiver
Bjørklov fra Samferdselsdepartementet.
Møte kl. 1700 på
Værlandet.
Sak 4:
Omklassifisering av fylkesvegsamband.
Det skal skrives
klagebrev for å få klassifisert vegsambandet Værlandet-Bulandet til
riksveg.
Grendalaget skal
skrive brev til HRU før 1.juni.
Sak
5: Veglys.
Det skal arrangeres
tombola og muligens lykkehjul den 3. juli i forbindelse med
vegfesten. Inntekta
herifrå skal gå til veglys.
Må klargjerast
korleis ein får tak i gevinster og lodd.
Eva Solum skal
kontaktast om ho vil være behjelpelig her.
Det er overført kr.
10000,- frå driftskonto og inn på veglyskonto. Står att 20 000,-
i lån. Det skal
gjerast innspell på å få lavere rente på lånet.
Sak
6: Asfaltering.
Asfaltering står på
prioritert liste, men det er ikkje penger til det ennå.
Sak
7: Måling av bruene.
Det er missnøye med
at bruene blir stengt uten varsel ved måling, det er dog åpnet
litt før og etter
ferjeankomster.
Det bør setjast inn
fleire ressursar for å verte raskare ferdig.
Sak
8: Vegfest
Frå fredag den 2. til
søndag 4. juli vert det vegfest.
Fredag skal det være
revy på ca. 2 timer og pubkveld.
Kafe skal være open
heile dagen, bortsett frå i den tida revyen går.
Kafe og aktivitetar
om dagen blir i Bulandet, revyen blir i Værlandet.
Lørdag er det marknad
på Fiskeindustrien 1100-1500.
Luftambulanse og
redningsskjøyte skal være der.
Kunstutstilling i
Fiskerheimen heile dagen.
Familiedans pluss
vanlig dans om kvelden.
Dagtid i Bulandet,
dans på Værlandet.
Søndag blir det
gudstjeneste i Værlandet.
Ellers er det høve
til riding,kajakk padling og tur på
Værlandet.
Det skal også i denne
forbindelse søkjast på ein bygdepris til 25000,- kr.
Sak
9: Drosjeløyve.
Alle er einig om at
det må være eit tilbod der man kan ringe etter drosje skyss.
Eit fast løyve blir
det nok ikkje. Ein må søkje om løyvefritak.
Sak
10: Eventuelt.
Det skal delast ut
blomster til Marit Grepstad på vegne av Saniteten 17. mai.
Dei har gjordt masse
god jobb.
Utekontor for
legekontor kvar 14. dag er lite brukt. Folk reiser til Askvoll i staden for.
Ferjematriell. Det er
viktig med hensyn på turistane at ferja som skal brukast har
salong oppe.
Det har ikkje ”Dalsfjord” som er tiltenkt å traffikkere her ute.
Med hensyn på
turismen er det også viktig at rutetidene for ferja vert klar tidligare.
Skilting av busstopp.
Her må ein søkje om løyve for å setje opp busstopp skilt.
Det må vurderast kvar
dei skal stå.
Turistinfo er litt i
det blå. Kven skal betale? Turarrangørane , her ved Jensbua, må betale.
Dei kan ikkje
forvente at alt skal gå på dugnad.
Ein viss pågang av bubilar
må ein rekne med til sommaren. Kvar skal dei stå, og
korleis skal dei kvitte seg med søppel og septik?
Plassen ved
fiskeindustrien der veg- barakkene stod blei nevnt som ein høvelig
oppstillingsplass for
bubilar. Søppel- og septiktømming må klargjerast beire.
Suvinirar. Butikken
skal selje T-skjorter med flott motiv av Alden i solnedgang.
Det skal også seljar
krus med bru-knute logo’en. Gunnlaug Gillesøy har fått
kopi av logo’en då ho
skal ha denne på suvinirar også.
Skal søkje kultur og
næringskontor om støtte til reklamematriell.
Email til butikken i
Bulandet er: nikoy.bulandet@ngbutikk.net